fredag 30. august 2013

Stemmeretten


Eg har gjort borgarplikta mi.

Røysta på førehand !


Ynskjer deg ei fin helg.

 Anne-Mari

 

torsdag 29. august 2013

Rosa

blomster i hagen
akkurat no.

Spirea japonica
(trur eg)

Kjem ikkje på namnet.

Eg har kjøpt ny linse til kameraet og
kosar meg med å finne gode
motiv.

Takk for alle fine kommentarane til
Settekassa.
Kjekt !

Eg linkar innlegget til
Torsdagstema: I like #108 

Anne-Mari

 


tirsdag 27. august 2013

Settekasse


Eg har lenge prøvt å få tak i settekasse.
I ferien kom eg over denne i eit
telt på Youngstorget.
Det er vel eigentleg ei skuffe ?
Etter grundig reingjering
kunne eg henge den på veggen.

 Eg slo opp i
og las denne forklaringa på kva ei settekasse er:

" Når det ble benyttet løse bokstaver (typer) for å sette sammen ord til linjer, 
og linjer til sider, benyttet setteren en settekasse til å oppbevare typene
 (bokstaver, tegn og utslutninger).
 Settekassen besto vanligvis av to grunne brett eller skuffer med 
bestemt plassering for de enkelte typer i ca. 45 egne rom (fag). 
Kassen var delt i to deler, den nederste for de mest 
brukte tegnene (derav navnet lower case),
 og den øvre for mindre brukte tegn (upper case), 
eksempelvis versaler."

Ut i frå denne forklaringa er 
mi settekasse ikkje typisk.
Den har dobbelt så mange rom.
 
 Handtaket på "skuffa".

Merket.

På nettet fann eg dette:

" Bodoni Antikva har lige siden midten af 1940erne været meget benyttet som bogskrift i Danmark og Sverige. Skriften produceres som digital font i lidt varierende udgaver af flere skriftleverandører, bla. ITC, Bauer og Adobe "

 Kan det tyde på at i denne skuffa låg bokstavar og
teikn som vart nytta berre til denne
type skrift ?
At kvar settekasse hadde sine særeigne 
teikn for ei type skrift ?
Spennande !

I mi settekasse skal små
pyntegjenstandar få plass.
 Desse bittesmå grisane i glas kjøpte eg
i Tallin for mange år sidan.

Nokre av desse har eg vist fram 

 

 

mandag 26. august 2013

Ripsbær


Barnebarna vil ha " farmorsylte " når dei
er på besøk.
Då er ripsgelè kjekt å ha.

Over førti små og store glas
er produsert i år.



Me er inne i siste sommarveka dette året.
Vonar den blir fin for
oss alle. 

Anne-Mari
 



lørdag 24. august 2013

Postvegen

I den solrike og varme seinsommardagen
køyrde me den gamle Postvegen på veg til hytta
.











Ei av dei fine bruene vegen går over.

Du kan sjå fleire bilde frå Postvegen i dette innlegget.

Vona du har ein strålande laurdag !

Anne-Mari



Posted using BlogPress from my iPad

fredag 23. august 2013

Skaugum



Knollbegonia  `Skaugum `
 


Den er vakker no på seinsommaren.
Blomstrar til knollen blir
plukka inn ved første
melding om frost.

Denne helga melder meteorologen
lett bris og fint ver.
Glede !

God helg til alle !

Anne-Mari

onsdag 21. august 2013

Glimt frå sommarturen 4


Me køyrde litt alternative vegar, 
gamle sørlandsveg der det gjekk an, og 
Nordsjøvegen langs kysten frå
Flekkefjord til Stavanger.

I Sokndal kommune
stogga me fleire stadar.

Slike hjarte med ulik tekst såg me mange av.

I denne kommuna hadde dei i mai 2005 seremoni for
å gravlegge Jantelova. 
Kvart år etter har dei markert dette ved å
lese Anti-jantelova og trakke på jorda rundt
minnesteinen for å halde Jantelova nede.
Veke 39 kvart år er kjærleiksveka,
då har dei forskjellege måter kvar dag 
til å vise kjærleik og omsyn til kvarandre.


Åna-Sira, for meg var namnet kjent
berre frå vermeldingane ;)
Markerer skiljet mellom Sørlandet
og Vestlandet.

Etter å ha køyrt på utrulege vegar,
høgt til fjells i hårnålsvingar som ikkje
er ulike dei me har heime f. eks til Geiranger,
  kom me til 
Jøssingfjorden

Kanskje mest kjent for si rolle
i samband med krigen

Helleren i Jøssingfjorden.
Her ligg hus frå svært gamal tid.


Frå Hauge i Dalane tok me ein avstikkar til
 Sogndalstrand.
Ein nydeleg liten plass der det ligg
gamle trehus frå 1700- og 1800 talet.

I 2005 blei Sogndalstrand
freda.

Kong Harald sitt symbol
 på brua over lakseelva Sokna.

" Her bor en fisker...
Sammen med sitt livs beste fangst ! "


 Flott plass med mykje fint å kvile auga på.
Utsikt til Nordsjøen.

Ein kunne sjølsagt gitt seg betre tid når ein skulle
køyre langs kysten av Noreg på veg heim frå Oslo.
Men etter ein fin tur vidare over Jæren 
overnatta me i Stavanger.
Neste morgen ausa regnet ned, då blei
heimlengten for stor.
Me køyrde frå morgon til kveld og
kom til hytta før natta seig på.
Det regna der òg....

Takk til alle som har fylgt med på turen.
Det kunne vore skrive mykje meir om opplevingane,
 men det får halde med små glimt.
Takk for alle fine kommentarane. 

Anne-Mari


mandag 19. august 2013

Glimt frå sommarturen 3

Neste stogg var i
Kragerø.
Ein fin by !

Sol og finever.
Skikkeleg sommaridyll med 
mykje folk som kosa seg på utestadane.


(klikk på bildet så det blir større)
På kaia sto ei pølsebu og 
freista med
" ekte og ærlige pølser "
Det måtte me sjølvsagt smake på !
Og godt var det.

Planen var å sjå Risør òg,
men der var trebåtfestival og kø av
bilar så langt auget såg.
Me snudde og køyrde strake vegen til
Kristiansand der me skulle 
overnatte.

På veggen i hotellromet var desse orda
dei første me såg.
" Life is good "
Orda gjorde godt
 etter ein lang dag i bilen.

Ein liten spasertur viste at i denne byen òg var
det blomster i alle variantar.

Neste dag gjekk turen til Lindesnes.
Me kunne ikkje vere på Sør-landet utan å
vitje sørlegaste punktet på fastlandet i Noreg.
Her snakkar me om avstandar.

 Lindesnes fyr var den første offentlege
i Noreg så tidleg som år 1655.
Det noverande fyret er frå 1915.

 Mannen min som er ein samlar,
kjøpte eit kort, la det i ein konvolutt, fekk den
frankert og stempla her, og sendt heimatt.
Vel heime fann me den overraskande 
i postkassa...

Stein  ved trappene
opp til fyret.
 Artig vervarsling :)

Takk til alle som har fylgt meg på tur !

Anne-Mari


 

søndag 18. august 2013

Glimt frå sommarturen 2


Det var mange stadar ein
kunne tenkje seg å stogge på turen,
men det måtte prioritering til.

Overnatting i Sandefjord.
Her gjekk me kveldstur i det 
fine veret.

 Kvalfangstmonumentet
viser fangstfolk i open båt.

Ei gate med vakre
gamle hus.


Og fint pynta med blomster
i byen.

Neste dag gjekk turen vidare i ganske
kraftig regnver så me stogga
ikkje før i Langesund.
Her var det Fiskefestival og eit yrande folkeliv.

Lunsjen åt me her.

Tallerkenar breddfulle av
heimelaga fiskesuppe og bacalao.
Nydeleg !

Her var loppemarknad utandørs der
eg leita fram små
ting til å ha i settekassa me
kjøpte på Youngstorget.
(den skal eg vise fram i eit seinare innlegg)


God søndag !

Anne-Mari


fredag 16. august 2013

Glimt frå sommarturen 1


Etter ei lita veke i Oslo
køyrde me sørover i landet
i strålande ver.
Eit lite stopp i Horten
viste ein by 
pynta til sommar med
eit vell av vakre blomster.


Eg vil vise bilde frå fleire
stadar i Sør-Noreg
etterkvart.
Eg ynskjer deg ein fin fredagskveld !
Anne-Mari






torsdag 15. august 2013

Himmelsk #150


Dette er førebels siste gong
Petunia utfordrer oss
til å sende inn dei 
himmelske bilda
våre. 
Takk for at eg har 
fått vere med !

I går var det ein strålande
dag, 
og solnedgangen 
var fantastisk.
Eg sprang ned til sjøen for å
få fri sikt, 
men greide ikkje å vente,
eg måtte knipse sola mellom 
naustet og sjøhuset
 Ser du vindauget
på naustveggen ?

Open naustdør gjer at du ser 
både himmelen og sjøen
gjennom vindauget.

Sjå fleire himmelske bilde
HER 




mandag 12. august 2013

Vasslilje / Nykkerose

I sommar har eg sett 
gule vassliljer for fyrste gong.
Lagsmed Nordsjøvegen(Kristiansand til Stavanger)
var det mange vatn som hadde
både gule og kvite.
Det var ikkje lett å få ta bilde av dei.
Enten var det for mykje trafikk til å stoppe bilen,
eller det var vanskeleg å kome nær
nok til å få skikkeleg bilde.

 (Nuphar lutea)

Gul nykkerose har ovale blad som er grøne på begge sider. 

Stilken blir opptil 5 cm tjukk og kan bli 1 m lang. 
Dei 4-5 cm breie blomstrane er gule og nesten kuleforma. 

Ungane til Kanadagjæser kom symjande forbi.

Eg likar kanskje best den kvite vasslilja som er
 vanleg her på våre kantar...

Eg ynskjer deg ei fin ny seinsommarveke !

Anne-Mari






fredag 9. august 2013

Blåbær

Det er blåbærsesong.
Men i år skal eg ikkje plukke så mykje,
det er fleire porsjonar med rå blåbærsaft
i frysaren.
I staden gler eg meg stort over å sjå at
 over 60 personar
har leita fram innlegget mitt 
om saftlaginga i fjor.
Du som ikkje har sett det kan sjå det
HER 
Eg ser for meg at det er rå blåbærsaft på
mange bord :)

Her rundt hytta var blåbæra tidleg ute.
Eg tok dette bildet i midten av juli.
Rart når ein tenkjer på at det er på fjellet.

I går låg desse i butikken og freista,
Kr. 9,90

Det blir sjølvsagt høg kilopris, men eg
unner meg ein smak :)

I dag kjem tre barnebarn så då kan me
ta med spann og plukke blåbær.
Kanskje lage vafler og ha
rørd blåbærsylte til..
♥ 

Ynskjer dei nye følgarane hjarteleg velkomne !
Takk for alle fine besøk og kommentarar
eg får frå dykk der ute :)
Det gjer meg glad og gir inspirasjon til å halde fram
med blogginga.

Eg ynskjer deg god helg !

Helsing Anne-Mari