søndag 13. oktober 2019

Konfirmasjonen til Hans-Petter 15. september 2019


Soknepresten Margit Lovise Holte og
kyrkjeverje Cristfried Kaul 
forretta.
i Ulstein kyrkje.

Barnebarnet vårt Hans-Petter
 er konfirmert.

I kyrkjebenken sat 
nær familie og fadrane.

Fire generasjonar,
Oldemor Judith 91 år,
farfar Ottar, pappa Roger
og Hans-Petter 

Hans-Petter i lag med sysken
og syskenbarn
samla rundt oldemor.

Borda pynta til fest.

Songhefte med fleire gode songar,
blant anna Til ungdomen, Barn av regnbuen,
Tenke sjæl.

Kakebordet var som vanleg
rikhaldig.

 Sjølvaste kaka med barnebilde.

Konfirmanten takka.

Det vart ein god dag,
men med eit bakteppe av sakn etter
mamma som døydde 23. november 2018.

mandag 7. oktober 2019

Orange


I utfordringa hos Sanna
 denne veke er ordet
 Orange

Eg har alltid likt fargen oransje
og fell lett for den når eg ser stativ med 
klede i butikkane.
Eit innlegg om det finn du:


Dei to første bilda fann eg i arkivet.
Dei oransje støvlane såg eg utfor ein butikk i Danmark.
Bildet under er frå inngongspartiet vårt
heime.
Den oransje vasen fekk me i bryllaupsgåve
i 1970.


 Det er haustferie og me er i lag med
barnebarn på hytta.
Eg fann nokre oransje motiv her.

Rødrandkjuke frå eit gammalt tre,
og blåbærlyng.
Begge har oransje sjatteringar.


 I hyllene med spel, bøker og leiker 
er oransje ein av fargane.


 I spiskammerset er det godt forråd av matvarer !
Oransje pakningar av ulikt slag.
Me skal nok overleve nokre dagar
utan påfyll....


Oransje Tupperware til Taco.
Og sist, men ikkje minst
flasker med saft av appelsin/orange.







søndag 6. oktober 2019

Syskenbarntreff i Loen


I naturskjønne omgivnader i Loen
var syskenbarna på
Åsen-sida samla
ei helg i september.


20 av 24 syskenbarn
hadde høve til å møte.

Syskenbarna og onkel Lars,
han var gift med yngste tanta vår.

Heile flokken samla.
Nokre av oss hadde med ektefeller/barn.

Tre av syskenbarna våre døydde altfor tidleg.
Og sist vinter døydde dei to siste av
syskenflokken til mor mi.
Dei sju barna miste mor si tidleg, yngste dotter var 1,5 år,
mor mi var 9 år.
Syskena var tett knytte til kvarandre heile livet
og det er vel difor me syskenborna også er så godt 
samansveisa og trivast i i lag.

Håpe det ikkje blir lenge før me treffest igjen.





onsdag 2. oktober 2019

Verdsmeister


Karsten Warholm 
gjorde det igjen.
Sprang 400 m hekk på beste tid
i Verdsmesterskapet i friidrett i Qatar.

Gullmedaljen og
"Ja, vi elsker....."

Gratulere !!

Me som bur her i Ulstein er
uhorveleg kry av denne flotte karen.






Blanda


Denne veke er ordet i Sanna si utfordring
Blanda

I dag gjer eg det enkelt og tek
bilde av fruktfatet vårt.

Forskjellege frukter
blanda.
Me var så heldige å få epler og
pærer frå venner sine hager.
Resten er kjøpt i nærbutikken.
Frukt smakar godt.






torsdag 26. september 2019

Bær

Ordet hos Sanna denne veke er
Bär

På norsk kan bær brukast om ei ku som nettopp har 
fått kalv, då seier me at ho er nybære.
Bær tunge bører på sine skuldre.

 Umodne hyllebær

 Haustbær med morgondogg 
på haustfarga busk.

Støvbærer.

På jyvelen er belg med bær.
Andreklassingen vår, Ella Victoria, 
åtvara sterkt mot desse
giftige belgane.







torsdag 19. september 2019

Dåse


Dosa
er ordet hos Sanna denne veke.

Dåse kan på norsk vere ei lita øskje
med lokk, snusdåse, speldåse..

Eg har ingen av dei, men 
kva med denne ?
Uff og uff, håpe ingen av oss har brukt det som
var i Tobakksdåsen, men den er i 
samlinga av gamle ting her i huset.

Pudderdåsen min.

Eg ryddar litt i mine skuffer og skap i desse dagar,
og kom fram på desse.
I mitt arbeid som sjukepleiar på 1970 talet
såg eg nytte av tome øskjer etter små glas med
injeksjonsveske (antibiotica).
Dei var praktisk til oppbevaring av mangt og mykje.
Knappar og brukte glidelås
kan kome til nytte ein dag :)
Kan vel kalle det knappedåse ?