Viser innlegg med etiketten hav. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hav. Vis alle innlegg

mandag 25. mars 2019

Kvass/skarp


Vass, sharp(engelsk)
er ordet i utfordringa til Sanna denne veke.

Eg tenker på kvasse gjenstander,
kvasse/skarpe kantar,
kvass vind.

 Kvass vind gir store bylgjer som slår inn mot land.


 Den gamle raspa har eg arva.
Raspa har skarpe/kvasse opningar.
Den kan brukast til å raspe poteter, gulrøtter osv.


 På kjøkkenveggen i hytta heng raspa
i lag med fleire gamle
gjenstander.


Eg har samla nokre gamle kjøkkenreiskapar.
Sjå denne skarpe/kvasse gaffelen.
Den var nok brukt av store
mannfolk :)


Det trengs skarp/kvass kniv til å
skjere i fenalåret.

Ålesund har hus med kvasse detaljar.
Ella Victoria nyt synet sittande ved ein 
skarp murkant.







lørdag 2. februar 2019

Februardag


Før eg sto opp i dag låg eg og høyrde på radio,
der sa dei blant anna at månadane
 Februar, Mars og November
startar på same dag.
I år på ein fredag.
Men neste år, i 2020, blir denne regelen broten
fordi då er det skottår.
Kanskje ikkje nyttig å kunne dette,
men greit å vite :)

Eg starta dagen med å bake
Pizzasnurrar.
Med ungdom i hus er det greit å ha noko
enkelt og godt i frysaren til nistemat.


Etterpå tok me på piggsko og gjekk ein tur i nærområdet.
Herleg å sjå kor lyst og fint det er der sola når fram.

 Ulsteinvik bada i februarsol.
Legg du merke til den flotte fargen på 
det nye skipet ved skipsverftet ?

Holmar og skjær med
storhavet attanfor.

Nesten heime.
Blikkstille sjø og nydelege fargar.
Ja, du ser vel det fargerike skipet på alle bilda ?

I morgå blir det middag til
heile familien på 12 
Det blir poteball med mykje godt attåt.

God laurdaskveld !









tirsdag 23. oktober 2018

Vy

Vy
er ordet i Sanna si utfordring 
denne veke.

Vy kan tolkast på fleire måtar som
vanleg er med alle orda Sanna utfordrar oss på.

Utsyn, overblikk, perspektiv.
Ein person kan ha store vyar for framtida


Ikkje uventa vel eg å vise bilde av utsikt mot 
hav og himmel.


Bilde frå ein tur til Flø.


Grønt gras til langt ut på hausten.


Endelaust vakkert...


Vy mot Atlanterhavet.

Du kan sjå vyer hos andre bloggere her:
Gemsweeklyphotochallenge v. 43 - Vy -







torsdag 5. juli 2018

Myrull på Rundefjellet







Sus i myrull

Livet er ikke alltid
et hesblesende kappløp med døden.

Livet er ikke bare
titusen strevsomme steg
mot små mål.

Nei, livet er rikt nok til
å være bare sus i myrull --

Livet er rikt nok til
å glemme timene og brødet
og døden.

Men alle disse flittige -
med lønningsposer og armbåndsur
og spisestue i lys bjørk ...?
De er så gjerrige på minuttene.

Ropet fra hjertene drukner
i larmen av stempler og stål.

Men myrull suser i sønnavind
den enkle sangen
som hjertene minnes i maskinhallene.

Og ensomme fugler
seiler i sol,

seiler i sol og skriker --

Hans Børli





tirsdag 19. juni 2018

Turkis/turkos


Ordet i utfordringa til 
Sanna er
Turkos 
denne veke.
I mi norske dialekt assosierte eg ordet med
å ha ein fin tur med koselege aktivitetar :)
Eg planla å lage innlegg om den årvisse turen til Runde som 
Hjarterehabiliteringa ved sjukehuset i Volda 
arrangerte for ei veke sidan.
Hm, stor var mi undring då eg oppdaga at 
turkos på svensk er turkis på norsk :)

Men eg hoppar i det,
jakka mi har iallfall ein turkis farge
så eg er innanfor... ;)
På Rundefjellet med Goksøyra bak til venstre.

Mannen min Ottar med 
og storhavet i bakgrunnen.


Det er fint lagt til rette med turvegar som skal
hindre at fuglelivet vert forstyrra.



I år var det over 70 personar som tok del,
nokre hadde med ektemakar.
Me gjekk litt over to timar i fjellet 
og avslutta med fiskesuppe på 
Alle var fornøgde og gler seg til neste år.









lørdag 7. april 2018

Ishavskjerringa

Eg synest Ishavskjerringa i Brandal på Sunnmøre er eit 
flott syn der ho står ved 


 vender blikket mot havet
og har Sunnmørsfjella bak seg.

Monumentet er laga av
kunstnaren Tore Bjørn Skjølsvik.
" ISHAVSKJERRINGA
Sidan Sunnmøringane starta selfangst har der heile tida
 vore ei dame det har blitt snakka lite om. "Ishavskjerringa".
 Ho som alltid sat igjen heime

 når mannen og ofte både ein og fleire søner reiste på ishavet.

 Som regel byrja dei på denne farefulle seglasen så snart 
dei hadde fått prestehanda på seg.
Dei tenkte ikkje så mykje på faren med det, 
men meir enn ein gong har både far og son kome vekk på same skute. - 
Dei var sterke, sjølvstendige kvinnfolk. Ofte med store barneflokkar,
 som heldt styr på det meste medan mennene var på ishavet.
 Dei hadde ikkje radio som kunne melde ifrå heim korleis stoda var. 
Ho som sat heime visste ingen ting frå dei gjekk ut kring neset 
og til skuta kom siglande inn mot heimestrender igjen.
 Der sto ho, ute på yttarste neset og speida etter skuta 
når den var ventandes heim  Var flagget på heil eller halv stang tru? 
Ofte kom dei ikkje i det heile tatt.
 Skuteforlisa var mange og dramatiske.
 Dei største katastrofane var i 1917 då sju skuter forliste,
 seks i isen og den sjuande på veg til Grønland.
 87 mann kom vekk. Den andre var så seint som i 1952 då det kom vekk 
fem skuter med 78 mann. 
48 koner med 98 umyndige born sat igjen heime utan sin forsørgjar.
Ishavskjerringa hadde ansvaret for heimegard med krøter, sauer, 
slotten og ofte ein stor barneflokk. Ho rodde også små - sjøen
 for å spe på hushaldinga.
Monumentet over "Ishavskjerringa" er no kome på plass
 ved uteområdet på Ishavsmuseet i Brandal. 
Den skal minne oss alle, både i dag og i framtida,
 om deira store innsats og ansvar for barneflokk,
 besteforeldre og heimegard. Medan mennene kjempa sin kamp 
mot naturkreftene på ishavet for å ha eit levebrød
 og i mange tilfelle aldri kom heim."





fredag 18. august 2017

Storhjelm eller Prakthjelm ?


Ona og Husøya er 
bunde saman med ei bru.
På Husøya ligg gravplassen


Ved den gamle kyrkjegardsmuren sto det 
fleire grupper av denne
 planten


Eg er usikker på om det er 
Prakthjelm eller Storhjelm,
fine er dei i alle fall.



Tidlegare innlegg om Ona 






onsdag 2. august 2017

Ona 2


Her kjem fleire bilde frå
Ona.
Første innlegget finn du 
HER


Husa står tett på Ona




Stiane på øya går mellom
husa heilt inntil veggen



Rom til leige i nokre av husa

Spasertur rundt hamna i den fine kvelden

Stilt 

Siste rest av sol i horisonten


Storhavet der ute


Farvel for denne gong..








onsdag 26. juli 2017

Ona


er ei øy langt ut i havet
i Møre og Romsdal



Syster mi med familie har hus der.
Bror min, mannen min og eg besøkte dei
sist helg.
Ona med bru til Husøya er eit levande samfunn
som har mange spennande opplevingar
å by på.
Etter krigen budde det på det meste 
mellom 300 og 400 menneske der.
I dag bur der omlag 30 fastbuande.
Mange hus er kjøpt av folk som har tilknyting til Ona,
eller av andre frå fastlandet.
Husa blir tatt vare på og brukt som fritidshus.

 Ona fyr er eit kjennemerke 

Frå fyret ser me den tette busetnaden
på Ona
til høgre i bildet ser du brua over til Husøya

Her ser me nokre av husa på Husøya.
Kyrkjegarden og forsamlingshuset er på den øya.

Det er eit yrande liv i det vesle
samfunnet
måsar og terner hekkar på glaskarmane

Om natta ligg ferja på Ona,
visst du ser godt etter ser du at på fenderlista 
på ferja er soveplassen for mange måsar...
Der er også måsereir inni
ei opning i skutesida...

Menneska som bur eller besøke Ona 
kan finne spennande ting å kjøpe.
Der er to keramikkverkstadar med fine
gjenstandar,
biletkunstnar/butikk
og der er ein innhaldsrik handarbeidsbutikk 
med bl. a. mange fine strikka ting.

Me hadde ei flott helg på
ein fredens plass på jord.

Takk for oss.







torsdag 20. juli 2017

Strand


er ordet denne veke
 i utfordringa til:



Wikipedia:
"En strand er en stripe land som grenser til hav eller ferskvann...
 En skiller mellom bergstrender der fjellet ligger i dagen,
 og løsmassestrender med mudder, sand eller grus."

Bilde frå stranda i Kvalsvika 


Stranda ved Rotevatnet i Volda


Stranda på Flø











søndag 16. juli 2017

Kveldstur til Muletua


Klokka nærma seg åtte då mannen min 
foreslo å fare på kveldstur i
Herøy.
Eg har lenge hatt lyst til å gå på 
Muletua på Nerlandsøya igen,
der eg var på tur 
med elevar då eg var lærar
på Herøy vgs. for lenge sidan.
21.15 starta me frå parkeringsplassen,
og det tok 45 min opp.

På veg oppover.
Ein ser Svinøy fyr i horisonten

Me ser ned i Mulevika,
ein populær stad, der ein får oppleve storhavet på nært hald.
Fin badestrand og store bølger.

Me ser Skorpesundet, viktig kanal inn til Noreg for
Shetlandsgjengen under krigen

Litt under toppen står det ei kvilehytte.
Eigentleg rart at den står i mot 
dei kraftige stormane som herjar.

Ottar på toppen av Muletua

Mot sør ser me Skorpa,
Sandsøya med Dollsteinen,
og lengst bak er 
Stadlandet

Mot nordaust ser me
øya Runde.

Eg skal vise bilde frå turen heimatt med solnedgang 
i eit anna innlegg.


Helsing frå hytta med fyr i omnen,
regn og 11,5 grader ute.