søndag 30. september 2018

Retning



Ordet i utfordringa hos Sanna
denne veka er:
Riktning 
eller retning på norsk.

For nokre år sidan var me nokre dagar i Kirkenes.
Sightseeing i byen og til Sør-Varanger gruver
var med i programmet.
Du kan lese meir om turen

Her


Nesten så langt mot nordaust du kan kome i Noreg står
desse retningsvisarane.

Frå Kirkenes til:

Helsinki 1154 km
Roma 5102 km
Oslo 2502 km
Bergen 2626 km

------

Når ein er i ein frammand by er det 
fint å ha noko som viser 
retninga.
Dette pariserhjulet i Gdansk lyste lang veg og
viste oss kva 
retning 
me skulle gå for å finne hotellet vårt  
som låg like ved.

------

I naturen kan ein finne vakre vekstar
som strekker seg i mange 
retningar
som strå om hausten.


 "gulltre" som veks i mange retningar
bak ein stein ved 
Gamle Strynefjellsveg



Gemsweeklyphotochallenge v. 40 - Riktning -







onsdag 26. september 2018

Naturen


Etter mykje regn i lang tid
har det dukka opp masse sopp i hagen.


Dei ulike artane 
prestekrage, sopp, trevirke, stein og gras
gir eit flott inntrykk,
fine på kvar sin måte.


Naturen er den beste kunstnaren.






mandag 24. september 2018

Nykel


Denne veke er ordet 
Nyckel 
i utfordringa til 


På norsk seier me nykel  eller
nøkkel 
 Ordet kan bli brukt på mange måtar.
I overført tyding f. eks.
"god utdanning er nykelen til suksess i yrkeslivet"
eller 
"vitenskapen kan gi oss nykelen til ei gåte"

På notebladet til musikk ser me
G-nøkkel:



Skiftenykelen er
ein reiskap til å justere noko.

Dei gamle nyklane var kanskje til
ei ytterdør eller eit stabbur ?

Bestefarklokka må trekkjast
kvar veke.
Nykelen har ei særeigen form.

Eg er glad i det fine arvestykket i stova.
Den slår kvar time, som kan bli for mykje når
den slår 11 slag akkurat når Kveldsnytt starta på TV ...

Eg arva mamma si gamle Singer symaskin.
Problemet er at eg ikkje har nykelen til kassa
så eg får verken sjå på den
eller prøve å sy med den.


Kassa er umuleg å opne, eg leita i mange bruktbutikkar
og spør meg rundt, men ingen eg har spurt
har den spesielle nykelen som
kan låse opp denne.


Moralen er: har du ikkje nykelen kjem du ikkje langt...


Sjå kva andre viser her:
Gemsweeklyphotochallenge v. 39 - Nyckel -






lørdag 22. september 2018

Tur i Brandalsfjella


Som eg skreiv i innlegget
gjekk eg og svigerinna mi Sølvi på tur i fjella ovanfor
Sørbrandal i Vanylven
medan karane var på vatnet og fiska.

Utsikt mot nord med Børevatnet lengst vekk.

Fjellet StoreBøra ragar over
Børevatnet.

Utsikt til Stadtlandet og storhavet.


Nydeleg terreng mellom dei mange vatna.



Søndag gjekk me tur alle fire før me
åt ein god middag.


Alle var samde om at det var ei gild helg.







tirsdag 18. september 2018

Gatekunst i Måløy


"Heimflyttaren Tone Holvik-Eriksen har store ambisjonar for 
heimbyen sin Måløy: 
ho vil gjere det til ein fargerik og interessant plass å bu.
– Eg vil at det skal vere så mykje gatekunst her at folk berre veit at 
det er kult å bu i Måløy.

sjå Video


Meisterleg
veggmåleri i Måløy.

Krabbe som spelar cello.
Strengane på celloen har ein bodskap,
som i Pride-flagg.
Vindauget er kamuflert godt.
Fantastisk måleri.



Eg må ein tur til Måløy igjen og finne 
resten av veggmåleria.




mandag 17. september 2018

lørdag 15. september 2018

Tradisjonsmåltid på fjellet


Det er så kjekt å bli invitert av
Sølvi og Bjørn, svigerinne og svoger,
til hytta deira
ved Børevatnet i Vanylven.

Karane fær på vatnet og fiskar
krede.

Vatnet er nedtappa pga kraftproduksjon,
men fisk får dei.

 Ottar "gjer opp" fisken.
Sjå kor raud og fin den er.


Rikeleg mengde sprøsteikte krede
går unna.

Med DEN sausen til 
skal eg seie smakar !!!


 Det beste måltidet !!

Sølvi og eg bruka å gå i fjellet, 
eg kjem tilbake til det
seinare.






mandag 10. september 2018

Sverm

Ordet hos Sanna denne veke er

Vimmel

Synonymer er f. eks.:
forstyrret masse, rot, trengsel, sværm 

Den vesle videoen av 
rumpetroll som vrimler
er mitt bidrag.

Natur
rundt hytta i mai.


Frå rumpetroll til
vaksen frosk.



Gemsweeklyphotochallenge v. 37 - Vimmel -








tirsdag 4. september 2018

Sunn og god mat

Hans-Petter, eitt av barnebarna våre 
går på ungdomsskulen og bur hos oss vekedagane.
Det kan vere ei utfordring å lage mat som
både er sunn og som han likar,
men me prøver oss fram.

Denne dagen var det 
halvgrove Hamburgerbrød 
etter oppskrift hos
på menyen.
Eg brukte fint og  grovt speltmjøl 
i staden for kveitemjøl,
vatn i staden for mjølk,
og kutta ut sukker.

Hamburgeren vart godt mottatt,
han likte både grønsakene og brødet rundt burgeren.





Eg laga grønnkålchips etter oppskrift hos




Dette er ein
super måte å servere grønnkål på slik at
både unge og eldre vil ete den 
vitaminrike grønsaken.

Eg var så fornøgd over at både guten og
farfaren likte maten.