Viser innlegg med etiketten Fjord. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fjord. Vis alle innlegg

tirsdag 28. juni 2016

Søndagsturen


 gjekk til Naustdalskamben
Ein fin liten fjelltopp som
det tek omlag tre kvarter å nå.
Her er fin utsikt over Nordfjorden 
mot Nordfjordeid

Det var lett regn og disig,
men fint og tørt i terrenget etter veker
med sol og vind
Hytta vår ligg på Harpefossen
lengst inn i 
Hjelmelandsdalen 
Ein flott gammal steingard
vitnar om flittige arbeidshender

Moltekart nær råsa

Nedattkomne frå fjellet
var ville blomster eit fint blikkfang

På hytta var me utan tilgong på Internett i helga,
det var både avslappande
og frustrerande....
Det er nesten ei fallitterklæring å vedgå
at ein er blitt så avhengig
av det.



fredag 6. november 2015

Indre Sogn

Me køyrde langs med den 
vakre Lustrafjorden,
ei fjordarm av Sognefjorden som er
den lengste og djupaste fjorden i Norge.

We drove along the
beautiful Lustrafjorden,
a 40km long arm of Sognefjord which is

the longest and deepest fjord in Norway.


Link til Skywatch-Friday

Inst i fjorden ligg
Skjolden 

Utsikt frå Skjolden 

Dale kyrkje i Luster

Like ved kyrkja er ein kafè
der dei bruka steinomn til å steike det 
fantastiske bakverket sitt.
Her er mange turistar om sommaren,
På denne tida av året møter bygdefolket opp.
Eg såg fleire kvinner som sat i kafèen
med strikktøy og kosa seg i godt lag.

På veg mot fjellet køyrde me
gjennom Fortun.
Her er utsikt over bygda frå ein
utsiktsplass ved vegen.

Der åt me god gjærbakst som me kjøpte
i Lustrabui.

Første innlegget frå turen til indre Sogn
ser du her





fredag 14. august 2015

Ut i det fri

Tok av frå Remmedalen i 
Eid kommune,
via bomveg til Heidasetra.

Det er eit vakkert syn å sjå utover dalen,
med det blå Slettebøvatnet og
Nordfjorden i det fjerne.
Snøen ligg framleis i fjella
på andre sida av fjorden.

Fint å gå frå setra og oppover fjellfoten
i nydeleg ver.
Første delen gjekk me på god
grusveg.


Idyllisk på setra der kyr beita rundt sela.


Terrenget bar preg av at snøen nettopp
har smelta.
Eit bevis på det er 
Molteblomster i midten av august.

Det har vore ein kald sommar.

Nysgjerrige sauer undra seg over
desse folka som kom og
 forstyrra dei.

Rast med knekkebrød, eple og vatn.






fredag 17. juli 2015

Naustdalskammen

Det er ein lett tur til dette fjellet på
475 moh.
i Eid kommune.

Me gjekk dit i fint ver forrige søndag.
Flugene var nærgåande,
så Mygga rollon var god å ha.


 Utsikt innover Nordfjorden mot
kommunesentret 
Nordfjordeid.
Nærast ligg krinsane
Haugen og litt av Naustdal


Utsikt i motsett retning,
mot vest ut fjorden til Måløy f.eks.

I haustferien hadde me med barnebarn
på denne turen.
Du kan lese om den 






fredag 1. mai 2015

onsdag 19. november 2014

Kveldsbod




Det er så lett og glad ein kveld.
Han kjem med løynde bod,
at nokon tenkjer på deg.
Du blir så varm og god.

Så blå som himlen er i kveld !
Så stilt kring berg og bø,
at alt i sinnet ser seg sjølv
som i ein spegelsjø.

Kvar kjem vel denne gleda frå
som stig i deg så still,
at du må audmjuk takke for
at du får vere til.

Tru gode tankar når til deg
frå ein annan stad ?
For noko må det vera, som
gjer deg så hjarteglad


Jan-Magnus Bruheim



Takk for at du stakk innom :)

Anne-Mari




torsdag 10. juli 2014

Kveldstur

til Veten 556 o. h.
 var ei fin avslutning på ein
sommardag denne veka.

Det var første gongen me var her.

Veten ligg på sørsida av Nordfjorden.
På andre sida ser me dalstrøket der
hytta vår er.

På fjellet såg me fleire fine tjern.
Bakgrunnen viser at det er snø i dei høge
fjella lenger sør i Nordfjord.

Moltekarten må få stå i fred 
nokre veker til.

I like






tirsdag 29. april 2014

Kontur

er 


På tur innom fjorden til nabokommuna 
såg eg motivet


Liadalsnipa 2730 m o h
her sett frå Ørstasida.

Og her frå vår side av fjorden.
Den er eit landemerke
med fin kontur/omriss.

Anne-Mari



lørdag 19. oktober 2013

Ferdamat



På tur til Austlandet tok me
ei ferje i Fjord1 selskapet.
Synet av det talande skiltet på veggen


var koseleg å ta med vidare på turen.



Svelene er nok det mest tradisjonsrike å ete når
ein fyl ferje over fjorden her på Vestlandet.
Me kom rett frå frukostbordet og kjøpte ingenting.
I bilen hadde me til og med kaffi på termos og
litt å bite i til turen..

Synet av skiltet ga meg tankar om at omgrepet ferdamat kan innehalde
så mangt.
Det minner oss om eventyra der
Espen Askeladd har ferdamat i sekken på
turane sine...




(Bildet er lånt frå Wikipedia)

Det kan vere opplevingane ein
får ved å køyre gjennom fin natur.



Som her ved eit lite stryk i Lærdalselva,


Å få auge på ei nydeleg gamal bru over elva
med vatn som skin som gull frå solskinnet i den gule haustskogen.



Få sjå på nært hald
Borgund stavkyrkje som truleg vart bygt før 1200 talet.

Og den vakre naturen i Hallingdal.




Opplevingane ein har på tur er også
Ferdamat,
mat for sinn og sjel.

God helg !

Anne-Mari


- Posted using BlogPress from my iPad

torsdag 11. juli 2013

Inst i Hjørundfjorden


Sist søndag då me besøkte 
Postkjellaren på Bjørke inst i Hjørundfjorden
 sjå innlegg her ,
køyrde me til Viddal og så langt 
vegen gjekk.

Her er vakre fjell

som strekker seg mot himmelen.

Dette fjellet ligg rett over fjorden for Viddal.
Legg merke til at det er vegetasjon nesten til
toppen av fjellet.

Jakta 1589 m o. h.
 er vel det mest kjende fjellet her inne.

På altanen til Postkjellaren sit
faren til Alva og mannen min og pratar om
felles interesser :)
Bak dei inste del av Bjørke.
Ein idyllisk plass.
 
Tjeld med unge som må passast på.
Han gjekk framfor bilen vår og
heldt på å bli overkøyrd.
 
Kraftig vind krusa vatnet me
køyrde langsmed på veg heim.

Ein skulle tatt mange slike bilturar og
sett på all den vakre naturen me har rundt oss.
Niste er godt å ha med så
ein kan raste der ein vil.
Det er slikt ein kan gjere når
sommardagane kjem...
Me ventar med lengsel på fleire
varme og fine dagar.

Linkar innlegget til