Viser innlegg med etiketten Azalea. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Azalea. Vis alle innlegg

torsdag 30. mai 2019

I hagen



Dei raude Rhododendronae som eg har vist bilde av tidlegare
er avblomstra etter å ha gjennomgått
mykje storm og uver.
No blomstrar andre i tur og orden.

Eg er glad for at den to år gamle
Rhododendronen trivst og viser sine nydelege 
blomster med løvtynne kronblad.

Rhododendronen "Fantastica" skuffar aldri, 
den er nydeleg.
Eg har vist den fram før
her og her

Azalea
Denne har me flytta fleire gongar så den
har ikkje funne seg heilt til rette enno.
men den er nydeleg.


Den gamle store Rhododendronen
var tidleg ute i år også.

I dag, 30. mai snøar det og
temperaturen er 6 grader.
Ingen sommar enno.





tirsdag 15. januar 2019

Grå stær


Det første auget eg fekk operert for
Grå Stær 


I går var eg igjen hos Medi 3
i Ålesund og fekk operert venstre auge.

På radioen høyrde me om stormen som
førte til at fly, ferjer og hurtigbåtar 
var innstilte.
Det var spennande om eg kom
meg fram til behandling.

Men det gjekk fint over fjorden med den
moderne og gode hurtigbåten Godøy.

I dag var eg tilbake til Medi 3 og kontroll.
Alt ser bra ut, no er det berre å fylgje oppskrifta første veka,
Ta det med ro, ikkje bøye meg, ikkje løfte tungt, 
ikkje dusje/vaske hår
 Eg må finne fram den gammeldagse vaskekluten...
Dryppe auget 3 gongar pr. dag i 3 veker.
Etter 6 veker gå til optiker og få tilpassa nye briller.

Eg gle meg til å få lese både smått og stort :)

----

Heime i stova kan eg gle meg over
den fine Azaleaen eg fekk i bursdagsgåve
1. desember.






tirsdag 17. mai 2016

Favorittar i mai



I dag har me feira nasjonaldagen
på tradisjonelt vis.
Etter å ha gått i tog 
 hadde familien middag heime med 
17. mai dessert etterpå.
(den eg skreiv om her)


Det var kjøleg i veret, men det
regna ikkje.
Faktisk litt solstreif av og til.

Favorittar i hagen blomstrar
 for fullt.
Rhododendron, Tulipaner og Narcisser 
står fine.

Den kvite Rhododendronen
og den småblomstra Azaleaen 
viste også sine blomster
i dag.









torsdag 21. mai 2015

I hagen


 Denne Rhododendronen er  svært gamal,
og har vore flytta fleire gonger.

Fint med raudt
attmed storesteinen

Snart avblomstra liljer,
 pinseliljene står i knopp.
Dei vintergrøne plantene på steinkanten,
hugsar eg ikkje namnet på. 

I skogen bak huset har me
planta Azalea og Rhododendron mellom
blåbærtue og lyng.

 Eg likar denne tida då plantene 
laver med vakre
blomster.



fredag 6. juni 2014

God pinsehelg

I går tok eg ei runde i hagen der dei 
eldste vekstane står.

Snøsløyfe - iberis Sempervirens
Den er vintergrøn og dekker botnen.
På denne tida er den i fin blomstring.

Eg trur den er tretti år.

Me har hage som grensar til 
der eg vaks opp.
Foreldra mine planta mange vekstar som 
eg kjenner litt ansvar for å passe på,
og ikkje minst nyte !

Azalea

,
 Eg synest denne er så nydeleg, 
sart og fin.

På eit sørvendt område planta dei mange
Rhododendron.
Desse er store og flotte.
I går kveld var det desse
tre som blomstra.




Det er artig å sjå lilla rhododendron, dei har
så ulike nyanser at ein godt kan seie 
at lilla ikkje er lilla....

Foreldra mine var svært stolte av 
dei flotte plantene.
Dei hadde undra seg i dag dersom dei
såg kor store og triveleg dei
har blitt.

Det blir nok fleire innlegg om 
Rhododendron vil eg tru.
Det er mange som er klar for
blomstring.

Vivishagerom - Helgegleder

Vonar at du og dine får ei 
fin pinsehelg!

Anne-Mari


torsdag 14. november 2013

Azalea 2013

Kanskje du hugsar at eg hadde eit 
innlegg om ei Azalea på stamme
som eg kjøpte i
november 2005.


Sist sommar fekk den stå ute i ver og vind.
 Det likte den godt,
og sette raskt nye knoppar.

Bilde frå august.

Den treivst godt med å vere utendørs på ferie, 
og vart så stor
at den får ikkje plass i vanleg 
glaskarm lenger...

Slik er den no, har blomstra sidan i sommar.
Litt "stjantete" kanskje, men blomstrane
er fine. 


Eg må legge til at eg har
hatt mange azaleaer, men aldri fått dei 
til å vare mange veker.

Denne er eit unntak !
Eg må vedgå at eg er litt stolt av den ♥

Torsdagstema: I like  

Ynskjer deg ein fin dag !

Anne-Mari 






tirsdag 25. juni 2013

Azalea

I det utstadige vêret som
er desse junidagane, 
er det godt å kvile augene
på vakre blomster.

Som dei fleste veit er eg svak for fargen oransje.
Denne azaleabusken er berre to tre år gamal og
ikkje så stor enno.
Den sarte fargen er nydeleg.
Denne har foreldra mine planta.
Den gamle planta er

eit flott blikkfang for
alle som kjem inn i tunet vårt.


Takk for alle fine helsingane til bryllaupsdagen 
til svigerforeldra mine.

Anne-Mari

tirsdag 2. oktober 2012

Azalea





Denne azaleaen kjøpte eg i november 2005,
Då hadde den stamme og ein krans av blad og blomster på toppen.


Etter første avblomstringa visna den ikkje slik som andre
azalear hadde gjort så eg
sette den i badekaret på våte aviser når me for
på ferie i tre veker den sommaren.
Vel heimattkoma oppdaga eg at planta var full av knoppar.
Den blomstra heile hausten.


Etter som åra har gått har fasongen og utsjånaden endra seg,
ikkje ulikt andre levande vesen...,
men blomstrar gjer den, mesteparten av året.
Oppskrifta ?
Eg vatnar den grundig i vasken ca ein gong i veka, eller når
den heng og ser visna ut.
Lei av den ?
Ja, men eg har ikkje hjerte til å kaste den.


Grøne fingrar ?
Nei, ikkje vanlegvis, men eg har nokre planter som
har levd lenge.
Viste rosekaktusen min i eit innlegg tidlegare.
Får ikkje til å legge inn link med iPaden, men om du vil kan du
finne innlegget under juni.

ps. Har nokon tips til meg korleis eg kan legge til linkar i innlegg, så tek
eg imot med takk.
Gler meg til eg får att PCen.....


- Posted using BlogPress from my iPad