søndag 24. februar 2019

Primstaven og vårblomane

I Sanna si utfordring i veke 9
er ordet Vis,
(way, wise)
Då tenkje eg å vise blomane i hagen
akkurat no,
og at primstaven kanskje kan forklare
den varme lufta som påvirkar blomane.. 

Eg har skrive om Primstaven fleire gongar her i bloggen.
(du kan søke i feltet til høgre om du
er interessert)
Svigerfar Hans har laga to Primstavar til oss,
 ein til hytta og ein heime.




22. februar - Persok
St Peter kasta denne dagen ein varm stein på isen
slik at den skulle begynne å tine og vinteren skulle sleppe taket.
Merket på primstaven er ein stein.

Kanskje det er varmen frå steinen 
til St Peter
som får vårblomstrane i hagen til å opne seg
i desse dagar :)
way, wise





Det må også seiast at temperaturen har vore 
opp i mot 15 grader siste veka...
Ikkje rart både blomster og mennesker 
får vårfornemmelsar.






mandag 18. februar 2019

Ask


I utfordringa til Sanna 
er ordet 
Ask
denne veke.
Box på engelsk.
Sist eg skulle tolke dette ordet
tenkte eg på det norske ordet aske
og traff ikkje heilt...
Denne gongen har eg googla meir og
funne ut at det svenske ordet ask kan vere
øskje eller boks på norsk.

I og med at det framleis er vinter og
ein må fyre i omnen for
å halde varmen
har eg valgt å vise bilde frå
 omnskråa.
 Dei to boksene er fylt med
små firkanta tennbriketter.
Boksene er pynta med tova trekk forma som ei ugle,
og strikk i Fanamønster.
Begge trekka har me fått i julegåve tidlegare.

 Slik ser boksa ut utan tekk.
Du er sikkert samd med meg i at det er finare
når den er dekt.

Fyrstikker er sjølvsagt godt å bruke for å få fyr.
Her er nokre av øskjene som ligg
lett tilgjengeleg ved omnen.

Ein annan variant av tennbriketter
er desse:
Avispapir og stearin rulla tett saman.
Desse lika eg best, dei er lette å 
få fyr på vedkubbane med.

Til jul kjøpte me mange øskjer med
slike tennbriketter frå den kommunale bedrifta Herøy Produksjon
og ga vekk i julegåve.








fredag 15. februar 2019

Vårteikn

I Tuå der eg bur
 har me ikkje sol seks veker før-
og seks veker etter- 
solsnu. 
For eit par veker sidan kom sola nokre minutt
og aukar tida for kvar dag.
I dag viste temperaturmålaren 12 grader.

 Men det er fantastisk å sjå at
snøklokkene blomstrar i hagen allereie.

Og attpåtil ein krokus
står der og lyser.
Naturen er ein meister.

Men eg let meg ikkje lure,
vinteren ligg nok og lure ei stund til.

God helg !




tirsdag 12. februar 2019

Lys


Denne veke er ordet 
Ljus 
i utfordringa hos Sanna.

Eg vel å bruke lys som er skapt 
av naturen
 Då eg vakna såg eg 
lyset kjempe seg over
fjellkanten.

Lys i ferjekøen..

Lys over snødekte fjell.

Ser lyset
frå boblebadet.







onsdag 6. februar 2019

Skjer


Skär
er ordet i utfordringa hos Sanna denne veke.
Cut på engelsk.
På norsk trur eg ordet tyder
skjer eller skjær
skar i fortid.

I går skar mannen min
kryddersild i bitar som skal brukast
til pålegget tomatsild.

Både far min Karl og
svigerfar Hans 
var flinke å skjere i tre.
Dei skar mange flotte gjenstander.

Svigerfar skar klokke til alle 
barn og barneborn.

 Far min var stolt over arbeidet sitt med
drikkehornet.

Dall, trekjerald med lok og hank,
skar han ut i
trevirke av einer.






lørdag 2. februar 2019

Februardag


Før eg sto opp i dag låg eg og høyrde på radio,
der sa dei blant anna at månadane
 Februar, Mars og November
startar på same dag.
I år på ein fredag.
Men neste år, i 2020, blir denne regelen broten
fordi då er det skottår.
Kanskje ikkje nyttig å kunne dette,
men greit å vite :)

Eg starta dagen med å bake
Pizzasnurrar.
Med ungdom i hus er det greit å ha noko
enkelt og godt i frysaren til nistemat.


Etterpå tok me på piggsko og gjekk ein tur i nærområdet.
Herleg å sjå kor lyst og fint det er der sola når fram.

 Ulsteinvik bada i februarsol.
Legg du merke til den flotte fargen på 
det nye skipet ved skipsverftet ?

Holmar og skjær med
storhavet attanfor.

Nesten heime.
Blikkstille sjø og nydelege fargar.
Ja, du ser vel det fargerike skipet på alle bilda ?

I morgå blir det middag til
heile familien på 12 
Det blir poteball med mykje godt attåt.

God laurdaskveld !