tirsdag 27. august 2019

Haustfargar i naturen




" Hvor vakkert bladene eldes. 
Så fulle av lys og farge er deres siste dager "


 Me er snart på veg inn i ei ny 
årstid.
Eg lika godt fargane den tek med seg.

Men temperaturen ligg mellom
15 og 20 grader
så eg trur ikkje på haust enno.





mandag 26. august 2019

Tår

Ordet hos Sanna denne veke er
Tår

Eg tenkjer at Tår kan vere tårer,
det kan vere å drikke,
eller som Sanna oversett til engelsk
toes (tær)

Hans-Petter  er 15 år og skal stå
konfirmant 15 sept.
På bildet er han på besøk hos farmor og farfar for
13 år sidan.
Han nyt ein deilig tår frå flaska si.

Yngste barnebarnet vårt Ella Victoria drikk
ein god tår frå koppen som farmor
har i kjøkenskapet.
NB, det er nokre år sidan bildet er tatt.

Tårer 
får du høyre om her:


Gråt Inga Tårar
Åååh...
Gråt inga tårar mer för min skull,

för du menar ingenting med det ändå .
Och be mig inte att jag skall förlåta,
För du menar ingenting med det ändå.
Dina steg har jag förlåtit, förut men inte mer.

Även jag har ofta gråtit för din skull men nu jag vet.
Åååh...
Gråt inga tårar mer för min skull,

för du menar ingenting med det ändå.
Och be mig inte att jag skall förlåta,
För du menar ingenting med det ändå.
Åååh...
Dina steg har jag förlåtit, förut men inte mer.

Även jag

Tærne mine skal du få sjå i eit
eige innlegg...






fredag 23. august 2019

Blåtimen



Eg tek oftast bilde av solnedganger med 
kraftige gule-raude-oransje fargar.
Men i går kveld let eg meg fascinere av det spesielle lyset


Den blå time er
når det verken er fullt dagslys
eller heilt mørkt.
Himmelen har ein annan blåfarge
enn om dagen.


Eg ynskjer alle som stikk innom
god helg.
Helsing Anne-Mari






onsdag 21. august 2019

Sommarjobb


Kjekt å la barneborna få
sommarjobb hos besteforeldra.
Dei tre eldste vart hyra til å måle huset vårt.

 Jobben starta med rekkverket og
veggane på framsida.
Her er Celina Marie og Hans-Petter

Celina Marie og Benjamin 
samarbeidar godt.

 Litt moro må ein ha.

Kvelden var best å bruke når 
farfar og Benjamin skulle opp i høgda.
Men så kom knotten.....

Alle var nøgde då jobben var gjort,
ungdomane hadde tent seg feriepengar,
og besteforeldra var glade
for god hjelp.







mandag 19. august 2019

Ordet


Denne veke er ordet i utfordringa
til Sanna
Tomten eller piece of land

Tomten kan vere arealet huset vårt står på,
tomte kan tyde nisse på svensk,
og piece of land kan ha
mange tolkningar.

Eg har høyrt om den spektakulære
fotballbana i Lofoten,
Henningsvær Football Soccer Stadium.
Fotballbana er eit godt eksempel på
a piece of land.
Eg har lånt det fantastiske bildet frå
 facebooksida deira.

Tomter/nisser
utstilt i Oslo allereie i juli...
..snart jul ?


Sjå kva andre skriv her:




mandag 12. august 2019

Band


Ordet i Sanna si utfordring er
Band
denne veke.

Det er mange slags band rundt oss,
ein ring som held noko saman,
ein hund som står i band,
osv..


Den gamle hektoliteren/tønna
er halde saman med sterke band.

 Gamle reiskapar var laga av trespiler
og halde saman med band av vidje (bøyeleg kvist)

 Bandasjemateriell av ulikt slag må ein ha 
i kvar heim.

Eg har fleire ulike armband,
både "ekte" og slike som
har affeksjonsverdi.

Mannen min les mykje.
I bokhyllene har han
fleire serier med mange band.






søndag 11. august 2019

Sommardagar i Oslo

Ein ting er sikkert,
når me er i Oslo om sommaren blir
det høgt antall skritt på
teljaren...

 Norway Cup med kampar på ulike baner,
her frå Ekeberg.
Ellers fotballkampar på Furuset og Valle Hovin.
Me bruka sjølvsagt kollektiv transport,
men jammen blir det mange kilometer på beina.

 Me følgde med laget barnebarnet
Hans-Petter spela på 
og elles der vårt idrettslag Hasundgot IL 
hadde sine kampar.
På bildet er tantejenta Elfrida, grandtanteguten Theo,
Ali og Henrik.


På "fritida" gjekk me turar både hit og dit
her var det drikkestopp på Karl Johan
utanfor Stortinget. 



Tok trikken til Grünerløkka,
åt nydeleg Cæsarsalat
hos Fru Hagen.

Etterpå spaserte me
 gjennom parken mot elva.

 Å gå langs med Akerselva
og nyte dei vakre omgivnadane
gjer godt for sjela.

 Passerte vakre Hausmanns bru
før me nådde Grønland og sentrum.

 Oppdagingsferd i området 
Operaen, Munch-museet og
Sørenga.
DER var mykje nytt å sjå sidan sist.

Sandwich åt me
 på spennande Salt
på Langkaia.

Me gjekk ikkje alt dette på ein dag,
men det vart mellom
15000 og 22000 skritt dagleg.

Eg deler innlegget hos
Vilt og Vakkert og hennar Bloggers Sunday Walk







fredag 9. august 2019

Klubba


Klubba
eller Lollipop
er ordet i utfordringa hos Sanna
denne veke.

Det finst fleire døme på ordet,
f. eks. ein møteleiar kan bruke klubba
 for å få ro i salen.

Men eg vel å rette fokus mot
den gamle klubba som mor mi brukte
før meir moderne reiskapar
vart vanleg.


I ei krukke eller skål/fat brukte mor mi
å presse f.eks. bær som ho skulle bruke
til saft eller syltetøy.
Den var også brukt til å "banke" fisk til 
farse som det blei fiskekaker eller 
fiskeboller av.


På denne gamle krukka står eit
3-tall,
eg rekna med at det seier at det er plass til
3 liter i den.


Klubba er gammal og mett av dagar,
og vise tydelege teikn på eit
aktivt arbeidsliv.

Jada, den søte klubba skal få vere med.
Fatet den ligg på er arvegods.



Gemsweeklyphotochallenge.blogspot. v. 32 - Klubba -





søndag 4. august 2019

Vegen


Vägen
er ordet i utfordringa til Sanna 
i veke 31

Om sommaren køyre me ofte
den verna Postvegen mellom 
Bjørkedalen i Møre og Romsdal og
Harpefossen i Sogn og Fjordane
der hytta vår er.

Mange bønder har kvigene sine på
sommarbeite i dette området.
Eg har talt 30-40 kviger,
men det er heldigvis sjelden så mange på same plass.


Vegen er vår !!
Her kjem du ikkje forbi..




Det er greit å ha god tid så ein ikkje
uroar dei for mykje.