Viser innlegg med etiketten Torsdagstema. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Torsdagstema. Vis alle innlegg

tirsdag 16. august 2016

Utfordring

Me køyrde bomveg frå Straumshamn
til Lisjedalen
Til høgre går merka tursti til det særmerkte fjellet Keipen
som me kan sjå frå Bjørkedalen.
På andre sida av vatnet
går det sti til Brundalen og 
Bjørnesetsætra.
Dit tenkte me å ta turen.

Etter alt regnet i det siste var vatnet
og elva stor og det var ikkje lett å kome seg
over til andre sida.


 Eg kom meg over, 
men med joggesko på beina
var det ei utfordring,
livredd som eg er for å dette...

 Smarte folk har støvlane sine
klar til bruk når dei
skal over.






torsdag 9. juni 2016

Eg lika


å sjå på det 
gamle huset i Eidsgata
på Nordfjordeid

Her er ein sjarmerande butikk
med forskjelleg,
som utstyr og stoff til lappeteknikk,
 fine interiørting og
masse meir.







torsdag 26. mai 2016

Nytt skip


er levert frå
Kleven Verft i Ulsteinvik

Edda Freya
150 m langt og
svært avansert konstruksjonsskip
er levert til 
Østensjø Rederi


Eg er stolt over Kleven verft,
som ligg 1 km frå her eg bur.
Verftet er ein stor arbeidsplass
 og grunnpilar i 
kommuna vår.

Eg tillet meg å låne eit bilde
frå Wikipedia av
verftet
På bildet viser heimstaden min
øverst i høgre kant av bildet.









torsdag 19. mai 2016

Sæterliv i Aldalen

Sel = seterhus med soverom, kjøken og 
mjølkerom 

Mor mi var frå Hjartåbygda i Volda kommune.
Ho var fødd i 1925
Garden Åsen ligg midt i bygda.
I tillegg til dyrehald hadde
dei einaste telefonapparatet i bygda
som gjorde at ho og syskena
gjekk med telefonbod til
folk på gardane rundt og langt inn
i Austefjorden.
Sæterdrift var ein viktig del av jordbruket.
Det var lite beite for dyra vår og haust,
men på sætra i Aldalen vart det
tidleg grønt. 
Frå tidleg i juni flytta dei buskapen dit og dei
var der vanlegvis i 12 veker.
Mor mi fortalde at dei var 9 jenter med
ansvar for kvart sitt sel og dyr.
 Ho begynte å sætre det året ho gjekk for presten
som 14 åring.
Då hadde ho ansvaret for kyr som ho henta 
frå marka om kvelden og  mjølka dei.
Mjølka vart frakta til bygda 
med handkjerre, ei strabasiøs ferd
i ulendte råser.
Der var ikkje elektrisitet så ho fyrte i omnen,
varma vatn for å vaske mjølkespannene,
så til elva for å skylje dei.
Ho fortalte om kor mørkeredd ho var når
ho sto ved elva.
Det var fortalt ei spøkelsehistorie om ei jente
for lenge sidan, ho hadde
fått eit barn i løynd, og grave det ned
på andre sida av vatnet.
Om kveldane høyrde dei skrik derifrå....
Ho fortalde at ho brukte å synge høgt medan ho var
ved elva for å overdøyve lyden.
I ettertid fekk ho vite at skrika kom frå ein fugl
som ho kalla Mekregauk.

Dei 9 jentene sat oftast i lag laurdagskveldane,
og det kom gjerne besøk frå bygda.

Mor mi fortalde at sætrelivet var travelt,
men ho likte det.
"Det var med på å forme oss, og 
gjere oss sjølvstendige "

På dette bildet står mor mi
nr 2 frå venstre.
Systra hennar, tante Agnes er fem år
eldre og sit på vogna med
hatt og paraply.
Ho såg dei kanskje vel avgarde,
etter å ha sætra i mange år,
og no overlet ansvaret til systra. 

Her står mor mi nr 3 frå høgre.


Selet i Aldalen 
 er halde godt ved like av syskenbarnet mitt.

I min barndom var me på søndagsturar
til Aldalen,
hadde med niste og kosa oss 
i mange timar medan mamma fortalde
 interessant frå ungdomstida si.









onsdag 11. mai 2016

Kulltreff


Som eg skreiv 
skulle eg ha kullingar på besøk
Åtte damer (ni med meg) i sin beste alder,
no er alle pensjonista og kan 
sjå tilbake på
eit langt yrkesliv
som sjukepleiarar.
Praten går frå første minutt,
me har mykje å snakke om,
alltid !

Eg hadde gjort alt klart før dei
kom med ferja over fjorden og
biltur hit ut på øyane.
Serviettar bestemte kva blomster
eg skulle ha på bordet,
greiner av plommetreet
hadde nesten same
blomstrane

Eg serverte ei gryte med blant anna
torsk og laks
med ris og heimelaga
focaccia til.

Som alltid når me er samla flyg
timane fort avgarde,
dei skulle rekke ferje og
måtte bryte opp
lenge før me hadde prata ferdig :)

Takk for ein kjekk kveld i lag.

Ps.
Eg skreiv eit innlegg om kulltreffet
som me hadde i
 Dubrovnik september 2013










torsdag 5. mai 2016

Narcisser


er utsprotne i hagen no.


Eg hadde berre iPhonen å 
ta bilde med 
så gjesten på blomen
fekk ikkje godt nok bilde av seg...









torsdag 31. mars 2016

Vårblomar


På tur i den fine 
vårdagen 
openberra det seg
nydelege skattar 
vegkanten


Hestehov




Kusymre


Det er den draumen

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa 
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge








torsdag 10. mars 2016

Solnedgang 10. mars


Etter ein strålande marsdag med
opp til 10 varmegrader 
var solnedgangen 
denne:


After a great day it was this sunset
 at my home place.







torsdag 25. februar 2016

Snøhole


Det har snøa tett heilt sidan søndag,
så det har blitt lite uteaktivitetar.
I går og i dag har me prøvt
oss i slalombakken,
men det går ikkje lang tid 
før det ikkje er kjekt lenger.
I går kveld var veret såpass at 
barnebarna vart freista til å bygge 
snøhole  i den
svære brøytekanten
utfor hytta.
Dei to minste bygde på si hole
rett utfor hytteglaset og
var lette å sjå.
Farmor er ikkje så glad i snøholebygging,
det er slett ikkje ufarleg,
men eg forstår at barna har det kjekt.
Dei to eldste laga ei skikkeleg hole og 
etter at dei var ferdig 
sette dei ut levande lys.
Det høyre med til historia at i dag 
er hola sterkt redusert 
på grunn av all snøen.

Dei hadde det kjekt medan dei heldt på
og ingen ting er betre 
enn glade barnebarn.





torsdag 11. februar 2016

Blåbærlyng


I juleferien på hytta 
plukka eg ein 
bukett  blåbærlyng 
på ein snøfri flekk i marka,
og sette i vase inne.
Første helga i januar då me kom til hytta
var det knoppar på lyngen

Neste gong var det gått tre veker,
då såg den slik ut.

Etter seks veker 
i hyttestova har buketten tørka litt inn,
men er det ikkje 
starten på eit bær eg ser  ??


I like




torsdag 5. november 2015

torsdag 29. oktober 2015

Gamle gjenstandar


I gangen under trappa har eg samla nokre
gamle arva gjenstandar.
Bordet og benken har far min laga
etter modell av eit
bakstebord,
bord der fleire kvinner sat i lag og baka 
lefser eller flatbrød.
Han har òg laga grautspannet av eine
som står til venstre.
Bak står ein skyrdonk frå 1800 talet,
( eit kjørel brukt til sur mjølk)
I midten står eit brødtrau frå 1800 talet.

Det vakre gamle vaskestellet
 manglar dessverre vassmugga.

Eg set stor pris på desse skattane 
frå ei anna tid.




torsdag 22. oktober 2015

torsdag 15. oktober 2015

Gamalt og grått


Slike gamle grå verslitne 
løer ståande åleine i
utmarka 
er interessante og sjarmerande.
Eg kjem i tankar over
kva dei kan ha opplevt...

Dør som heng fast med hengsler,
men vegg prega av tidens tann...

Mosegrodd, og
mett av dagar....

Eg lika å sjå på slike gamle bygningar.








torsdag 8. oktober 2015

torsdag 1. oktober 2015

Blomsterkorga


med vakre planter er så fin å sjå på.
Kjenner eg blir litt nostalgisk når eg ser 
fasongen.


Minner om min tidlege ungdom
som butikkdame i 
blomsterbutikk.

Takk for den fine blomsterhelsinga.