tirsdag 31. januar 2017

Sol inn i stova


Den etterlengta sola 
lyste inn i stova i dag.
Hurra !

Me er utan sol 6 veker før-
og 6 veker etter solsnu.
Eg tenkje ikkje så mykje på det
midt i perioda,
men når tida nærma seg for at ho skal
kome igjen lengtar eg etter den.

Det er rett og slett livgivande 
å få den tilbake :)




mandag 30. januar 2017

Blogger`s Sunday Walk

Bloggaren 

si utfordring er
at mange bloggarar går 
tur på same søndag. 
Deretter skrive eit innlegg og
dele turen med andre.
Eg er svak for utfordringar og vil
sjølvsagt prøve å 
gjennomføre dette.

Denne helga var me på hytta.
Eg visste der var snø, men ikkje at den 
hadde minka så mykje..
Ski var ikkje aktuelt så me leita fram 
gode tursko.
Snøen som låg att i turvegane
var knallhard og isete.

Mannen min og eg gjekk tur i nærområdet,
ein fin tur sjølv om det
til tider var vanskeleg å
halde seg på beina.

Trygt og godt å finne snøfrie soner.


Idyllisk på gamle sætertun.



Naturelementa  i 
fin harmoni...




Her finn du finn fleire 
Blogger`s Sunday Walk






fredag 27. januar 2017

Dagen i dag


starta til ein fin morgon
med eit spesielt lys 
over landskapet.
Klokka var åtte og eg skulle 
gjere meg klar til å fare
 på Seniortrim kl ni.

Eg har dessverre ikkje kamera som kan
gjengi det spesielle lyset
og fargane

På veg til sentrum hadde eg 
ei god kjensle av at dette
blir ein fin dag :)
Eg måtte stoppe å ta bilde av 
 tre av dei fire like skipa som
er under bygging
på Kleven Verft
(eg bur utanfor kanten til høgre i bildet)

Treninga gjekk strålande i lag med
fleire andre damer.
Me ligg ikkje på latsida,
sveitten renn i store mengder....

Så gjekk turen mot hytta.
Ved Kilsfjorden var me heldige og
fekk sjå den flotte 
speglinga i vatnet.

Vel installert på hytta måtte eg ha meg ein blund
på sofaen,
og vakna av det skein raudt
inn i stova
Med mitt kamera ser det mest ut som gult...
Men solnedgangen var flott !

Kvelden nærmar seg, 
det skal bli reker og kvitvin framfor
fjernsynet
med svitsjing mellom 
Handballkamp, Nytt på nytt og Skavlan

Enno kjenner eg på 
at dagen i dag verkeleg er min :)


God helg !








torsdag 26. januar 2017

Litt tøflestrikk før jul


Det vart strikka nokre enkle
tøfler i desember.
Eg kunne ha strikka lestar,
men dette er enklare,
og like varmt å ha på føtene.
oppskrift hos

Garnet Viking Raggen
70 % ull - 30 % nylon

Raggi frå Järbo
70 % ull - 30 % Polyamid

Gründl Hot Socks Skandinavia
70 % ull - 30 % Polyamid

Tova tøfler strikka i
Cortina Soft

Sydde på bitar av 
antisklimatte
som også forsterkar tøffelen.

Vona at dei som fekk tøfler
er varme på beina sine.









onsdag 25. januar 2017

Stå

er ordet denne veka i
utfordringa til 


Fiskarkona i Fosnavåg
Minnesmerke over kvinnene og barna som
forgjeves speida ut over havet etter
mennene og fedrene som 
aldri kom heim.....
Skulptør er Tore Bjørn Skjølsvik



mandag 23. januar 2017

60-åringen

Perly Lise 

Ho har eit sjeldent namn som det er 
ei spesiell historie bak.
Jenta vart døypt
Pergunn Lise i kyrkja,
kalla oppatt etter bestemor Pernille
og bestefar Lars.
Dagen etter ringde presten og kunne 
fortelje mor vår 
at då han skulle skrive namnet i 
Kyrkjeboka
fann han ut at namnet Pergunn ikkje kunne 
godkjennast....
Blant anna hadde det dårleg klang i utlandet..
Eg hugsar at mamma gret og
var fortvila.
Av fleire namn han foreslo å skifte til var
Perly
eit namn me ikkje hadde høyrt før,
men som i ettertid kling godt
og passa fint til 
systra vår
Perly er ei aktiv dame, blant anna 
ber ho vidare arven frå mor vår som
mangeårig lokallagsleiar i 
Norske Kvinners Sanitetsforeining.

Me er 5 sysken,
eg er eldst, Vigdis to år yngre,
så kom Perly seks år etter.
Tre år deretter kom Lars
og til slutt lisjebroren vår
Jon-Ove som blir
50 år om nokre dagar.

I selskapet fekk me nydelege kalde og varme rettar
som ho hadde laga sjølv.
Dessverre gløymde eg å ta bilde av det :(

Kaker og dessertar smakte fortreffeleg.

Kjempegod mat og kjekke folk 
gjorde kvelden til ei
fin oppleving,
langt ut i dei små timar :)

Tusen takk for oss.



lørdag 21. januar 2017

Mokkakake til bursdagsfeiring

Perly Lise,
syster mi skal feire
60 årsdagen 
sin i kveld.
Som vanleg lagar me kake eller andre ting
 til kvarandre ved slike anledningar.
Mitt bidrag i dag er
Mokkakake

Oppskrifta til den gode kaka finn eg hos:


I kortet ligg det pengar frå
sysken og svigersysken.
Ho kan kjøpe det ho har lyst til.

Gler oss til feiring !




torsdag 19. januar 2017

Kryddersild til middag


Deilig sild med 
nykokte poteter, 
rødbeter,
løkringar,
epleskiver
litt rømme,
og flatbrød.
Grovt brød er også godt til.


Det var god middag i dag,
det er kanskje dette som blir kalla
"husmannskost"

Kryddersild frå Carlo,
 den same som eg bruka til
Tomatsild.
Etter vår smak er dette den
absolutt beste kryddersilda.
Problemet er at den kan vere vanskeleg
å få tak i, men før jul finns den i  
enkelte butikkar her 
på våre kanter.




onsdag 18. januar 2017

Bøker i julegåve



Juleboka til GatemagaZinet i Fredrikstad
var eg så heldig å få av 
Bloggvenninne Inger i mormoruniverset
Mykje fint å lese der.
Tusen takk Inger !


Juleroser
Eit vakkert julehefte, redaktør Herborg Kråkevik,
 inneheld dikt, noveller, kunst og sangtekster
nydeleg fletta saman.
Tusen takk til mi venninne Britt.


Den spennande boka 
Fargene forteller av
 Tove Steinbo
Om fargenes betydning - symbolsk,
psykologisk og estetisk.
Eg må lese og studere og finne ut 
kva "fargesamansetning" eg er
før eg kan ta kartlegginga i heftet som
fyl med boka.


Den innhaldsrike  og fine boka
Vinterfugler
fekk eg tips om i eit innlegg hos
Kleppanrova
og kjøpte boka til mannen min.
Boka skal vere på hytta.


Boka av Anne Holt
I støv og aske
fekk eg av son og svigerdatter
Andrè og Renathe.
Spennande krimroman med
Hanne Wilhelmsen som
hovudfigur.


Edvard Hoem 
Land ingen har sett
er tredje bind i den store krøniken om
Knut Hansen Nesje og slekta hans.
Godt fortalt om menneske i første
del av 1900 talet,
slit og fattigdom,men også gleder.










mandag 16. januar 2017

Midt i januar


 snø !

Laurdag var mannen min og eg på
tur langs stranda til Flø


Her bryt alltid havet mot fjøresteinane 

 Bølgjer har kvite toppar, det bles friskt

Mannen min på den fine stien 

-----

 I dag gjekk mandagstrimmen i lag med
 Hilde-Marie, til Nibben.
Her er utsikt mot Vattøya (der me begge har våre forfedre)
og Runde lenger ute. 

Visst du ser godt etter kan du sjå
Hurtigruta litt til venstre for midten i bildet.
Den er på veg frå Torvik til Ålesund
 kl. er 10.40

Det er fint å gå tur når det er snø og
fint ver.
Det blir ikkje skiturar her heime,
det tek eg att når me er 
på hytta.







fredag 13. januar 2017

Tulipandagen 13 januar 2017


Andre fredag i januar blir kalla
tulipanens dag.

Det er vel helst handelsstanden som profilerer 
markeringa,
men å kunne nyte ein bukett tulipaner i friske fargar 
er balsam for sjela
i denne mørke tida på året.
Mange kjenner nok på same gleda
for det blir selt omlag 80 millioner tulipaner i sesongen !


Flower-Wednesday






onsdag 11. januar 2017

Himmel

 har ei utfordring i bloggen 
med eit nytt ord kvar veke i 2017
Denne veka er ordet: Himmel
Eg lika slike utfordringar så her er det 
berre å henge på.
Januarhimmel 



Her kan du sjå fleire bilde av Himmel





tirsdag 10. januar 2017

Sein Hippeastrum

eller kanskje eg skal seie
tidleg, sidan me er
i starten av eit år.
Eg kjøpte fleire knollar tidleg i desember,
nokre tok eg vare på heime
og ga vekk til jul.
Dei to eg skulle ha på hytta i jula
sette eg kjøleg der.
Men stakkarane fekk for kort tid
med vatn og varm stove så dei
 opna seg ikkje før det nye året var på plass.


Hippeastrum, ridderstjerne
er det eigentleg namnet på planten som
i daglegtale blir kalla
 Amaryllis

Namnet  kjem frå det 
greske ordet hippos som tyder hest
og det latinske ordet astrum som tyder stjerne


Ein kan kanskje sjå at blomen
likna på hesteøyre når
 den opnar seg...


Bilde lånt frå Internett

No skal eg nyte synet av dei fine
raude blomane nokre
 dagar til.




GemsofmyLife v. 3: Rød






lørdag 7. januar 2017

Påfyll


av
Knekkebrød

Heimelaga knekkebrød er sunt og godt.
Fulle av frø og grovt mjøl.
Fasongen er ikkje det viktigaste, 
me lika dei best tynne og sprø difor blir
dei av og til litt brune i kantane,
men pytt pytt....

Den fine brødposen fekk eg i julegåve
av Celina Marie som har sydd den på skulen.
Farmor vart glad ♥

Det er mykje snø så me
har tenkt oss ut på ein liten skitur i dag.

God helg !








torsdag 5. januar 2017

Det nye året 2017


Då er nyeåret i gong,
idèane til blogginnlegg står 
ikkje akkurat i kø,
men forhåpentlegvis vil eg kome på glid etterkvart.
I dag satsar eg på blomster og vêret.
Siste veka har det vore både
regn, storm, mange varmegrader,
og snø.
I dag er det kuldegrader.
Med andre ord, det er ikkje kjedeleg.

Utfor døra står denne
Julerose - Helleborus 

Litt sliten av vêret,
men den "står an av"...

Hortensiaen står i ei lita krukke ute framleis.
Slike planter er fine 
i alle stadier.

Slik er det med mennesket også,
alle aldrar har sin sjarm :)