torsdag 27. desember 2018

Spegla



Avspeglat
er årets siste ord i utfordringa hos
Sanna.

Ein romjulskveld med spegling i stoveglaset.

Natur på sitt finaste i grannelaget.
(Klikk å bildet)


Eg ynskjer deg gode romjulsdagar.

Og tusen takk til Sanna som gir oss desse
flotte utfordringane.









torsdag 20. desember 2018

Glas


Denne veke er ordet
Glas
i utfordringa til Sanna

Sidan det er tid for pynting til jul vil
eg vise denne som 
me fekk av gode venner 
for mange år sidan.

Dei to små nissebarna tittar ut
gjennom sitt glas,
og inn gjennom vårt glas på hytta.
Koseleg julepynt som blir hengt opp kvar jul.









fredag 14. desember 2018

Kantet


Kantig
er ordet i utfordringa til 
Sanna denne veke.

I biblioteket er det utstilt
peparkakehus
med mange rette hjørner.

Den fine engelen fekk eg i bursdagsgåve
frå to av tantejentene mine.
Litt kantet i forma.
Hekla duk med mange vinkler.


Prøvesmaking av lefse og søst.
Både lefsa og duken har
rette hjørner.







mandag 10. desember 2018

Julebakst på hytta


Aniskringler høyrer med til juletradisjonen hos oss.
Eg har ei god gammal oppskrift som
alltid lukkast.

Deiga venta ikkje på bakaren,
den kom og henta oss, he he...

Celina Marie og Leah Sofie
trillar kringler.
Eg laga emner og hadde mi fulle hyre 
med å halde dei med arbeid.
Flinke jenter.

Godt å ha til jul med mange
samla.

Smaksprøve.
Aniskringle med meierismør og brunost er toppers !!
Eplegløgg og kaffi attåt var også godt.





søndag 2. desember 2018

Nytt


Nytt
er ordet Sanna utfordrar oss på
denne veke.

Det nye er at eg
er i 70 åra !
Det kjennest litt rart når eg tenkjer
tilbake på 70 år gamle damer
for lenge sidan....


Av helsingane frå mine nære
1. desember.