mandag 30. september 2013

Ottar 67 år

og
PENSJONIST
i dag.

foto: Tor Berglie
 
 Fagforeiningsmann
og politikar

50 år.
 
Avskilsfest på
Cafè Engebret

Heidra med gode ord,
 blomster og gåver.

No,
enda meir tid til å vere 
FARFAR

Høyr



enda meir tid til å vere 
i lag med meg



Ei langstilka rose
frå meg til deg
min kjære !

Gratulerer med dagen
og lukke til som pensjonist !

Klem frå Anne-Mari





søndag 29. september 2013

Tal

  Fototriss del 232: Siffror

  = tal

 - tre bilde på eitt tema


Tal på kjøkenbenken.

 Talet 602N på Jøtulomnen.

Lovleg maksimalfart på vegen.

 

Sjå  kva tal andre har

HER 

  Og link til 

Mandagstema #94 HER


 

lørdag 28. september 2013

God helg

den siste i september.

På ein tur langsmed landevegen i veka som gjekk
såg eg desse trufaste blomstrane
som har gleda oss
i heile sommar.
 Eg trur at første blåklokkene såg eg tidleg
i juni, og dei har nye knoppar
no i slutten av september !

Raudkløver
prøver seg framleis på blomstring.

Dei to andre har kanskje hatt kortare sesong.

Eg ynskjer alle ei fin septemberhelg !

Me skal på besøk til svigerinne og svoger på
fjellet og vonar på reprise av 
dette
Krede  er nydeleg !
 

Anne-Mari


torsdag 26. september 2013

Framleis fine


er Pelargoniane eller Geraniumane som eg seier.
Kjøpte dei hos Plantasjen
i slutten av mai.



Her står dei og gir glede framleis i slutten av september !
Skal tru om eg skal ta vare på dei over vinteren
og sjå om eg får dei til å spire neste vår ?
Eller gjere det på den enkle måten
og kjøpe nye når tida er der ?

I like




- Posted using BlogPress from my iPad


tirsdag 24. september 2013

Herleg haust



Fototriss del 231: Härliga höst

 - tre bilde på eitt tema

 Haust ved Løsetvatnet.

 Friske fargar og nysnø
i fjella på Harpefossen.

 Blodbøken " heim i veien"
- mitt paradis.

Bilda viser berre litt av det
hausten er for meg.

Sjå kva andre set pris på:

HER

Og



Nyt haustdagen !

Anne-Mari

søndag 22. september 2013

Farvel sommar

er Mandagstema #93

Det er mange ting ein kan sakne når 
sommaren er over.
Varme dagar, blomster, måltid under
open himmel, bading i sjøen osb.
 (og så bortetter)
Løvetanna er ikkje den eg vil
sakne mest,
men jammen syns eg den er vakker.


Og kanskje enda vakrare i utgangen av 
si levetid.


Den har si sjarm,
ikkje sant ?


Ei fin vise om
 Løvetann og skvallerkål
Tekst: Arnt Birkedal / Musikk: Carl Øyvind Apeland

sunge av

Du finn fleire sommarfarvel hos Helene 

HER 


No ser eg fram til ein fin haust med 
alt den har å by på :)

Eg ynskjer deg ei fin ny veke !

Anne-Mari



fredag 20. september 2013

Fiken

På turen i Dubrovnik som du kan lese om
HER 
fekk me servert fiken,
både ferske og tørka.
Og me fekk lære noko nytt.

 Drikk du vatn til ferske fiken
 blir det eit knallsterkt
avføringsmiddel ! 
Ein må drikke noko sterkt attåt
sa guiden ...


I Konavle fekk me servert snaps i mange 
varianter,
og tørka fiken,
så det var ingen fare ;)


Eg kjøpte ein pose lokalt tørka fiken der,
 har lagt dei i frysaren til jul.
Om den blir servert
med eller utan snaps veit eg ikkje :)


Ynskjer deg ei fin helg.
Anne-Mari 



torsdag 19. september 2013

Buskmure



Potentilla " Goldfinger "

Er ein av dei første buskane me planta i hagen.
Den har vore skore heilt ned til rota fleire gongar,
men kjem alltid oppatt.
Eg synest den er fin ! 
Den blomstrar frå juli til langt
ut på hausten.

(litt medtatt etter regn og storm)
 
Den er eit vanleg syn i dei fleste hagar
og rundt offentleg bygningar.

Eg har sansen for planter som
 steller seg sjølv ;)

Derfor vil eg heidre Buskmuren med eit innlegg
lenka til 


Fleire her:

I like #111 
 

Ynskjer deg fine haustdagar.

Anne-Mari




onsdag 18. september 2013

Onsdagstema #179

er 
SNART HÄNDER DET!  

Medan eg åt frukosten
kom dette slepet i synsranda mi

Skroget kjem frå Polen
eller eit anna land i Europa.
På kort tid vil skipsverft her i Ulstein
bygge det vidare til eit
av dei mest moderne
skip i verda.


Fleire bidrag til 
finn du
HER 


mandag 16. september 2013

Dubrovnik

Kull 20
 tok sjukepleieutdanninga i Molde
1967 til 1970
Me har hatt kulltreff fleire gongar gjennom åra.
Denne gongen reiste 16 av oss på 5-dagers tur til 
Dubrovnik i Kroatia,
også kalla Adriaterhavets perle (Lord Byron)

George Bernhard Shaw har sagt omlag slik:
" Om du vil sjå himmelen på jorda, 
kom til Dubrovnik "

Gamlebyen i Dubrovnik er vakker,
 med smale gater utan bilar og
massive murar i kring. 

For å kome seg opp på muren må ein klatre
oppover lange bratte trapper.
Eg var dum nok til å kjøpe billett, men med
min skrekk for høgde var det berre å snu.
Eg rusla i dei trange gatene og
kosa meg til dei andre kom att etter
å ha sett byen i fugleperspektiv.


Ei av dei trange gatene.
Det er mange fastbuande i Gamlebyen,
her såg me klesvask til tørk
på snorene.

Gamlebyen er på UNESCO si
verdsarv-liste.
Den har vore beskytta mot åtak i tidlegare krigar,
men i 1991 etter oppløysinga av Jugoslavia
gjekk nabolanda Serbia og Montenegro til åtak
med bomber og granater og gjorde mykje skade.

I dag kan ein ikkje sjå så mykje spor etter det.
Mange land, der i blant Noreg hjelpte
til med oppatt-bygginga.

Ein av dagane tok me båt frå hamna
i gamlebyen til øya Lokrum som
du ser på bilda over.
Der bada me i det klare og reine
Adriaterhavet.

Kullingen Grete Misund hadde lagt opp den 
innhaldsrike turen
ilag med reisebyrået Berg-Hansen.
I Dubrovnik hadde me svært god omvisning av guide som
snakka skandinavisk.
Både ho og sjåføren var flinke.

Me var ein dagstur over grensa til Montenegro,
der me vitja byane Kotor og Budva 
Sjå kart over Montenegro her

Den gamle byen Kotor ligg i Kotor-bukta,
det næraste Adriaterhavet kjem ein fjord.

I Budva sto dette stativet med
"dødsannonser". Her kan innbyggarane 
få informasjon om kven som er døde og
når dei skal gravleggast.
God idè, ikkje alle har aviser.

Begge desse byane hadde trange gater,
fleire kyrkjer og katedraler,
og vernande murar rundt.

Tur til Konavle-distriktet sør for Dubrovnik var ei stor oppleving.
Me vart yngst velkomne med godsaker som
tørka fiken og appelsinskal i tillegg til 
ulike typer snaps og vin.
Dei møtte oss i sine tradisjonsrike drakter som er 
særeigne for denne dalen.
Her fekk me sjå korleis dei tidlegare hadde
 produsert mjøl og ulltøy.
Interessant at dei hadde gjort det omlag
sameleis som hos oss i tidlegare tider.

Etter omvisninga fekk me lunsj
med heimelaga skinke og ost,
og mykje godt å drikke til.

 I ein liten landsby Gruda var me også på besøk hos
her fekk me blant anna sjå korleis dei produserer
silke.
Det var spennande å høyre om dette.
På bilde over ser du korleis silketråden blir dregen ut av 
"puppene". Fleire kilometer silketråd frå kvar.
Utruleg artig, og vanskeleg å gi referat frå.
Kvinnene i distriktet går i draktene som vist ovanfor.
Bringestykka er brodert med bitte bitte små sting med 
sjølprodusert silketråd,
og har ulik fargesamansetning utifrå
sivilstand.
 Konavle er kjend for gamle tradisjonar
og her vart mykje skada under krigen på 1990 talet.
Tradisjonell mat i Kroatia er velmodna ost og
moden spekeskinke.
Det fekk me servert dei fleste stadar me var.



Det var mange gode måltid,
første kvelden åt me i ein familieeigd restaurant der
dei serverte lam som var tillaga på ein særeigen måte.
Aldeles nydeleg.
Høgdepunktet var middagen i Gamlebyen siste kvelden.
Eit utsøkt 4 retters måltid i restaurant Klarisa.
Me sat i bogegangen under open himmel.
Det var nokså mørkt så det var ikkje godt å fotografere.
(bilde frå restaurant Klarisa er lånt frå nettet)
Restauranten ligg i det tidlegare 
klosteret St. Klara frå 13. og 14. århundre.
Restaurant Klarisa, tidligare kjent som Restaurant Jadran, 
 opna i 2011 etter ei total ombygging.
Guiden fortalde ei rørande historie frå klostertida:
I byen var det mange tenestejenter i arbeid hos
dei velståande. Ofte fekk desse barn som dei ikkje
hadde høve til å ta seg av.
Det var allment kjent at i klosteret gjekk
vaktene vekk frå porten kvar kveld ei lita stund frå kl 24. 
Eit vindauge sto ope så jentene kunne legge frå seg 
babyane sine for at dei skulle bli tatt vare på. 

Det var ein opplevingsrik tur der 
gleda over å vere i lag var stor.
Vennskapsbanda me knytte på internatet for over førti år sidan 
blir sterkare for kvar gong me møtast.

Takk for dei kjekke dagane ! 

Anne-Mari 








søndag 15. september 2013

Søndag

Det er godt å gå formiddagstur
ein søndag
i duskregn
og sjå skodda ligg som eit
teppe mellom fjella.


Puste inn den friske lufta
og få auge på eit
kunstverk.


 No
er det ettermiddag
og me skal i bursdags-selskap til
svigerdottera vår

Ha ein fin søndagsettermiddag du òg !

Anne-Mari


fredag 13. september 2013

Rognebær


Eg kom heimatt frå Dubrovnik i går kveld
og vil dele inntrykk her i bloggen,
men må samle tankane først.


Imens blir bildet av
rognebæra 
ei helsing til dykk alle.

Anne-Mari





fredag 6. september 2013

Solbærsyltetøy

Solbær skulle vore i alle hagar, Den er 
full av C-vitamin og mengder av antioksidanter.
I sesongen bør me ete så mykje me kan av dei
gode og sunne bæra rett frå busken.
Elles kan den brukast på mange 
måtar, både til dessert og
saft.

Det var berre 750 gr. bær på den gamle busken i år.
 Eg laga syltetøy opp i
 fire små glas.


Dette er oppskrifta eg brukar på Solbærsylte:

3 dl vatn pr kilo bær
Trekke 15 - 20 minutt
 slå over i dørslag
Stå ca. 1 time eller over natta
Koke opp og røre inn 1 kg sukker pr. kilo bær 
Kok opp til sukkeret er oppløyst.
 Ha i reine og varme glas med tett lokk og 
snu oppned til dei kolnar.
Eg brukar å oppbevare syltetøy
kjøleg.
 Lukke til om du har lyst å 
lage det tradisjonsrike og vitaminrike
syltetøyet.

Eg ynskjer deg ei fin helg !

Anne-Mari
 



torsdag 5. september 2013

Vår beste dag

Den varme og fine septemberdagen
runda fint av i går kveld.

I dag starta dagen med å høyre radio
og få denne fine opplevinga:

 
Kom og lytt til lyset når det gryr av dag
Solen løfter sin trompet mot munnen.
Lytt tilhvite sommerfuglers vingeslag;
Denne dag kan bli vår beste dag!
Stien som vi gikk i går er like ny,
Hemmelig som ved vårt første morgengry;
Mangt skal vi møte – og mangt skal vi mestre
Dagen i dag – den kan bli vår beste dag.
 
Kom og lytt til dypet når vi ror mot dag,
Hør, maneten stemmer sine strenger.
Løfterik er tonen i et fiskevak,
Denne dag kan bli vår beste dag!
Fjorden vår er like ny og blå og blank,
Blikket ditt er fritt og ryggen like rank,
Mangt skal vi møte – og mangt skal vi mestre
Dagen i dag – den kan bli vår beste dag.

Kjære lytt til mørke når vår dag er grått,
Natten nynner over fjerne åser.
Mangt har dagen skjenket oss av stort og smått,
Mer, kan hende, enn vi har forstått,
Månen over tun og tak er like ny,
Men tier stille om vårt neste morgengry.
Mangt skal vi møte – og mangt skal vi mestre
Dagen i morgen skal bli vår beste dag.


Eg ynskjer alle som vitjar bloggen min
ein fin dag !

Helsing Anne-Mari

og linkar innlegget