onsdag 21. august 2013

Glimt frå sommarturen 4


Me køyrde litt alternative vegar, 
gamle sørlandsveg der det gjekk an, og 
Nordsjøvegen langs kysten frå
Flekkefjord til Stavanger.

I Sokndal kommune
stogga me fleire stadar.

Slike hjarte med ulik tekst såg me mange av.

I denne kommuna hadde dei i mai 2005 seremoni for
å gravlegge Jantelova. 
Kvart år etter har dei markert dette ved å
lese Anti-jantelova og trakke på jorda rundt
minnesteinen for å halde Jantelova nede.
Veke 39 kvart år er kjærleiksveka,
då har dei forskjellege måter kvar dag 
til å vise kjærleik og omsyn til kvarandre.


Åna-Sira, for meg var namnet kjent
berre frå vermeldingane ;)
Markerer skiljet mellom Sørlandet
og Vestlandet.

Etter å ha køyrt på utrulege vegar,
høgt til fjells i hårnålsvingar som ikkje
er ulike dei me har heime f. eks til Geiranger,
  kom me til 
Jøssingfjorden

Kanskje mest kjent for si rolle
i samband med krigen

Helleren i Jøssingfjorden.
Her ligg hus frå svært gamal tid.


Frå Hauge i Dalane tok me ein avstikkar til
 Sogndalstrand.
Ein nydeleg liten plass der det ligg
gamle trehus frå 1700- og 1800 talet.

I 2005 blei Sogndalstrand
freda.

Kong Harald sitt symbol
 på brua over lakseelva Sokna.

" Her bor en fisker...
Sammen med sitt livs beste fangst ! "


 Flott plass med mykje fint å kvile auga på.
Utsikt til Nordsjøen.

Ein kunne sjølsagt gitt seg betre tid når ein skulle
køyre langs kysten av Noreg på veg heim frå Oslo.
Men etter ein fin tur vidare over Jæren 
overnatta me i Stavanger.
Neste morgen ausa regnet ned, då blei
heimlengten for stor.
Me køyrde frå morgon til kveld og
kom til hytta før natta seig på.
Det regna der òg....

Takk til alle som har fylgt med på turen.
Det kunne vore skrive mykje meir om opplevingane,
 men det får halde med små glimt.
Takk for alle fine kommentarane. 

Anne-Mari


11 kommentarer:

  1. Så flotte glimt!
    Og smart å køyre litt andre vegar enn normalt.
    Likte godt skiltet på veggen.. "sitt livs beste fangst".. Ikkje verst ;-)
    Har halde senga eit par dagar..kom som kasta på meg mandags ettermiddag..Så no søv eg mykje og innimellom kikar eg litt på nett. Godt med alle sykje ein veit går over..
    Ha flott dag vidare! Oss får vone yr.no har rett :-)

    SvarSlett
  2. Koselig å følge med på reisen.
    Sokndal kommune må jo være inspirerende for andre kommuner når det gjelder medmenneskelige tradisjoner! Flott! :)
    Man får se mye og mangt når man tar små avstikkere og utenfor "allfarveiene"...
    Fortsatt god onsdag til deg!
    *klem*

    SvarSlett
  3. Fanatstisk flotte glimt!

    SvarSlett
  4. Koselege bilde! Jammen har dokke fått sett mange fine plassar og mykje fint! Lurt å ta avstikkarar og køyre vegar som ikkje er så trafikkerte! Artig å lese historia om jantelova!
    Dette er noko andre burde gjere også!!
    Ha ein fin onsdagskveld:)
    Klem.

    SvarSlett
  5. Kjekt å få sjå feriebilde! Inspirerer til Norgesferie! Har sansen for det skiltet til fiskaren. Mange skilt er ganske klisjeprega etter mitt syn.

    SvarSlett
  6. Så masse flotte bilder du viser, og så flotte opplevelser dere har hatt!! Man trenger virkelig ikke å reise ut av landet på ferie altså! Norge har utrolig masse flott å by på!

    Ønsker deg en flott uke videre!
    Klem fra Christine

    SvarSlett
  7. Jeg suger til meg all info du kommer med og gleder meg over de fine bildene dine. Det er mye interessant å se rundt om i landet.

    Klem

    SvarSlett
  8. Vi kjører ofte den strekningen siden jeg
    har min familie på Jæren og vi bor på Østlandet.
    Men det er ikke mange gangene vi tar oss tid
    til å kjøre innom alle de flotte stedene langs
    sør og Vestlandet.
    Men jeg kunne tenke meg at vi kjørte motorsykkel
    langs alle de kronglete veiene der. Det er jo
    en opplevelse
    Ønsker deg en herlig dag :)

    SvarSlett
  9. Kjempekoslig lesing !
    Vi har hatt historielagstur til disse stedene !
    Spesielt Sokndal og Jøssingfjord sitter igjen i minnet !!
    Og - i morgen tidlig skal vi på tur til bla. til Geiranger :)
    Klem...

    SvarSlett
  10. Kjempeflotte bilder, artig å "være med" på turen. For en utrolig beliggenhet på det huset inni fjellveggen!
    Og det dørskiltet var jo bare så koselig! :-)

    SvarSlett
  11. Fascinerende med dei gamle husa under hellaren! Og dørskiltet var bare herlig:)

    At du fikk heimlengsel når regnet kom er vel kanskje ikke så rart;) Men nå har vi jo hatt besøk av sommeren igjen - håper det blir flere slike gode dager fremover!

    Tusen takk for turen,
    god klem til deg:)

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)