onsdag 26. juli 2017

Ona


er ei øy langt ut i havet
i Møre og Romsdal



Syster mi med familie har hus der.
Bror min, mannen min og eg besøkte dei
sist helg.
Ona med bru til Husøya er eit levande samfunn
som har mange spennande opplevingar
å by på.
Etter krigen budde det på det meste 
mellom 300 og 400 menneske der.
I dag bur der omlag 30 fastbuande.
Mange hus er kjøpt av folk som har tilknyting til Ona,
eller av andre frå fastlandet.
Husa blir tatt vare på og brukt som fritidshus.

 Ona fyr er eit kjennemerke 

Frå fyret ser me den tette busetnaden
på Ona
til høgre i bildet ser du brua over til Husøya

Her ser me nokre av husa på Husøya.
Kyrkjegarden og forsamlingshuset er på den øya.

Det er eit yrande liv i det vesle
samfunnet
måsar og terner hekkar på glaskarmane

Om natta ligg ferja på Ona,
visst du ser godt etter ser du at på fenderlista 
på ferja er soveplassen for mange måsar...
Der er også måsereir inni
ei opning i skutesida...

Menneska som bur eller besøke Ona 
kan finne spennande ting å kjøpe.
Der er to keramikkverkstadar med fine
gjenstandar,
biletkunstnar/butikk
og der er ein innhaldsrik handarbeidsbutikk 
med bl. a. mange fine strikka ting.

Me hadde ei flott helg på
ein fredens plass på jord.

Takk for oss.







tirsdag 25. juli 2017

Mystisk


Er ordet denne veke hos

I arkivet fann eg dette bildet
som eg synest illustrerer mystikk over Breim 

I desse dagar er denne bygda råka
av naturkatastrofe som du
kan lese om her:








lørdag 22. juli 2017

Senke blikket


Når ein går i skog og mark er det
mange fine vekstar å
 få auge på


blyge små....






blått er godt å sjå...




fine konglar på den vesle lerka...



Naturen er fin,
det er lurt å senke blikket.







torsdag 20. juli 2017

Strand


er ordet denne veke
 i utfordringa til:



Wikipedia:
"En strand er en stripe land som grenser til hav eller ferskvann...
 En skiller mellom bergstrender der fjellet ligger i dagen,
 og løsmassestrender med mudder, sand eller grus."

Bilde frå stranda i Kvalsvika 


Stranda ved Rotevatnet i Volda


Stranda på Flø











tirsdag 18. juli 2017

Solnedgangen


Då me køyrde heim den 4 mil lange vegen
etter


vart det mange stopp for å nyte og 
fotografere solnedgangen.


Sol i skyene over Kvalsvika


Sola over Golleneset,
Kvalsvika i Herøy kommune


Utsikta frå Fosnavåg mot Rundebranden.

Me nærma oss Ulsteinvik
Silhuetten av kranene på Kleven Verft 
mot den vakre himmelen.

Heimattkomne !
Snart midnatt, 
og her er sjølvsagt finaste plassen 






søndag 16. juli 2017

Kveldstur til Muletua


Klokka nærma seg åtte då mannen min 
foreslo å fare på kveldstur i
Herøy.
Eg har lenge hatt lyst til å gå på 
Muletua på Nerlandsøya igen,
der eg var på tur 
med elevar då eg var lærar
på Herøy vgs. for lenge sidan.
21.15 starta me frå parkeringsplassen,
og det tok 45 min opp.

På veg oppover.
Ein ser Svinøy fyr i horisonten

Me ser ned i Mulevika,
ein populær stad, der ein får oppleve storhavet på nært hald.
Fin badestrand og store bølger.

Me ser Skorpesundet, viktig kanal inn til Noreg for
Shetlandsgjengen under krigen

Litt under toppen står det ei kvilehytte.
Eigentleg rart at den står i mot 
dei kraftige stormane som herjar.

Ottar på toppen av Muletua

Mot sør ser me Skorpa,
Sandsøya med Dollsteinen,
og lengst bak er 
Stadlandet

Mot nordaust ser me
øya Runde.

Eg skal vise bilde frå turen heimatt med solnedgang 
i eit anna innlegg.


Helsing frå hytta med fyr i omnen,
regn og 11,5 grader ute.





onsdag 12. juli 2017

Leik



I veke 28 er ordet
LEK
 utfordringa til Gemsweeklyphotchallenge

På Nordfjordeid har dei laga til
ein aktivitetspark  tilrettelagt
med forskjellege måtar å leike på

Leah Sofie, Hans-Petter og 
Celina Marie klatra

Ella Victoria 4,5 år klatrar også, med
pappa Andrè som tilskodar.

Kjekke måtar å bruke kroppen på



Fleire innlegg med Leik finn du her








søndag 9. juli 2017

Leonardo


Ein av  soldagane var me i lag med
Leah Sofie.
Blant anna besøkte me Leonardo og 
Hans-Petter

Stor gjensynsglede

Leonardo var snar til å legge seg i skuggen


Han er så fin ♥



Ha det godt og
på gjensyn !





onsdag 5. juli 2017

Blåbær


Utruleg, men sant,
eg plukka første blåbæra i marka i går kveld


og bæra var søte og gode

Etter ein kald og heller våt sommar hittil
er dette overraskande.

Naturen er fantastisk.







mandag 3. juli 2017

Båt


Denne veke er

Sundbåten
er passasjerrute med båt mellom dei 
fire bydelene("landene")
Gomalandet, Kirkelandet, Nordlandet og Innlandet
i Kristiansund
Med sine 140 år i fart blir sundbåtane rekna
som verdens eldste kollektive transportselskap.









søndag 2. juli 2017

Tur rundt øya


Trimturen i dag på søndag 
gjekk på vegen rundt Dimnøya.
Me vart invitert med av
eldstesonen Andrè, 
svigerdotter Renathe og dei to eldste
jentene

Det er ca 1 mil rundt.
Det er lenge sidan me gjekk denne turen,
for det er litt hardt å gå på asfalt.
Duskregna gjorde det heile tida,
men fin temperatur.
Kjekt å gå i lag, og praten går om litt av kvart.

Fargerike Lupiner finst i hopetal.
Dei er fine å sjå på, men det er nok god grunn til
at dei står på svarteliste.
Dei fortrenge naturlege vekstar.

Her var ein blomst eg ikkje veit namnet på.

Siste del av turen gjekk forbi 
Sundgotmarka barnehage der 
yngstejenta går

Klikk på bildet og
sjå det flotte gjerdet.
Fargerik velkomst for borna.

Alle var samde om at det var ein fin tur.

Seinare på dagen åt me Taco hos dei.
(eg tok visst bildet før alt kom
på bordet...)

Takk for ein koseleg dag i lag.








fredag 30. juni 2017

Svele


Sist helg hadde me overnattingsbesøk av barneborna
Celina Marie, Leah Sofie og Ella Victoria.

Eg kom på at det var lenge sidan eg laga svele,
og at det kanskje ville glede dei,
både å få sjå prosessen,
 og å smake.

 Det er ganske raskt å lage når ein
har takke.
Takka arva eg etter mor mi som var 
dyktig lefsebakar.

Både jentene og eg lika best svelene
med brun ost.
Smør og sukkerblanding er
eit anna vanleg alternativ å ha på.

Svelene er absolutt best når dei er nysteikte og varme
og alle fekk ete så mange dei ville.

Eg har mange oppskrifter på svele,
men denne gongen brukte eg







tirsdag 27. juni 2017

Bad



I utfordringa til 
er ordet
BAD

Eg har venta og venta på sjangsen til å ta sommarens
første bad, 
men med temperaturar på 10-12 grader
fristar det ikkje...

I dag tok eg heller ein trimtur
og fraus slik i den kalde vinden at
eg måtte ta i bruk hetta på jakka. 


Dette er er draumen som forhåpentlegvis blir
oppfyllt innan kort tid,
iallfall i juli....

(Desse bilda er frå eit par år sidan)



Sjå andre sine badebilde