Viser innlegg med etiketten gåve. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gåve. Vis alle innlegg

onsdag 23. oktober 2019

Boge



Båge 
er ordet i utfordringa til Sanna
denne veke.

På norsk seier me boge (nynorsk) eller bue (bokmål)

Eg slit med svimmelheit for tiden.
Har til og med hatt eit
sjukehusopphold nokre dagar.
Det er ikkje funne noko årsak så langt, 
men håpe det snart går over.
Eg har ikkje Krystallsyke 
der problemet ligg i bogegangane i det indre øyre.

"Vestibularis-kvartetten"
Henta frå internett.
På bildet er mange bogar og svimle folk.

Bilder til oppgåva er frå inventaret i heimen.
Opninga til romet der me har bøker
og bilder er forma som ein boge.
Skiltet over er laga av svigerfar
med bokstavane til mannen min.
Bilda av besteforeldra våre
har bogeforma rammer

Like ved står vitrineskapet med øverste kant 
forma som boge.
Drikkehornet som far min har laga er
har også form av boge

Tusen takk for gode helsingar
i forrige innlegg <3




lørdag 13. april 2019

Papir


Ordet i utfordringa til Sanna 
denne veke er
Papper

Syster mi Perly Lise er flink
til å skape ting,
som for eksempel denne:

Ei godt utlesa bok kan bli til eit
fint kunstverk.

På veggane har me mange kunstverk
laga av barneborna våre.
Dette bildet laga av ein papirserviett
fekk eg i julegåve frå 
Leah Sofie.

Celina Marie var ikkje gamle jenta då ho laga denne
figuren av ein papirbleie, papirpose og post it lappar.


Førsteklassingen Ella Victoria har laga
denne pynten i papir til denne påska.



Herleg synest farmor <3


Gemsweeklyphotochallenge v. 15 - Papper -








torsdag 3. januar 2019

Tankar

Først av alt vil eg ynskje
Godt Nytt År til alle.
Takk for trivelege stunder i året som gjekk.

Tusen takk til 
som vil halde fram med å gi oss utfordringar
også i det nye året.
Første ordet er
Tankar (svensk)
Thoughts (engelsk)

Eg er ikkje så aktiv med blogging som før,
men tanken er å prøve å løyse 
desse utfordringane.
Då blir det iallfall
eitt innlegg pr. veke.
Kanskje får eg tid og lyst til fleire.

I dagane før jul fekk eg pakke i posten,
Stor var mi glede over å få desse
lekre, varme og gode hjertevottane frå ei 
bloggvenninne.
Inni pakken låg også eit nydeleg kort
med gode oppmuntrande ord.
Omtanken varma langt inn i sjela mi,
og gjorde så godt i dei tunge dagane som 
prega oss alle.

Eg set virkeleg stor pris på dei 
gode og varme
tankane til Monika
i bloggen
Livet med GårdsFrua




Gemsweeklyphotochallenge v.1 - Tankar -









torsdag 15. mars 2018

Meir gleder

Dagane med barnepass er omme
for denne gong,
roa senker seg i huset.
Me ser tilbake på
10 flotte dagar i lag med 
barneborna 
Celina Marie 15 år,
Leah Sofie 10 år og
Ella Victoria 5 år
sjå tidlegare innlegg
Det har gått heilt fint, ingen tårer
eller dårleg stemning.

Ein dag oppdaga me at ein fin ullongs hadde eit
digert hol på kneet.

Farmor hugsa at då 10 åringen var lita
hekla eg ei bot og sydde fast over holet.
med godt resultat.
No fann eg fram tråd som passa
og hekla i veg ..


Femåringen var fornøgd med
resultatet,
ho synest det var kult !

Siste dagen tok dei eldste barna i Sundgotmarka
barnehage buss til sentrum av
Ulsteinvik der dei markerte 
"barnehagedagen"
i lag med jamaldringane frå
dei andre barnehagane i kommunen.

Tema for dagen var
"La meg skape"
Det var ei rørt farmor som fekk
det fine bildet ho hadde teikna og
flotte armband.
Tusen takk Ella Victoria <3








fredag 5. januar 2018

Julegåve


eller Julklapp som er det svenske ordet
er første tema i utfordringa til
Sanna i 2018



Mi aller første julegåve 
fekk eg jula 1949.
Då hadde eg nyleg fylt 1 år

Eg fekk julenissen frå morfar Jon
på Åsen

Nissen har stått framme kvar jul i
snart 70 år.
Eg har alltid prøvt å behandle den med varsemd,
men den ber preg av alder..

 Materialet i nissen er vel ein slags gips
trur eg.

 Eg las i eit ukeblad ein gong om slike nissar,
dei var vanleg å ha som julepynt
midt på 1900 talet.







fredag 26. mai 2017

Tur til Trondheim


Eg fylgde Vigdis syster mi til 
St. Olavs Hospital i Trondheim 
der ho hadde ein operasjon i ei auge.

Medan ho var til behandling gjekk eg tur
til byen

Nidarosdomen


Idylliske gamle sjøhus


Det er fint i Trondheim.

Me tok ekspressbuss begge vegane.
Ein fin måte å reise på sjølv om det tok mange timar.
Det er sjeldan me har så lang tid til å
prate med kvarandre,
og me vart ikkje lens for samtaleemne....;)

Vel heime kom Vigdis med gåve fordi
eg fylgde henne.
eg vart glad for
 det flotte rosentreet 
♥










onsdag 19. april 2017

God betring


Eg skal besøke ei dame som
har eit langt sjukehusopphald framfor seg.
Fine blomster vil eg ta med,
gjerne Ranunklar.
Kanskje er det stort utval i
fleire fargar i blomsterbutikken ?


I påska kom eg på at eg skulle strikke lestar
og ta med.
Litt høgare vrangbord enn dei
eg strikka
 her
Dei er strikka i garnet Sterk,
og er mjuke og deilige å ha på.
Det kan bli litt hustre på romet så eg håpe
 det vil vere godt å ta på seg desse
 enten ho ligg på senga eller er oppe.

Mest av alt vil eg ynskje henne
God betring ♥









fredag 10. mars 2017

Vinnarlukke


Tenk å vere så heldig å vinne
det flotte slumreteppet 
ga vekk.

Spennande å opne pakken.

Nydeleg teppe,
fargane kjem ikkje heilt til sin rett på bildet.

Det skal bli deilig å ta i bruk teppet
hekla i Alpakka og ullgarn.
Eg er nokså frostig av meg og
bruka ofte teppe/sjal over skuldrane
når eg sit i sofaen
så dette passa midt i blinken ♥

Tusen hjarteleg takk Marianne !

I tillegg til bloggen
har ho også ein
kreativ og spennande
Instagramkonto: @husetikrysset
og Facebookkonto: Marianne`s lille rom

Stikk ein tur innom henne !







torsdag 26. januar 2017

Litt tøflestrikk før jul


Det vart strikka nokre enkle
tøfler i desember.
Eg kunne ha strikka lestar,
men dette er enklare,
og like varmt å ha på føtene.
oppskrift hos

Garnet Viking Raggen
70 % ull - 30 % nylon

Raggi frå Järbo
70 % ull - 30 % Polyamid

Gründl Hot Socks Skandinavia
70 % ull - 30 % Polyamid

Tova tøfler strikka i
Cortina Soft

Sydde på bitar av 
antisklimatte
som også forsterkar tøffelen.

Vona at dei som fekk tøfler
er varme på beina sine.









onsdag 18. januar 2017

Bøker i julegåve



Juleboka til GatemagaZinet i Fredrikstad
var eg så heldig å få av 
Bloggvenninne Inger i mormoruniverset
Mykje fint å lese der.
Tusen takk Inger !


Juleroser
Eit vakkert julehefte, redaktør Herborg Kråkevik,
 inneheld dikt, noveller, kunst og sangtekster
nydeleg fletta saman.
Tusen takk til mi venninne Britt.


Den spennande boka 
Fargene forteller av
 Tove Steinbo
Om fargenes betydning - symbolsk,
psykologisk og estetisk.
Eg må lese og studere og finne ut 
kva "fargesamansetning" eg er
før eg kan ta kartlegginga i heftet som
fyl med boka.


Den innhaldsrike  og fine boka
Vinterfugler
fekk eg tips om i eit innlegg hos
Kleppanrova
og kjøpte boka til mannen min.
Boka skal vere på hytta.


Boka av Anne Holt
I støv og aske
fekk eg av son og svigerdatter
Andrè og Renathe.
Spennande krimroman med
Hanne Wilhelmsen som
hovudfigur.


Edvard Hoem 
Land ingen har sett
er tredje bind i den store krøniken om
Knut Hansen Nesje og slekta hans.
Godt fortalt om menneske i første
del av 1900 talet,
slit og fattigdom,men også gleder.










lørdag 7. januar 2017

Påfyll


av
Knekkebrød

Heimelaga knekkebrød er sunt og godt.
Fulle av frø og grovt mjøl.
Fasongen er ikkje det viktigaste, 
me lika dei best tynne og sprø difor blir
dei av og til litt brune i kantane,
men pytt pytt....

Den fine brødposen fekk eg i julegåve
av Celina Marie som har sydd den på skulen.
Farmor vart glad ♥

Det er mykje snø så me
har tenkt oss ut på ein liten skitur i dag.

God helg !








torsdag 22. desember 2016

Strikka julekuler

Når jula kjem er det fint å pynte 
både ute og inne.

Dei fine strikka
julekulene eg har fått
av slekt og venner
blir hengt opp i glaset







Eg er så glad i dei flotte julekulene.
Dei er kanskje strikka etter 
oppskrifter av Arne og Carlos.


Eg ynskjer alle ei god og fredeleg jul !






lørdag 8. oktober 2016

Sølvsmykker


For nokre år sidan var mannen min og 
barnebarnet Celina Marie i 
Ivar Aasen tunet.
Der fann dei eit fint sølvsmykke som
dei kjøpte til meg
Eg lika godt dette smykket og brukar det mykje.
Det passar både til fest og kvardags.
Eg får stadig kommentarar frå
folk som ser det og
lika det.

Ein dag eg hadde det på meg i
sentrum av Nordfjordeid var det ei dame som
kommenterte at smykket er laga
av dotter hennar som har
butikk i Eidsgata.

Mannen min og eg gjekk inn i butikken
som inneheld utruleg mykje 
fint handverk.
Der såg han ei slipsnål som han 
likte godt.
Eg tenkte i mitt stille sinn
at dette er ei fin 70 års gåve

Slipsnåla i sølv med 
FARFAR 
inngravert passa perfekt for han.
Barneborna ga han denne i 
bursdagsgåve.

Kathrine Berg
er utdanna gullsmed
og har verkstad og butikk på 
Nordfjordeid.

Om du vil kan du kike innom og
sjå mykje fint hos
Bergart & Sånt:

For ordens skuld, innlegget er ikkje sponsa.