fredag 18. januar 2019

Värme

Dette er oversikta over den kjekke utfordringa til Sanna der
me skal tolke, på vår eigen måte,
eit nytt ord kvar veke.

Som du ser er ordet denne veke
Värme.

I dag kom Ottar og eg til hytta og fekk sjå at det hadde lagt ned mykje snø.
 Det var berre å brette opp ermene,
problemet er at det er berre Ottar som kan gjere det,
eg skal ikkje gjere tungt arbeid pga stæroperasjonen 
som eg skreiv om i forrige innlegg...

Eg fyrte i omnen for å få varme i stova.


Sette meg godt til rette med strikketøyet.

Deilig Varme frå skinnfellen.

Men eg likte ikkje situasjonen,
her skulle eg sitte på baken og sjå på
han som sleit og moka snø ute.
Det positive var at han fekk varmen i seg,
og eg fekk bilde til blogginnlegget :)
God helg !







tirsdag 15. januar 2019

Grå stær


Det første auget eg fekk operert for
Grå Stær 


I går var eg igjen hos Medi 3
i Ålesund og fekk operert venstre auge.

På radioen høyrde me om stormen som
førte til at fly, ferjer og hurtigbåtar 
var innstilte.
Det var spennande om eg kom
meg fram til behandling.

Men det gjekk fint over fjorden med den
moderne og gode hurtigbåten Godøy.

I dag var eg tilbake til Medi 3 og kontroll.
Alt ser bra ut, no er det berre å fylgje oppskrifta første veka,
Ta det med ro, ikkje bøye meg, ikkje løfte tungt, 
ikkje dusje/vaske hår
 Eg må finne fram den gammeldagse vaskekluten...
Dryppe auget 3 gongar pr. dag i 3 veker.
Etter 6 veker gå til optiker og få tilpassa nye briller.

Eg gle meg til å få lese både smått og stort :)

----

Heime i stova kan eg gle meg over
den fine Azaleaen eg fekk i bursdagsgåve
1. desember.






lørdag 12. januar 2019

Krystall


Ord nr. 2 hos Sanna i år er
Kristall.

Eg har mange gjenstandar i krystall,
men er litt seint ute med 
fotografering og bloggskriving,
så det blir litt nytt og litt frå arkivet.

I Vitrineskapet står dette fatet designa Benny Motzfelt
fylt med krystallfrukter.

Skåla av same designer er
bryllaupsgåva frå sjukepleiekullingane mine
juli 1970.
Du kan sjå innlegg eg skreiv om Benny Motzfeldt








søndag 6. januar 2019

Årets forbilde


Karsten Warholm.
Gratulere med den fortente prisen
«Årets forbilde»
i Idrettsgallaen på NRK i går kveld.

Karsten Warholm
frå Ulsteinvik er ein
«likandes kar»
som alle er stolte av,
og føle me eige litt i :)

Lukke til vidare !





torsdag 3. januar 2019

Tankar

Først av alt vil eg ynskje
Godt Nytt År til alle.
Takk for trivelege stunder i året som gjekk.

Tusen takk til 
som vil halde fram med å gi oss utfordringar
også i det nye året.
Første ordet er
Tankar (svensk)
Thoughts (engelsk)

Eg er ikkje så aktiv med blogging som før,
men tanken er å prøve å løyse 
desse utfordringane.
Då blir det iallfall
eitt innlegg pr. veke.
Kanskje får eg tid og lyst til fleire.

I dagane før jul fekk eg pakke i posten,
Stor var mi glede over å få desse
lekre, varme og gode hjertevottane frå ei 
bloggvenninne.
Inni pakken låg også eit nydeleg kort
med gode oppmuntrande ord.
Omtanken varma langt inn i sjela mi,
og gjorde så godt i dei tunge dagane som 
prega oss alle.

Eg set virkeleg stor pris på dei 
gode og varme
tankane til Monika
i bloggen
Livet med GårdsFrua




Gemsweeklyphotochallenge v.1 - Tankar -