mandag 28. juli 2014

Kampen


Kampane på Norway Cup går føre seg på mange baner,
ikkje berre på Ekeberg.
I går spelte barnebarnet kamp på Valle Hovin.
På tur tilbake til hotellet gjekk me av T-bana på Ensjø for å 
få spasere rundt på Kampen,
ein flott og spennande bydel i Oslo.
I det nydelege veret var det ei fin oppleving.

Kampen kirke
Klokka var 17.00 og me fekk oppleve 
vakkert klokkespel frå kyrkjetårnet.


Fine gamle hus


Atmosfæren på Kampen sender tankane mine til
Roy Jacobsen si bok "Seierherrene"

Me spaserte vidare mot Grønland og ein tur innom
Smalgangen før me kom "heimatt" til
hotell Folketeateret





tirsdag 22. juli 2014

Tova gryteunderlag

Varmt 

Mitt varme bidrag er
gryteunderlaga eg strikka etter ei 
oppskrift eg fann i eit gamalt blad,
(finn ikkje att oppskrifta )


No tok eg dei fram og gjorde dei ferdig,
Dei er strikka i Eskimo garn

og tova.

Skal bruke det på hytta.

Du kan sjå fleire varme  bidrag
Her

Det er fantastisk solrike og varme dagar no. 
Kanskje finaste sommaren me har hatt
på svært lenge her på Sunnmøre.

Nyt sommaren kvar du enn er !

Anne-Mari



onsdag 16. juli 2014

tirsdag 15. juli 2014

Iris

 er ei løkplante som kjem trufast med blomster
kvar sommar i juli.

Her i hagen er det flest av den
blå.
Då mor mi levde kom ho alltid med ein
bukett blå iris på bryllaupsdagen vår
18. juli.

I år er der nokre med 
lys blå farge.

Den har nydeleg mønster

med vakre detaljar.

Eg vona du har fine sommardagar
og har det godt.

Anne-Mari


fredag 11. juli 2014

Menneskeskapt

er den flotte varden på fjellet Veten 
som me gjekk kveldstur til denne veka.
Du les om turen Her

Steinvarden vart laga på dugnad av bygdefolket i
Hundvik og på Hundeide til minne om
varslingssystemet i gamal tid, der store bål vart tende
på strategiske fjelltoppar for å varsle ufred i landet.

All stein som er i varden er henta lenger nede 
i fjellsida på begge sider, noko som nok var eit 
tungt arbeid og viser om stor dugnadsvilje.

Varden vart sett opp i 1910






torsdag 10. juli 2014

Kveldstur

til Veten 556 o. h.
 var ei fin avslutning på ein
sommardag denne veka.

Det var første gongen me var her.

Veten ligg på sørsida av Nordfjorden.
På andre sida ser me dalstrøket der
hytta vår er.

På fjellet såg me fleire fine tjern.
Bakgrunnen viser at det er snø i dei høge
fjella lenger sør i Nordfjord.

Moltekarten må få stå i fred 
nokre veker til.

I like






søndag 6. juli 2014

" Kongens Ring "


Fototriss del 267: Så här ser det ut där jag är


Det eg brukte nokre timar på i dag var å sjå/høyre

Herøyspelet " Kongens Ring " 2014
som gjekk av stabelen denne helga 
i friluftscena på
Herøy Gard.
Bussar frakta oss til stemnestaden,
 og det første som møtte oss var
desse flotte vikingskipa.


I hovudhuset på Herøy gard frå 1752,
 kunne ein få kjøpe rjømegraut,
vafler og mykje anna.
Du kan lese om kulturstaden Herøy gard
her

200 aktørar på ei heilt unik utescene omkransa av
vakker natur og storhavet som næraste nabo viste oss 
spelet der historia og fantasien går hand i hand.
Det handlar om konfrontasjonar mellom
sterke individ for 1000 år sidan.
Kong Olav Haraldson og sterke grupper i
samfunnet.
Etablerte skodespelarar som
Nils Ole Oftebro, Anette Hoff, Agnes Kittelsen og
fleire tok del i lag med amatørar frå lokalsamfunnet,
 som blant anna mi tidlegare kollega
Olgunn Torvanger.
Ho spelte rolla godt i rolla som mor til Agnes Kittelsen 
og kone til Oftebro...
Stolt av deg Olgunn !
" Kongens ring " er eit spel som ein kan sjå
år etter år.


Samling av fototrissar i finn du
her