søndag 21. juli 2019

Sommarblomster

Blomma
er ordet i utfordringa hos 
Sanna denne veke.


Ei lita runde der eg bur fekk meg 
til å stoppe opp
og nyte synet av nydelege blomster.

 Det er rik blomstring langsmed vegkanten
denne sommaren.

 Eg høyrde nokon seie at det er så frodig i år
fordi sommaren i fjor var så tørr.

Ekstra frisk raudkløver i graset.

Blomstrane i fjøra er også flotte.




onsdag 17. juli 2019

Mønster


Mönster er ordet i utfordringa til Sanna
denne veke.

Når ein rydder i kasser på mørkeloftet
kan ein finne gamle skattar.
Skjørta frå 1980 talet med fine mønster
har eg ikkje  råd å levere i Uff-containeren.
Eg skal bruke dei.

På kjøkenbenken i hytta står 
Figgjoskåla med fint mønster

Far og svigerfar var flinke til å lage kunstverk i tre.
I hytta heng bl.a. Mangletre med rulle og Skei i 
fine mønster.
I gamle dagar var Mangletre brukt til å stryke klede.
F.eks. rulla dei duken rundt rullen og 
"strauk" med mangletreet.
Godt å ha elektrisk straum så me kan 
bruke strykejern ;);)





fredag 12. juli 2019

Bessie for siste gong


Bessie vart 13 år og mett av dagar.

Eg har skrive innlegg om henne her i bloggen
mange gongar.
Du kan klikke på Bessie under Etiketter,
eller skrive Bessie i søkefeltet over til høgre.

Ho var ein trufast venn for 
 meg og alle her i Tuå.
Godlynt og folkekjær,
ein fantastisk hund.

Me vil sakne henne.

Me har heldigvis to yngre hundar i familien å vere i lag med.

Leonardo
(som eg er farmor til :)
Klikk på namnet hans i Etiketter eller
søkefeltet over til høgre 
så finn du mange innlegg om han.


Jamie
(som eg er tante til :)


"Lykken er en snill hund"
Charles M. Schulz
(Knøttenes far)






tirsdag 9. juli 2019

Myklebustskipet på Nordfjordeid


Ordet i utfordringa til Sanna er
VISE eller SHOW
denne veke.

Eg vil vise bilde frå besøket ombord
i Vikingskipet på Nordfjordeid.
Skipet er bygt av dyktige og erfarne
båtbyggarar frå Bjørkedalen.

" Myklebustskipet er restene av et brent vikingskip som ble funnet i en gravhaug 
på gården Myklebust i Nordfjordeid. 
Bare naglene er intakte, men ut fra antallet kan skipet ha vært minst 25 meter langt, 
kanskje det største vikingskipet som det er funnet spor av hittil i Norge. Wikipedia " 

Ottar vart liten i det enorme skipet.





Det svære roret er fleire meter høgt.




 Det spektakulære skipet vil nok bli eit 
attraktivt festlokale.
Den dagen me var der var det 
duka for bryllaupsfeiring.


Her kan du sjå frå bygginga av









mandag 1. juli 2019

Spets


Denne veke er ordet
Spets
i utfordringa hos Sanna

Eg kjenner ikkje dette ordet på norsk,
men har googla og fann at
det kan tyde for eksempel
topp, hode, pigg, blonder....

Me er på hytta i regnveret og eg har prøvt
å finne motiv her som eg trur
kan tyde spets.

 Revebjelle, Digitalis purpurea
med toppen i himmelsjå.
Planten er giftig.
Eg hugsar frå min barndom at bestefar brukte
Digitalis tablettar mot hjartesjukdom.

Eg tenkje at toppen på stolen
har spets...
Sommarveret er regn og atter regn,
og kaldt.
Bra møblane er laga i cedertre og toler 
å bli våte.

I soveromet på hytta er det
blondegardiner og mørk rullgardin.
På senga ligg ei pyntepute med spisse
hekla blonder rundt kanten.

Når eg ligg i senga kan eg sjå rett på den store
klokka med spisse visarar.
Eg treng ikkje briller heller..

Vermeldaren snakka om temperaturer ned mot frysepunktet
og vinterdekk på bilane.
Eg trur ikkje det er sant !!