Viser innlegg med etiketten Lestar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lestar. Vis alle innlegg

torsdag 11. januar 2018

Lestestrikk



Eg lika helst enkle strikkeprosjekt
og då er lestar greit
å strikke.
I det nye året har det vore så glatt ute at 
eg held meg mest innandørs
med eit strikk eller ei bok.

Håpe 5-åringen vil bruke desse.
Støvlane ho fekk i bursdagsgåve er litt store
så eg tenkte at lestar vil vere 
greit å ha i.
Strikka i Sterk frå Du Store Alpakka 
lys rosa

Ankelsokkar lika eg ha på lager,
kjekt å gi vekk.





torsdag 2. november 2017

Tjukkelestar


 Eldstesonen Andrè er sjukepleiar og jobbar
ofte om natta.
Då lika han å ha varme lestar 
i opne sko


Eg strikka dei av restegarn
etter blant anna dei grå under.

som han fekk i vinter.

Garnet er:
Mellanraggi frå Järbo
Eg strikka etter oppskrifta som står
på bandet rundt garnnystet.

Andrè lika godt lestane :)

Med det same eg var i farta strikka eg 
eit par ankelsokkar.
Kjekt å ha på lur til å gi vekk.
Desse ga eg til Ruth, tremenning frå Kanada 
som var her på besøk.











onsdag 19. april 2017

God betring


Eg skal besøke ei dame som
har eit langt sjukehusopphald framfor seg.
Fine blomster vil eg ta med,
gjerne Ranunklar.
Kanskje er det stort utval i
fleire fargar i blomsterbutikken ?


I påska kom eg på at eg skulle strikke lestar
og ta med.
Litt høgare vrangbord enn dei
eg strikka
 her
Dei er strikka i garnet Sterk,
og er mjuke og deilige å ha på.
Det kan bli litt hustre på romet så eg håpe
 det vil vere godt å ta på seg desse
 enten ho ligg på senga eller er oppe.

Mest av alt vil eg ynskje henne
God betring ♥









lørdag 25. februar 2017

Varm strikk


Litt varmt til føter og
fingrar har eg
hatt på strikkepinnane så langt i år

Lestar til Leah Sofie
garn: Viking Raggen
(det høyre med til historia at ho har brukt
dei kvar dag sidan ho fekk dei i januar :):)

Tubesokkar 
til Ella Victoria
Garn: Viking Raggen
Lettvinte lestar for ei  
barnehagejente.

Tova Marius-vottar
til Hans-Petter
Garn: Fritidsgarn
Han let vel over at dei var perfekte
å bruke på
skiskulen på Dombås.

Tova Mariusvottar
Kanskje eg skal bruke dei sjølv :)
Garn: Fritidsgarn
Dei vart litt små,
eg har kava med tovinga
med alle tre vottepara.

Tova vottar
til Celina Marie si venninne 
før konfirmantleir på fjellet
Garn: Fritidsgarn
God tilbakemelding.

Ankelsokkane til
Celina Marie
Garn; Sterk

Tjukkelestar 
til eldstesonen Andrè
Garn: Mellanraggi frå Järbo
Takk til Ingunn med bloggen
som har fått meg på trua til 
at eg kan strikke hælar.
(Vår familie har alltid fått ferdig strikka
lestar frå svigermor)

Med ei litt trasig skulder er det enklast
å strikke småting,
og medan eg har nokon som vil
bruke det eg strikkar
er det kjekt.








onsdag 15. februar 2017

Ankelsokkar


Celina Marie 14 år
 går som dei fleste andre jenter
med små kvite bommullssokkar i skorne 
og nakne anklar.
Du har sikkert sett dei...
Det er sannsynlegvis ein trend no,
eg såg ein ung gut på legekontoret
i går, han hadde tydeleg feber,
men berrføtt i tynne sko....

Å gå slik i vinterkulden enten det er snø eller regn
synest farmor er hårreisande og
ba pent om å få strikke 
ankelsokkar i ull til henne.
Ho takka ja til det, men
i så fall måtte dei vere strikka i
kvit eller heilt lys grå tråd.

Oppskrift fann eg hos:

  Og jammen synest ho dei vart fine,
deilige og varme :)

Ho tok dei på seg og gjekk ut i 
vinterkulden.
Vona er at ho kjem til å bruke dei.
Eg strikkar gjerne eit par til ♥










onsdag 3. september 2014

Tjukke-lestar

til yngstesonen,

Strikka i garnet 
Raggi frå Järbo


Svigermor har strikka lestar til oss i over 40 år,
så me er grundig bortskjemde og det var på tide
eg prøvde sjølv.
Med gode råd frå Ingunn
 med den fine bloggen Bundingen
kom eg i mål.

Det var eit godt garn å strikke av,
så om forholda ligg til rette blir det kanskje fleire par.


Anne-Mari





onsdag 12. mars 2014

Lestar

til 
Ella Victoria 
frå 
farmor,

i storleik 2 år.
Strikka i garnet SISU etter 
(desse er for små)

Dokkevogga er handarbeid frå far min,
og sengetøy i hardangersaum frå mor mi.
Eg fekk den til 50 års dagen min.
Veslejenta likar å leike med dokka
i senga frå oldeforeldra.


Ynskjer deg ein fin onsdag.

Anne-Mari



onsdag 20. mars 2013

Baby-lestar

Etter å ha strikka
gledde eg meg til å strikke noko varmt
til dei små føtene òg.
Her er lestane til
veslejenta 
ferdig.

Dei er kanskje store og for lite babyaktige,
men eg syns baby-labbar var
vanskeleg å strikke.

 
Eg har lite tolmod når det blir
prøving, feiling og 
oppattrekking til tråden
 blir utsliten...  :(
Løysinga vart å finne
oppskrift på vanlege lestar:



Ynskjer deg fine dagar !

Anne-Mari