tirsdag 28. februar 2017

Først

Ein av gutane eg er tante til
Olger Pedersen, 26 år,
spring fort.
I siste Grimstadvatnet rundt 
sette han personleg rekord og la seg inn
på 14. plass på topp 20 lista !


Her kan du lese meir om løpet:

I påska skal Olger til Frankrike og springe
Paris Maraton

Lukke til.
Me er kjempestolte av deg
og heiar på deg
 ♥

gemsofmyLife   v. 9 - Först -





mandag 27. februar 2017

Gult strikka sett


Celina Marie i det gule strikkasettet som
oldemor Judith strikka til seg sjølv på 1970-talet.
Ho seier at ho brukte det på ein skitur
til Mosvarden og Brørene.

Under rydding i huset til svigerforeldra mine
etter dei flytta i omsorgsbustad fann
me dette settet.
Eg såg for meg at Celina Marie ville bli
fin i det.
Og jammen lika ho det godt og har
allereie hatt det på seg
på skule.

 Lekselesing på hytta i
kult gult....








lørdag 25. februar 2017

Varm strikk


Litt varmt til føter og
fingrar har eg
hatt på strikkepinnane så langt i år

Lestar til Leah Sofie
garn: Viking Raggen
(det høyre med til historia at ho har brukt
dei kvar dag sidan ho fekk dei i januar :):)

Tubesokkar 
til Ella Victoria
Garn: Viking Raggen
Lettvinte lestar for ei  
barnehagejente.

Tova Marius-vottar
til Hans-Petter
Garn: Fritidsgarn
Han let vel over at dei var perfekte
å bruke på
skiskulen på Dombås.

Tova Mariusvottar
Kanskje eg skal bruke dei sjølv :)
Garn: Fritidsgarn
Dei vart litt små,
eg har kava med tovinga
med alle tre vottepara.

Tova vottar
til Celina Marie si venninne 
før konfirmantleir på fjellet
Garn: Fritidsgarn
God tilbakemelding.

Ankelsokkane til
Celina Marie
Garn; Sterk

Tjukkelestar 
til eldstesonen Andrè
Garn: Mellanraggi frå Järbo
Takk til Ingunn med bloggen
som har fått meg på trua til 
at eg kan strikke hælar.
(Vår familie har alltid fått ferdig strikka
lestar frå svigermor)

Med ei litt trasig skulder er det enklast
å strikke småting,
og medan eg har nokon som vil
bruke det eg strikkar
er det kjekt.








torsdag 23. februar 2017

Det spirer og gror



På rundturen i lag med
Leah Sofie 
fann eg overraskande teikn til vår
i hagen.
Når ein tenkjer på at me ikkje hadde sol før
30. januar er det fantastisk at
vårblomstrane 
tittar fram.

Snøklokka er alltid velkomen ♥

Krokus i blomst er uvanleg hos oss i februar.

 Primulaen blomstrar lenge utover hausten
og startar tidleg.
Ein trufast gledespreiar i hagen.

I dag har det snøa her hos oss.
Det måtte kome no skal me bli ferdig
med snøridene til våren kjem
for alvor.







tirsdag 21. februar 2017

Ein dag i vinterferien


Skulefri og Leah Sofie lika å vere hos
farmor og farfar.
Mellom regnbygene ute vart det
bollebaking.

Farmor bruka alltid vekt så alle bollar 
skal bli like store.
Den vanen lærer eg gjerne vekk.
73 gram gir fine bollar.


Litt ulikt steikte,
er det speltmjølet som gjer det
skal tru ?

Etterpå gjekk me ut ein tur
i nærområdet
 Rydding av plast i fjøra
trengs verkeleg !!

Spennande i trollskogen :)

-------

Me prata om kongen og 
opplevinga då kongeskipet ankra opp
rett ut for land her i juni 2016.

Gratulerer hjarteleg til
kong Harald med
80 års dagen !








mandag 20. februar 2017

Lik

er ordet denne veka


På tur over Maurstadeeidet 
mellom Nordfjord og Sunnmøre
 ein fin laurdag i
12 tida


Speglig i klart vatn gir
lik 
attgjeving












fredag 17. februar 2017

Skugge rundt Løsetvatnet


Det bruka å vere nokså vått i råsa rundt Løsetvatnet.
Denne fine februardagen fekk me lyst til 
å gå tur i det frosne terrenget
sjølv om me gjekk i skugge 
nesten heile tida.


Med blikket retta nedover


er det mykje fint å få auge på


Rim og is kan føre til små kunstverk.









torsdag 16. februar 2017

Oransje


Akkurat i dag 
var dette det eg hadde trong for,
oransje virka oppkvikkande
på meg.


Dei nydelege oransje vasane sto utstilt
i blomsterbutikken eg bruka
å handle i.
No plukka eg fram bilda frå 
telefonen.

Eg har alltid likt oransje og kjenner 
dragning mot klede og gjenstandar i den fargen.
I boka 
er mykje spennande å lese om alle fargar.
Blant mange andre eigenskapar
 står det at 
oransje er livsgledens farge.






onsdag 15. februar 2017

Ankelsokkar


Celina Marie 14 år
 går som dei fleste andre jenter
med små kvite bommullssokkar i skorne 
og nakne anklar.
Du har sikkert sett dei...
Det er sannsynlegvis ein trend no,
eg såg ein ung gut på legekontoret
i går, han hadde tydeleg feber,
men berrføtt i tynne sko....

Å gå slik i vinterkulden enten det er snø eller regn
synest farmor er hårreisande og
ba pent om å få strikke 
ankelsokkar i ull til henne.
Ho takka ja til det, men
i så fall måtte dei vere strikka i
kvit eller heilt lys grå tråd.

Oppskrift fann eg hos:

  Og jammen synest ho dei vart fine,
deilige og varme :)

Ho tok dei på seg og gjekk ut i 
vinterkulden.
Vona er at ho kjem til å bruke dei.
Eg strikkar gjerne eit par til ♥










mandag 13. februar 2017

50-år og heidra


Yngstebroren vår Jon-Ove 
fylte 50 år 9. februar
Som eg skreiv 
 er han 18 år yngre enn meg
som er eldst.
Eg bar han til dåpen og
 me ser mykje til kvarandre
då han bur i barndomsheimen vår
i same tunet.

Dagen feira me i stova vår der
me serverte potetball med godt tilbehør.

Me tok fram kasser med minner frå
barndomen og foreldra våre.
Sysken og svigersysken
kosa seg i fleire timar.

Litt pause med noko søtt 
til kaffi innimellom
praten og mimringa.


------

Dagen etter hadde arbeidsplassen hans 
 tilstelning for personalet 
og der fekk
Jon-Ove utdelt 
Norges Vel medalje for
Lang og tro tjeneste

 Medaljen for lang og tro tjeneste
er tildelt
Jon-Ove Breivik
31 år ved Sunnmøre Reinhaldsverk IKS


Ein stor heider !

Ein ekstra pin til å feste på jakkeslaget.


Gratulerer Jon-Ove !







onsdag 8. februar 2017

Perleblomster




Muscari botryoides
har lange slanke stilkar og små
blå eller kvite blomster.

Perleblomster passa godt i det gamle
såpesettet i emalje,
 som står på dynamittkassa i vindfanget.

Ha ein fin februardag !



tirsdag 7. februar 2017

Ord veke 6: Vatn




Me går ofte tur langs med Fjellsvatnet
på ein av dei få grusvegane som er skåna for
asfalten.


Sjå andre sine innlegg:




torsdag 2. februar 2017

Ugle


i toppen av ei gran
er mitt bidrag
i utfordringa til 
Gemsweeklyphotochallenge:

v. 5: ovan (above)

 For eit tid sidan fekk me sjå den 
flotte ugla på Løset.

Me kom heilt nær treet, men ugla
let seg ikkje distrahere der den
naut fineveret.



sjå andre sine tolkningar her: