fredag 31. juli 2015

Litt av Oslo


 I går var siste dag i Oslo for denne gong.
Begge barnebarna og laga deira 
gjorde ein heiderleg innsats
i NorwayCup
utan å kome heilt til topps.
Takk for spennande og kjekke dagar !

Mannen min og eg brukte resten av dagen
til å gå rundt i byen.
Blant anna ved
Akerselva.
Veggkunst overalt i Vulkan-området.
Og blå himmel !




Eit lite glimt av Akerselva


Takk til alle som er innom.
Det vart ein ufrivilleg bloggpause.
Berre 1 gong fekk eg til å 
produsere innlegg frå
iPaden.
Eg må prøve å finne ut kva eg gjer feil
til neste gong eg er på tur.



tirsdag 28. juli 2015

NorwayCup



Det er spennande å vere på NorwayCup.
Vêret er ein ting,
søndag var det regn og kaldt,
Men kampane går sin gang med stor iver både frå spelarar og
publikum.



To av barnebarna våre er med.
Her er Celina Marie og Jenter 13 år frå Hasundgot IL
i lag med jentene frå Keflavik Island.



Benjamin på Gutar 15/16 år frå IL Hødd
står i mål.
Måndag var det strålande vêr i Oslo, akkurat slik
me likar det :)
I dag går vegen til Ekeberg og nye kampar.
Eg ynskjer alle, men særleg mine to barneborn
lukke til !


Posted using BlogPress from my iPad

søndag 26. juli 2015

Gul løe

Eg lika den sjarmerande gamle løa

Det gjer Jonsokblomen òg,
der den poserer
framføre.

Raud jonsokblom - jonsoksmelle
Silene diotica



lørdag 25. juli 2015

Markblomster


er eit av naturens
 underverk.
På turen til Naustdalskammen
plukka eg ti ulike sortar,

 Går litt nærare inn på halvparten av dei,
men kjenner ikkje namnet på alle.

Namnet på Smørblomsten 
er barnelærdom.

Raudkløver

Prestekrage

Denne veks overalt, men eg veit ikkje namnet.


Blåklokke med besøk.

Og kva heite denne ?
Den minner om Forglemmegei, men er
det slike blad på den ?






torsdag 23. juli 2015

Sommargåte


                         På bloggen i dag.


                               Lukke til !

                               Anne-Mari

Prøver appen Blogger for å blogge frå iPad i dag.
BloggPress som eg har brukt i mange år har blitt vanskeleg.
Får ikkje laste inn bilder i innlegga.
Nokon som har tips ?





mandag 20. juli 2015

Dekadanse ?



Eg lèt meg sjarmere av

det grove og rotete,
og dei vakre fargane.
Kanskje kan motivet gå under omgrepet
dekadanse/forfall.




lørdag 18. juli 2015

45 års bryllaupsdag

18 juli 1970

Peoner på bordet i dag.

45 år etter.
Det må feirast med
Jordbærkake.

Det var så triveleg at akkurat i dag kom
bloggvenninne Inger i
mormoruniverset
og mannen Øyvind på besøk.
Etter kaffi og kake tok me turen til
Flø.
Her såg me nokre av seglskutene
frå Tall Ship Races forlate
Ålesund

På Flø har Moods of Norway butikk,
der måtte me sjå innom.

Takk for kjekt besøk.

I kveld skal me feire barnebarnet
Benjamin sin 15 års dag (12 juli)
Fin kombinasjon !




fredag 17. juli 2015

Naustdalskammen

Det er ein lett tur til dette fjellet på
475 moh.
i Eid kommune.

Me gjekk dit i fint ver forrige søndag.
Flugene var nærgåande,
så Mygga rollon var god å ha.


 Utsikt innover Nordfjorden mot
kommunesentret 
Nordfjordeid.
Nærast ligg krinsane
Haugen og litt av Naustdal


Utsikt i motsett retning,
mot vest ut fjorden til Måløy f.eks.

I haustferien hadde me med barnebarn
på denne turen.
Du kan lese om den 






torsdag 16. juli 2015

Sommargåve

Ein fin sommardag kom det ein gledeleg
pakke i posten.

Den kom frå fine Viola med bloggen
Familie Barwitzki

Løparen har ho sydd i eit 
festleg stoff 
som passa godt til bordet vårt på hytta.

Det fine smykket har ei fin
skinnreim som eg kan justere
lengda på.

Eg vart overraska og kjempeglad for gåvene.
Dei er allereie tatt i bruk.

Tusen takk Viola !




onsdag 15. juli 2015

Odessa-hue

Eg hadde lyst til å strikke ei
 sommarhue i bomull 
og fekk tips om oppskrift hos
Odessa-hue

I oppskrifta var det ikkje sagt kva alder
masketala er berekna på.
Eg brukte Mandarin Naturell frå Sandnes Garn,
som såg ut til å ha lik tjukkelse med Tuva som sto i oppskrifta.
La opp 110 masker og strikka halve hua, såg at
den ville bli altfor stor.
Rekte opp og la opp 100 masker.
Strikka ferdig hue, men den var også kjempestor.
På tredje forsøk  tok eg ein ny bunt,
la opp 90 masker og strikka
ferdig hua som no passa fint til 
Ella Victoria.
Ho lika den godt og
har den med på sommarferie :)

Kjekt å lage noko dei lika.


tirsdag 14. juli 2015

Revebjelle

veks vilt mange stadar, 
flott å sjå på, men er
svært giftig !
Den har blant anna i seg stoff som
påverkar hjartefunksjonen.
difor må ein halde den på avstand.

Digitalis purpurea

Andre norske namn er:
Røveleike (på mi dialekt)
revebjølle, bjølleblom, røvehanske, fingergull,
fingerbjør, fingerbjølle, akkalei.

Namn på andre språk:
Svensk: Fingerborgsblomma
Dansk: Almindelig Fingerbøl, Heksens Klokke
Islandsk: Fingurbrargablòm
Finsk: Somustinkukka, Rohtosormustinkukka
Engelsk: Foxglove, Common Foxglove, Purple Foxglove
Tysk: Roter Fingerhut, Fingerhut
Fransk: Digitale pourpre
Spansk: Dedalera

Vakker mellom 
mose og stein.


Hjarteleg takk for alle fine kommentarane
på forrige innlegg.
Det varma.

Anne-Mari



mandag 13. juli 2015

90 år ville ho vere ...



i dag 13 juli, 
om ho fekk leve.

Vår varme, rause og omsorgsfulle
mor, svigermor,
bestemor og oldemor
døydde av kreft for 13 år sidan.

Marie vaks opp på Åsen 
i Hjartåbygda, Volda kommune.

På bildet er mamma rundt eitt år.
Syskenflokken på sju miste mor si
den sommaren mamma fylte ni år.
Den sommaren var tante Agnes (til høgre i bildet)
13 år. Ho fortel at ho og mamma som då var 9 år hadde
oppgåva å gjere reint huset før gravferda til mora.
Dei låg på alle fire og skura det store kjøkengolvet
og dekte det med friskt einebar...


Tidleg måtte ho, som mange andre jenter i bygda, på 
sætra i Aldalen om sommaren.
Dei passa kyrne, mjølka og bar spannene
nedatt til garden på bratte
kronglete stiar.
Det var ofte eit slit, men når ho fortalde om det
var det med glede over fine
dagar som sætrejente.
I 1947 gifte ho seg med far vår og flytta til
Ulsteinvik.
Sjå innlegg om det
HER


Mamma var eit arbeidsmenneske heile livet.
Hendene låg aldri i ro.
Ho var ei aktiv kvinne, 
blant anna i Norske Kvinners Sanitetsforeining.
og politiske verv,
Ho fekk plass i boka " 100 år 100 namn " i Ulstein
i 2014.

Sorga og saknet har bleikna,
men framleis tek eg meg i å tenkje at
" dette må eg spørje mamma om "...

Anne-Mari







torsdag 9. juli 2015

Rosa Rugosa

" Rynkerose "


" Rynkerosen " er ein av dei roseartane som
er lettast å kjenne igjen med sin særeigne lukt.
Den er i dag sett på som ei av dei største
problemplantene i Noreg, og det
er sett i gong tiltak for å 
fjerne den.
Om hausten blir det frukt på den,
denne er rik på C-vitamin og
passa til syltetøy og
suppe.






tirsdag 7. juli 2015

Skeetervac



Her hos oss var det nesten umuleg å
kose seg utandørs på fine 
sommarkveldar.
Knotten plaga livet av oss.
Mange kjerringråd vart prøvt, men etter at me
gjekk til innkjøp av ei myggfangemaskin
for fleire år sidan
er plagene sterkt reduserte.

Skeetervac er sett saman av ein propantank og 
eit luktande lokkemiddel.
Når innsekta  blir lokka til fella kjem dei 
bort i eit vakum som syg dei inn i ei skuff.
Utallige andre blir festa til klisterpapiret som 
ligg rundt maskina.
Mygg og andre insekt blir tiltrekte av
 CO2 og luktstoff frå kroppen til menneska.
Det er denne blandinga Skeetervac etterlikna.


Det er ikkje alle som har tru på at denne
innretninga virka,
men vår erfaring er at det er
mindre mengder knott som
gjer livet surt for oss dei sjeldne
sommarkveldane me kan nyte utendørs.

Trur likevel at det så mykje knott
at svalene også i år greie å 
fòre fram ungane som dei har
opp under taket i løa.





mandag 6. juli 2015

Stilt ute

Frå stoveglaset ser eg kvar morgon ut på
 dette vakre småbruket.

" I stillheten spirer livet.
I stillheten er du aldri alene "
Ferdinand Finne

ser du eit av dei mest besøkte innlegga mine.
Det har bilde frå same staden.


Anne-Mari



søndag 5. juli 2015

Sjøliv


Siste dagane har det vore 
skikkeleg sommarver.
Då må ein nyte dagane.

Båttur med to av barnebarna
Celina Marie og Leah Sofie.
Me gjekk i land og grilla på berga.

Farmor fekk sjangsen til å 
bade i sjøen.

Badesesongen har starta.
Herleg.

Prøvde kajakken,
men er absolutt amatør.
Må nok øve ofte for å bli god på dette.

Lenke til




fredag 3. juli 2015

Rhododendron i hagen

Det er eit flott skue rundt oss
i hagen no.
Store flotte Rhododendron står i full blomstring.
Og som sagt før, eg veit ikkje
namn på dei.

Desse tre som blomstra pluss den
store kvite som er avblomstra har foreldra mine planta.
Hagane våre går i eitt så eg 
reknar dei som mine :)

Den vakre mørke lilla til venstre.

Den robuste lyse lilla som det er 
fleire av i hagen,

Og den vakre djupraude som står litt
inneklemt mellom dei to store
(lys lilla og den tidlege kvite)
Eg har vurdert om den kan flyttast,
men veit ikkje om det er gjennomførleg.

Litt unna står denne fine 
rosa.

Ser ein ekstra godt på ein Rhododendron 
legg ein merke til dei fine kunstverka.


Denne er ganske mørk raud/brun og står 
bak huset i lyng og skog.
I år er det mange blomster på den,
 ikkje kvart år det er like mykje.

Eg synest den er 
svært vakker.

Nær inngangspartiet står denne
lyse lilla.
Den veks fort og gir mykje glede.

Today`s Flowers

Tidlegare på sommaren har andre Rhododendron blomstra.
Innlegg om dei her:
I mai
I juni

Ynskjer deg ei strålande sommarhelg.

Etter den varme gårsdagen kom
det regn og temperaturen
var rundt 18 til 20 grader i dag.

Anne-Mari