fredag 30. november 2018

Sorg



Marianne Soløy 43 år 
 tapte kampen mot kreftsjukdomen
23. november 2018
Barneborna våre
Benjamin 18 år og Hans-Petter 14 år
 mista mor si.
Det er nesten ikkje til å bere.

Takk for alle gode minner
kjære Marianne.





tirsdag 20. november 2018

" Aften rød "


Etter ein nydeleg klar og kald dag
takkar sola for seg.


Eg vona at dette ordtaket ikkje stemmer.

 «Aften rød gjør morgen bløt». 
Det betyr at en kveld med rød himmel, 
ofte bringer med seg regn neste morgen.







søndag 18. november 2018

Auge


I utfordringa hos Sanna er ordet
öga
denne veka.

Eg fekk operert høgre auge for
grå stær (Katarakt)
 for eit par veker sidan.
Då er det nærliggande å skrive om det.



Grå stær er den vanlegaste augesjukdomen
hos folk i godt vaksen alder.
Linsa i auget blir stiv og ugjennomsiktig og hindrar lyset 
i å gå gjennom. Synet blir dårleg.
Det er ein enkel operasjon og vidare drypping av auge
i tre veker etterpå.
Det blir operasjon på venstre auge i januar.
Deretter kjem eg nok til
å få eit nytt syn på forskjelleg :)

Reparasjonsalderen er eit faktum.







onsdag 14. november 2018

Fornøyeleg

I dag vil eg anbefale ein film.


Florence Foster Jenkins er en britisk-fransk biografisk dramakomedie fra 2016,
 regissert av Stephen Frears med manuset til Nicholas Martin. 
Meryl Streep spiller tittelrollen som Florence Foster Jenkins,
 en amerikansk sopran som ble kjent for sin 
komplette og fullstendige mangel på sangstemme.

Me fann filmen på Netflix, men
den er kanskje tilgjengeleg andre stadar.
Eg og mannen min hadde ei fornøyeleg stund med
dei gode skodespelarane som me lika godt.





mandag 12. november 2018

Terte


I utfordringa hos Sanna er ordet denne veke
Bakelse.
Google oversetter det svenske ordet til
norsk - Terte

Sist sommar åt eg 
sitronterte
på Grünerkøkka i Oslo.
I sannhet ein herleg munnfull.


Sjå fleire bakelser her:

Gemsweeklyphotochallenge v. 46 - Bakelse -




mandag 5. november 2018

Gul

Gul er ordet Sanna utfordrer oss på denne veke.

Middagen i dag....

Berre å nyte
haustsola sin vakre gule sorti.

Leikebil frå 1970-80 talet.


Minner frå sein sommar,
Fredløs og
Yellow fields.




Les fleire gule innlegg her:

Gemsweeklyphotochallenge v. 45 - Gul -




torsdag 1. november 2018

Fordon


Køyretøy er det norske namnet på 
ordet Fordon i utfordringa denne veka.

Først vil eg vise Ella Victoria posere i 
ettermiddagssol med fotograf farmor
i silhuett.
Køyretøyet dreiv med planering av
grus på ein stor plass.


Den gamle lastebilen har sett betre dager,
men har si oppgåve med å halde
garnblåser på plass. 



Her kan du sjå innlegget mitt om Fordon i 2017


Gemsweeklyphotochallenge v. 44 - Fordon -