I dag 14 april er symbolet på
Primstaven
eit lauvtre som skal symbolisere
første sommardagen.
Inngangen på sommarhalvåret.
Primstaven var brukt som ei almanakk,
den er evigvarande,
har ein strek for kvar dag uavhengig av
om det er kvardag eller helgedag.
Heilagdagar- og enkelte natur- og landbruksmerkedagar
er markerte med symbol.
Svigerfar har laga primstaven.
Den er i tre, og har to sider,
ei vinterside som gjeld frå 14. oktober til 13. april.
Og ei sommarside frå 14. april til 13. oktober.
Sommardagen var
I mange bygder i Sør-Noreg rekna som
halvhelg. Nokre stadar var det arbeidsforbod den dagen.
Det var faredag eller flyttedag for tenestefolk på
Sommardag.
14. oktober var neste flyttedag.
Eg har snakka med folk som hugsa dette,
og dei synest det var ei grei ordning.
Då fekk dei skifte arbeidsgjevar.
Det er eindel spådomar når det gjeld veret.
Er det frost den dagen vil det bli uår.
Snøar det, vil det bli 9 snødagar til før
sommaren kjem.
Og er det varmt på Sommardagen vil det
bli ein varm sommar.
Her hos oss har det vore vekslande regnbyger og
solgløtt i dag, så eg vel å tru at
det skal bli ein fin
sommar :)
Naturen arbeidar med sitt og
viser fram fine veksta.
Plommetreet som seinare vil få
knøttsmå frukt.
Kvitveisa
som dukka litt unna regnet i dag.
Eg har skrive om Sommardagen før:
Godt sommarhalvår !!