Viser innlegg med etiketten Makro. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Makro. Vis alle innlegg
mandag 30. mai 2016
mandag 14. mars 2016
Stemorsblomster
Stemorsblomster
kan plantast ute no og
står nesten til hausten...
Ein kan studere blomsteren og finne
vakre detaljar.
mandag 11. januar 2016
Tett på i hagen
Klatrehortensia,
(Hydrangea anomala)
er fin å kome nær inn på,
både sommar og vinter.
både sommar og vinter.
lørdag 20. desember 2014
tirsdag 15. juli 2014
Iris
er ei løkplante som kjem trufast med blomster
kvar sommar i juli.
Her i hagen er det flest av den
blå.
Då mor mi levde kom ho alltid med ein
bukett blå iris på bryllaupsdagen vår
18. juli.
I år er der nokre med
lys blå farge.
Den har nydeleg mønster
med vakre detaljar.
Eg vona du har fine sommardagar
og har det godt.
Anne-Mari
fredag 20. juni 2014
Gyvel på nært hald
Gyvel er prydbusker i mange hagar,
men ver merksam på at den er giftig.
Giftig fordi den kan påvirke hjarterytma.
Den har verknad på glatt muskulatur som tarmfunksjonen,
men også fødseldrivande.
Den har verknad på glatt muskulatur som tarmfunksjonen,
men også fødseldrivande.
I dag blir den ikkje brukt til medisin.
Men fin er den .
Her har det regna fleire dagar, og 8 -12 grader.
Kjenner på at eg er mest hippen på
sommar og sol,
og i dag skin ho.
Hurra !
☼
Anne-Mari
mandag 28. april 2014
Blomstrande tre - Mandagstema
Det gamle plommetreet kjem trufast,
kvar vår
med vakre blomster.
Samlinga av blomstrande tre kan du sjå
Takk for alle fine besøk og kommentarar.
Eg set umåteleg pris på alle :)
Nyt dei siste dagane av april.
Anne-Mari
lørdag 26. april 2014
Kirsebærtreet
her på garden er skeivt og skakt,
Kirsebæra er mat for fuglane, som alltid er først.
Men treet har dei vakraste blomster
ein kan sjå no om våren.
Olav H. Hauge har eit fint dikt om
Kirsebærtreet
God helg !
den siste i april.
Anne-Mari
Men treet har dei vakraste blomster
ein kan sjå no om våren.
Olav H. Hauge har eit fint dikt om
Kirsebærtreet
Det stend eit tre i hagen
og sprikjer i vårkalde dagen
med skinande nysnjo-grein.
Det duskar mot stoveglaset
og drys yver fjorgamle graset
blomane ein for ein.
Og det er kirsebærtreet
innanfor hageleet
som blømer i tidleg vår.
Mot gråe skytjeveggen
luter det krokne leggen
og signar oss atter eit år.
Tusund angande blomar
brusar um tak og plomar;
heilagt og kvitt og stilt
skin det i døkke næter
og freden i tunet gjæter
- ei jartegn på vår og mildt.
Det speglar seg bljugt i strondi,
og minner um austerlondi,
um japanske hagar og dikt.
Det tøygjer toppen i tråe
mot alle snjofjell blåe
til vår i kulden vigt.
og sprikjer i vårkalde dagen
med skinande nysnjo-grein.
Det duskar mot stoveglaset
og drys yver fjorgamle graset
blomane ein for ein.
Og det er kirsebærtreet
innanfor hageleet
som blømer i tidleg vår.
Mot gråe skytjeveggen
luter det krokne leggen
og signar oss atter eit år.
Tusund angande blomar
brusar um tak og plomar;
heilagt og kvitt og stilt
skin det i døkke næter
og freden i tunet gjæter
- ei jartegn på vår og mildt.
Det speglar seg bljugt i strondi,
og minner um austerlondi,
um japanske hagar og dikt.
Det tøygjer toppen i tråe
mot alle snjofjell blåe
til vår i kulden vigt.
den siste i april.
Anne-Mari
Etiketter:
Dikt,
Makro,
Tre,
Vår,
Vårblomster
mandag 14. april 2014
Primstaven - Sommardag
Primstaven var brukt som ei almanakk,
den er evigvarande,
den er evigvarande,
har ein strek for kvar dag uavhengig av
om det er kvardag eller helgedag.
Heilagdagar- og enkelte natur- og landbruksmerkedagar
er markerte med symbol.
Svigerfar har laga primstaven.
Den er i tre, og har to sider,
ei vinterside som gjeld frå 14. oktober til 13. april.
Og ei sommarside frå 14. april til 13. oktober.
Denne er pynta med årstalet me flytte inn i hytta vår, Roa.
14. april er Sommardagen som er markert med eit lauvtre.
I mange bygder i Sør-Noreg var den rekna som
halvhelg. Nokre stadar var det arbeidsforbod den dagen.
Det var faredag eller flyttedag for tenestefolk på
Sommardag.
14. oktober var neste flyttedag.
Det er eindel spådomar når det gjeld veret.
Er det frost den dagen vil det bli uår.
Snøar det, vil det bli 9 snødagar til før
sommaren kjem.
Og er det varmt på Sommardagen vil det
bli ein varm sommar.
Som de ser på bilda over var veret her på Harpefossen
regn og sludd i går då eg skreiv innlegget.
I dag var det snø når eg vakna.
Tida får vise, om det blir som spådomen seier.
Om du vil kan du lese Sommardag-innlegget
mitt frå i fjor:
Her
God påske til deg og dine !
Helsing Anne-Mari
Den er i tre, og har to sider,
ei vinterside som gjeld frå 14. oktober til 13. april.
Og ei sommarside frå 14. april til 13. oktober.
Denne er pynta med årstalet me flytte inn i hytta vår, Roa.
14. april er Sommardagen som er markert med eit lauvtre.
I mange bygder i Sør-Noreg var den rekna som
halvhelg. Nokre stadar var det arbeidsforbod den dagen.
Det var faredag eller flyttedag for tenestefolk på
Sommardag.
14. oktober var neste flyttedag.
Det er eindel spådomar når det gjeld veret.
Er det frost den dagen vil det bli uår.
Snøar det, vil det bli 9 snødagar til før
sommaren kjem.
Og er det varmt på Sommardagen vil det
bli ein varm sommar.
Som de ser på bilda over var veret her på Harpefossen
regn og sludd i går då eg skreiv innlegget.
I dag var det snø når eg vakna.
Tida får vise, om det blir som spådomen seier.
Om du vil kan du lese Sommardag-innlegget
mitt frå i fjor:
Her
God påske til deg og dine !
Helsing Anne-Mari
torsdag 27. mars 2014
torsdag 29. august 2013
Rosa
blomster i hagen
akkurat no.
Spirea japonica
(trur eg)
Kjem ikkje på namnet.
Eg har kjøpt ny linse til kameraet og
kosar meg med å finne gode
motiv.
Takk for alle fine kommentarane til
Settekassa.
Kjekt !
Abonner på:
Innlegg (Atom)