onsdag 22. mai 2019

Meir flagg


Ordet er 
Flagga
i utfordringa hos Sanna denne veke.

Det er berre eit par veker sidan eg 
hadde innlegg om 


I dette innlegget har eg funne fram til 
bilder i arkivet.

Me var i Arnhem då
Kongedagen i Holland blei feira 27. april.
Då er det flagging og fest, kanskje likt
slik Norge feirar 17. mai.

Flagget på ferja vaier
framfor Ona fyr.

17. mai i bygda vår i fjor,
med korps og bunadskledde folk.

Ærverdige Volda kyrkje










torsdag 16. mai 2019

Blomster i Keukenhof Park


Den store turistattraksjonen Keukenhof Park er eit 
stort hageanlegg i Holland, ikkje langt frå Amsterdam.
Parken er kjent for sine vakre tulipaner og andre vårplanter
dei to månadene den er open.


Tulipaner i fine farger og ulike fasongar.









Store åkrar ute på landet,
der tulipaner blir dyrka og etterpå planta i 
parken.

Å besøke denne parken var ei stor oppleving.







mandag 13. mai 2019

Statue

Staty - Statue
er ordet i Sanna si utfordring denne veke

Mannen min og eg var nyleg på 
Blomstercruise i Holland.
Siste dagen gjekk me rundt i 
Amsterdam.


Eg fann ikkje ut namnet på den store flotte statuen
i sentrum av byen.


------

Det blir mykje reising med oss i mai.
Denne veke skal Ulstein Mannskor med ektemakar 
til Dublin og feire 17. mai der.
Eg gle meg.

For nokre år sidan var me i Dublin der eg tok bilde av
statuen av Molly Malone.
Eg må finne henne denne gongen også.

Molly Malone
eller Cocles and Mussels,
som har gitt namn til den kjend
irske hymna








onsdag 8. mai 2019

Flagget


I dag er det 8. mai og me heise flagget.
Datoen for Noregs frigjering frå Tyskland i 1945.
Dagen blir også feira som veterandagen frå 2011.


Det er gløtt av sol og kaldt i dag etter fleire
dagar med snøver og glatte vegar.
Som du ser er Rhododendronane som eg viste bilde av
i forrige innlegg, prega av veret.

Det gamle flagget måtte vølast før me tok det i bruk.
Det hadde teikn av alder og slitasje.


 Eg kjøpte ny symaskin for pengar eg fekk i gåve til 70 årsdagen min.
Den gamle frå 1971 ville ikkje meir.
Stoff til å reparere med var ikkje lett å finne her på våre kantar,
men hos Panduro i Oslo fekk eg tak i det.


Begge hjørner fekk forsterkning.
Og alle saumar vart sjekka og sydde på nytt der
det var naudsynt.
No rekna eg med flagget skal vare i mange år vidare.

Her i Ulstein skal 8. mai markerast
 ved bysta av Ragnar Ulstein på Rådhusplassen der 
Ulstein mannskor syng og 
russepresident Lena Kathrin Solbakken held appell.



Du kan lese eit tidlegare innlegg om 8. mai 
Her




mandag 6. mai 2019

Rød


Röd
er ordet hos Sanna denne veke.
I mi dialekt seier me raud.

Den eine dagen lyser dei flotte raude
 Rhododendronane mot meg.


Neste dag er dei dekte av mange centimeter 
våt og tung snø.


Det er ikkje uvanleg med snø
i mai her hos oss.

Raudruss har me også i år.
Benjamin, første barnebarnet vårt.


Gemsweeklyphotochallenge v. 19 - Röd -





torsdag 2. mai 2019

Skum


Denne veke er Sanna si utfordring
å finne bilder til ordet
 SKUM


Ottar og eg kom heimatt i går kveld 
frå "Blomstercruise" i Holland.
Her kjem ein smakebit frå turen.

Panna Cotta
med flødeskum

God mat og fine opplevingar
under seilasen med
  M/S Leonora


 Siste dagen var det kanalutflukt i Amsterdam.
Her skummer det frå båten.


Eit "kongeleg" skip med sitt
skummende avløp.







fredag 26. april 2019

Frukttreblomster



Eit plommetre med vakre blomster.


Dette gamle plommetreet
  gir oss mengder av plommer kvart år.


Jamie bryr seg lite om vakre blomster.
Han vil leike !







tirsdag 23. april 2019

Vekst



Växt
er ordet i utfordringa til Sanna
denne veke.

Etter fleire dagar med sol og varme rundt 20 grader
er det berre å sjå seg rundt 
så finn eg mykje som
er i vekst.

I Vågeskogen er
 bjørka er blitt grøn i løpet av eit par dagar.


Narcissbedet i vekst ved Storesteinen.



Rhododendronen på andre sida av
Storesteinen veks seg større og større
for kvart år.

Det veks langs med muren.


Plommetreet veks til himmels.






onsdag 17. april 2019

Bar


Denne veke er ordet
Bar
i Sanna si utfordring.

Det er påskeferie og fleire i famiilen er i lag 
på hytta i fjellet.

Sola skin og varmar både ute og inne,
så jentene trivst best med bare føter.



Det er sein påske og det ser ein på
mange bare flekker i snøen.

Snart bar mark her.

I forgrunnen ligg mykje granbar etter 
skoghogst for å gjere klar for
bygging av fleire hytter.



lørdag 13. april 2019

Papir


Ordet i utfordringa til Sanna 
denne veke er
Papper

Syster mi Perly Lise er flink
til å skape ting,
som for eksempel denne:

Ei godt utlesa bok kan bli til eit
fint kunstverk.

På veggane har me mange kunstverk
laga av barneborna våre.
Dette bildet laga av ein papirserviett
fekk eg i julegåve frå 
Leah Sofie.

Celina Marie var ikkje gamle jenta då ho laga denne
figuren av ein papirbleie, papirpose og post it lappar.


Førsteklassingen Ella Victoria har laga
denne pynten i papir til denne påska.



Herleg synest farmor <3


Gemsweeklyphotochallenge v. 15 - Papper -








tirsdag 9. april 2019

Fasteaksjonen 2019


I ettermiddag har
barnebarnet Hans-Petter gått frå dør til dør
med innsamlingsbøsse 
for Kirkens Nødhjelp.


I Ulstein kommune er det 
årets konfirmantar som går med bøssene,
og krinsane er delt inn i roder.

I vår til dels grisgrendte krins køyrde eg
han der avstandane er ekstra lange i roda hans.

Bygdafolket tok godt i mot Hans-Petter  
og la pengar i bøssa.
Dei som ikkje hadde kontantar Vippsa.

Det er fint å sjå at folk vil vere med å støtte den gode saka.


" 844 millioner mennesker mangler tilgang til rent vann.
Tema for Fasteaksjonen 2019 handler om
Kirkens Nødhjelps arbeid med vann og sanitær
i utsatte områder omkring i verden "


"Urent vann dreper flere enn krig "




torsdag 4. april 2019

Ein nydeleg dag og kveld


Etter ein tur på kyrkjegarden og planting på graver
gjekk me ein tur langsmed stranda i nærleiken. 
Der rullar bylgjer frå storhavet mot land.


Dei vakre steinane er polerte av sjøen
og er eit fantastisk syn.


Nesten rart at dei får ligge i fred.

 Det låg an til ei flott avslutning på kvelden
her me bur i Tuå.


 Nokre minutt etter var himmel og sjø farga raude.
Måkene ligg nyt livet,
og ein båt er på veg inn i solstrålane.
(klikk på bilda så ser du betre)


Fuglane har flytta seg og båten er komen vel gjennom
stråleglansen.


Bylgjene etter båten er i ferd med å legge seg,
Idyllen er eit faktum.

Dagen var fantastisk,
spaserturen i fjøra nær sentrum
av Ulsteinvik,
og til slutt opplevinga av å bu på 
verdens beste plass.




onsdag 3. april 2019

Over


Över
er ordet i utfordringa til Sanna
denne veke.

Svigerdatter Renathe har sendt meg dette bildet
som eg synest illustrerar godt
ordet.

Yngste barnebarnet vårt Ella Victoria på veg over
brua over elva Hjalma i
Hjelmelandsdalen.


Sjå i andre sine tolkningar her: