torsdag 30. november 2017

Mjuk


er ordet denne veka i
utfordringa til
Sanna i Gemsweeklyphotochalleng

 Det mjukaste av det mjuke
er den flotte skinnfellen som

Ottar fekk til 70 års dagen sin i fjor
frå mor si og syster og bror med familier

Initialane hans står i kanten
Ottar Inge Kaldhol


om sknnfellen eg fekk på min 65 årsdag,
og om  Kari Indreeide Grimstad
som laga dei fantastiske skinnfellane.






tirsdag 28. november 2017

Ein fryd å sjå


Ein kan ikkje late att auga
når ein køyrer gjennom
Bjørkedalen


ein søndag ettermiddag i 
slutten av november


Speglinga av sol på snødekte fjell i
Bjørkedalsvatnet 
er til å miste pusten av.







lørdag 25. november 2017

Utøya



I Innlegget
skreiv eg om helga i Oslo,
der me var gjester på Landsmøtet til 
FLT
(Forbundet for Ledelse og Teknikk)
Søndagen var det alternativt program for
gjestar frå utlandet og tidlegare tillitsvalde.

Det var tur til
 Utøya

Det tok 1 time med buss frå Oslo til Utøya i Tyrifjorden.
Skyssbåten Torbjørn 
tok oss over til Utøya som ein ser i bakgrunnen.
Det var regn og tunge skyer låg over terrenget,
eigentleg passa det godt til sinnstemninga 
som me etterkvart kom i.

Hovudhuset på Utøya.
På øya har titusenvis av ungdom valt å bruke
feriedagane til å lære om og jobbe for 
demokrati, likeverd og solidaritet.
I låven er utstillinga som fortel om den lange
politiske historia.

Først vart me tatt med til Torget,
det praktiske hjartet av Utøya.
Der er spisesalen,møterom,
bibliotek, konferansesal og toaletter.
Denne bygninga sto ferdig 2015.


Hegnhuset skal minne besøkande om øya sin mørkaste dag
fredag 22. juli 2011
Denne dagen vart
AUF sin sommarleir angrepen av ein
høgreekstrem terrorist.
69 leirdeltakarar, dei fleste under 20 år,
vart drepne.
I tillegg vart mange skada.
Hundrevis av ungdom symde ut i Tyrifjorden
og vart redda av heltemodige menneske på fastlandet.
Hegnhuset, namnet som betyr å hegne om,  er bygt 
rundt Kafèbygget
som var hjartet av Utøya.
Her var møteroma, spisesal og kiosk,
bygget der alle ungdomane
hadde ei tilknytning.

Sjå på bygget !
Hegnhuset betår av 69 kraftige søyler som strekker seg heilt opp.
Ei søyle for kvar av dei som vart frårøva livet sitt.
Omkring desse står 495 utvendige søyler og
hegner om minnet til dei døde.
Desse søylene symboliserer kvar og ein av dei overlevande,
dei som ber på tankar og minner frå denne 
dagen resten av sitt liv.

Eg må vedgå at klumpen i halsen vart større og større
over det eg fekk høyre og sjå.
Eg tenkte på nabojenta vår som var der.
Ho berga seg med å ligge i vatnet under ein bergnabb
til ho i lag med fleire symde til fastlandet.
Då me fekk sjå ein lang vegg i kafèen
dekt av ei utstilling som fortel historia om
22. juli 
var det med tårevåte augo eg studerte
tidslinja på veggen som viser
tekstmeldingane som gjekk mellom livredde ungdomar 
og pårørande  denne fredags ettermiddagen.
Orda er plassert inn i ei tidslinje der ein får 
samanheng når meldingane koplast til hendingane rundt omkring
på øya i desse timane, og til det som skjedde på fastlandet. 
Dette er kjelder utan filter. Det er orda frå dei som 
var der då.

Dikt av Frode Grytten juli 2011

Lysningen
Minnestedet etter 22. juli
består av ein stor samlande sirkel på ei høgde av øya.
Frå dei høge furutrea rundt lysningen heng ein stålring 
1,5 m over bakken.
På denne er namna på dei som blei drept på Utøya 22. juli 
stansa ut.
Ingen  namn kjem først eller sist.
Minnestaden er eit vakkert, verdig, roleg og varig sted for 
 ettertanke.
Ei sterk og fin oppleving var over.
Eg har slite med å finne ord til eit blogginnlegg om 
inntrykka eg fekk denne dagen, 
Utøya rommer så mykje
historie både ei mørk og ei lys side.
Eit besøk der er både godt og vondt. og noko
ein vil hugse i lang tid.
Kvart år besøker tusenvis av menneske Utøya,
både norske og utenlandske.
Særleg viktig er det at ungdomar
får høve til å lære og diskutere kva
demokrati betyr i kvardagen.

Om du vil kan dul lese meir på






tirsdag 21. november 2017

Godis


er ordet i utfordringa til
denne veka

Minibakeriet i Nordfjordeid har mange 
gode bakervarer.
Eg er alltid innom butikken når me
skal på hytta.
I tillegg til bakst i mange varianter har dei mykje
kortreiste eksklusive varer
i hyllene.
I dag såg eg desse spennande
eskene med godteri.


Fint å ha med ei eske turglede
når ein skal på skitur...



eller 
karamellkos og lakrislykke...









onsdag 15. november 2017

Langsmed Akerselva


Ein av dagane eg var i Oslo fekk eg lyst til å
gå tur langsmed Akerselva.
For nokre år sidan gjekk me heile turen på 9,8 km
frå Maridalsvatnet og heilt ned.
Då tok me trikk til Kjelsås og fann fram til stien,
og hadde interessant omvisning av ein
lokal Oslomann.

Denne dagen gjekk eg åleine, starta langt nede, frå
 Vaterlandsparken like ved hotellet der me budde.
Måsane kosa seg i det fine veret.

Dessverre tok eg ikkje bilde av
Vaterlands bru, men gjekk over
den og ned på stien langsmed elva

Vakre Hausmanns bru

Vakkert å sjå på elva og omgivnadane rundt,
mennesker spaserte, sykla
sat på benkar, kosa seg.
Harmoni


Kulturkirken Jacob ligg i
Hausmannsområdet.
På høgre side trur eg viser hus
på Grünerløkka.


Eg forstår at ikkje langt unna er
BLÅ, konsert og skjenkestad i ei 
gammal industribygning i 
Brenneriveien ved Akerselva


Eg trur dette området
må vere veggkunstnarane sitt mekka..




Eg svinga over brua til Blå
på andre side av elva.

Turen langsmed elva avslutta eg her.
Etterpå rusla eg i gatene 
tilbake til hotellet.
Ein avslappande og herleg tur.

Det kjem eit innlegg seinare med bilder av
Graffitiveggane i Brenneriveien.











mandag 13. november 2017

Kunst


er ordet i utfordringa til 
Gemsweeklyphotochallenge
denne veka

Kunst kan vere så mangt

som det fine gelenderet
eg såg i Oslo



lørdag 11. november 2017

Oslo

Mannen min og eg var gjestar under
FLT sitt landsmøte
i Oslo sist helg.

Kvart fjerde år er me så heldige å
få vere med på dette fordi
Ottar var nestleiar i forbundet nokre år.

Me budde i Oslo  Plaza

For meg som er så opptatt av fin utsikt
var det flott å nyte synet frå
romet i 23. etasje,
her mot sør.

Mot nordaust.

Eg var ikkje med på alle møta,
men var mellom anna på 
Kaffibrenneriet,
der smakte eg på to sortar kaffi.
På vegen dit fekk eg tak i  
magasinet =Oslo som eg alltid kjøpe
når eg er i Oslo.

Gjestemiddagen var på Hotell Continental.
 Krabbesalat til forrett,
Dampet Villkveite til hovudrett
og Multer til dessert.
Fantastisk måltid.

Eg lika meg godt i Oslo og ser alltid
fram til neste gong eg skal dit :)
Det kjem fleire innlegg om opplevingane mine.








torsdag 9. november 2017

Mønster



er ordet denne veka i 
utfordringa til 

Eg var i Oslo i helga og brukar motiv
derifrå til utfordringa.


Eg var ein tur innom Husfliden.
Der kunne eg nyte fine mønster både på klede
og andre tekstiler.


På gata sto Sjakkbrikker klar for å bli sett 
i rett mønster

Flott mønster pryder skråninga langs trappa og gangvegen 
til Galleri Oslo.






mandag 6. november 2017

Bursdagstavle


I vår familie er det farmor som har oppgåva 
med å passe på at det blir sendt bilde
med tilhøyrande helsing til lokalavisa
når barneborna har bursdag.
Det har blitt nokre helsingar i løpet av dei 17 åra.
Nokre fleire familiemedlemer blir 
også hugsa når dei har rund dag.

Etterpå klippe eg dei ut og heng dei på 
ei tavle i gangen


Her heng det lag på lag med bilde/helsing.
For meg er det kjekt sjå at når dei er her på besøk
stoppa dei opp og leita på tavla,
diskutera korleis dei såg ut
i den og den alder.
Artig og enkel måte å glede andre på.







lørdag 4. november 2017

Svarthyllbær


I år er året då bæra på 
Svarthyllen har modna og får
henge i fred for fuglane.

Ein kan sjå tre med bær mange stadar,
iallfall her i kommunen.

Bæra er dekorative,
men også nyttige.



Eg tenkte å plukke meir bær for å lage
saft eller gelè,
men det vart med tanken.
Eg kom på at eg skulle sjekke om me hadde
brukt opp alt eg laga i
2008 då det også var mykje bær på trea.
I kjøleskapet i matboda i kjellaren sto framleis

Hyllebærsaft
 og

Hyllebærgelè.

Eg opna eit glas
Hyllebærgelèn smaka godt,
Eg trur den skal bli brukt.

Det minner meg om at mat tillaga under hygieniske forhold
og hermetisk lukka held seg i årevis !


For mange mange år sidan laga eg saft av 
Hylleblomsten.
Ei frisk saft med sommarleg smak.
Men eg har ikkje bilde av den.









torsdag 2. november 2017

Tjukkelestar


 Eldstesonen Andrè er sjukepleiar og jobbar
ofte om natta.
Då lika han å ha varme lestar 
i opne sko


Eg strikka dei av restegarn
etter blant anna dei grå under.

som han fekk i vinter.

Garnet er:
Mellanraggi frå Järbo
Eg strikka etter oppskrifta som står
på bandet rundt garnnystet.

Andrè lika godt lestane :)

Med det same eg var i farta strikka eg 
eit par ankelsokkar.
Kjekt å ha på lur til å gi vekk.
Desse ga eg til Ruth, tremenning frå Kanada 
som var her på besøk.