Viser innlegg med etiketten Toving. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Toving. Vis alle innlegg

søndag 2. februar 2020

Loopstrikk



Det er deilig å ha eit avslappa forhold 
til blogginga.

I dag kjenner eg meg litt kry fordi eg har 
klart å gjennomføre eit 
nytt prosjekt.
Ikkje så stort for erfarne strikkarar,
men for meg er det eit siger
å ha strikka eit par vottar
etter loopmetoden.
Eg har problem med venstre skulder som
 er operert 2 gongar for fleire år sidan. 
Å strikke med 5 pinnar  gjer 
ekstra vondt.

Etter mykje prøving og feiling
greide eg å løyse koda.
Ikkje nok med det, eg har kjøpt
utskiftbar rundpinne !!!

 Strikka i finull frå Raumagarn

 Det vart varme gode tovavottar til
barnebarn.
Fargen ser ulik ut frå start til slutt,
men det får lyset ta skulda for :-)

Det er 2. februar i dag,
rundt 0 på gradestokken, men ingen snø
her på kysten.


Eg ynskjer å sende ei takk tilalle som har vitja bloggen min,og til alle som har lagt igjen kommentarar.




lørdag 25. februar 2017

Varm strikk


Litt varmt til føter og
fingrar har eg
hatt på strikkepinnane så langt i år

Lestar til Leah Sofie
garn: Viking Raggen
(det høyre med til historia at ho har brukt
dei kvar dag sidan ho fekk dei i januar :):)

Tubesokkar 
til Ella Victoria
Garn: Viking Raggen
Lettvinte lestar for ei  
barnehagejente.

Tova Marius-vottar
til Hans-Petter
Garn: Fritidsgarn
Han let vel over at dei var perfekte
å bruke på
skiskulen på Dombås.

Tova Mariusvottar
Kanskje eg skal bruke dei sjølv :)
Garn: Fritidsgarn
Dei vart litt små,
eg har kava med tovinga
med alle tre vottepara.

Tova vottar
til Celina Marie si venninne 
før konfirmantleir på fjellet
Garn: Fritidsgarn
God tilbakemelding.

Ankelsokkane til
Celina Marie
Garn; Sterk

Tjukkelestar 
til eldstesonen Andrè
Garn: Mellanraggi frå Järbo
Takk til Ingunn med bloggen
som har fått meg på trua til 
at eg kan strikke hælar.
(Vår familie har alltid fått ferdig strikka
lestar frå svigermor)

Med ei litt trasig skulder er det enklast
å strikke småting,
og medan eg har nokon som vil
bruke det eg strikkar
er det kjekt.








torsdag 26. januar 2017

Litt tøflestrikk før jul


Det vart strikka nokre enkle
tøfler i desember.
Eg kunne ha strikka lestar,
men dette er enklare,
og like varmt å ha på føtene.
oppskrift hos

Garnet Viking Raggen
70 % ull - 30 % nylon

Raggi frå Järbo
70 % ull - 30 % Polyamid

Gründl Hot Socks Skandinavia
70 % ull - 30 % Polyamid

Tova tøfler strikka i
Cortina Soft

Sydde på bitar av 
antisklimatte
som også forsterkar tøffelen.

Vona at dei som fekk tøfler
er varme på beina sine.









fredag 19. februar 2016

Toving II


Det teikna til å bli ein 
fin februardag
It seems to be a nice day in February


I dag var eg spent på å sjå resultatet
av tovinga i går kveld.
Denne gongen er tøflene slik eg vil ha dei.
Strikka i Cortina Soft 
tova i vaskemaskina på 
programmet Mix 40 gr i 1 time
Oppskrift på tøflene fann eg hos

Vottane er strikka i 
Fritidsgarn
og tova sameleis som tøflene.

Oppskrift hos

Resultatet denne gongen er fint
i motsetning til 





tirsdag 9. februar 2016

Toving


kan vere ein risikosport.
I fjor strikka eg mange vottepar
og tøfler, tovinga vart
perfekt.

Men denne gongen vart det mislukka.

Mariusvotta strikka i Fritidsgarn og
tøfler i Cortina Soft.
 Sist eg tova måtte eg vaske to gongar
i vaskemaskina
på 40 grader for å få dei slik eg ville,
difor brukte eg 
lengste programmet på 40 grader
denne gongen.
Og her ligg nok feilen !

Eg sleit og drog med alle mine krefter,
men dette er barnestørrelsar..... 

Med barnebarn i mange aldrar kan
vottane og tøflene kanskje kome til nytte,
men det spørs om dei vil bruke dei,
for dei er ikkje mjuke akkurat.

Eg står på farta for tur til Volda sjukehus
og Hjartetrim, 
får stikke innom butikk og kjøpe
meir garn og  starte på nytt ;)





søndag 8. februar 2015

Votter og tøfler


Eg er inne i ein liten stim av strikkelyst.
Skuldra har gitt løyve til 
utskeielsar med enkel strikk i rimelege mengder...
Det passa fint akkurat no for
 to av barnebarna skal
på turar i vinterfjellet.


Benjamin 14 år er niandeklassing og
konfirmant til hausten
Han skal på to turar.
Til Fjellsetra med ungdomsskulen,
og konfirmantleir på 
Orreneset.

Han får med seg

varme tøfler i str. XXL

og to par tovavottar.

Vona han får bruk for dei og får
fine dagar med gode
opplevingar.

God tur til
Celine Marie og
Benjamin


Klem frå farmor




tirsdag 3. februar 2015

Tova vottar


I dagane etter jul har eg strikka nokre 
par vottar.
Kulden i jula gjorde små og store fingrar
iskalde 
og eg lovde meg sjølv og andre
at eg skal strikke eit lite lager
med varme vottar
på hytta.

Dette er nokre av vottepara.

Men alle blir nok ikkje liggande på hytta.
Neste veke skal to av barneborna på
skiskule og leir så då passa det 
at farmor har varme tova vottar
på lager.


Namnelappar har eg ikkje skaffa meg så
her måtte eg improvisere.
Bendelband og tekstiltusj vart kjøpt inn.
Eg skreiv forbokstavane på ei
kort remse og sydde den
på innsida av kanten.

Celina Marie fekk to par i dag
og gler seg til skiskule på Dombås 
med resten av sjuandeklassingane.

Vottane er strikka i Fritidsgarn på 
pinnar nr. 5,5
etter oppskrift frå:

bloggen Kjerstrikk





mandag 19. januar 2015

Slik ser det ut her eg er


Fototriss del 287: Så här ser det ut där jag är


Hyttehelga med mykje snø
ga høve til gratis
trim.

Votta vart tova og gjort ferdig til barn og
vaksne. 
Det trengs når ein skal vere i snøen.

Heime i formiddag var det klart for trimtur,
 på Gamleeidet
der me kunne nyte den fine utsikta 
mot holmar og skjær 
utanfor Ulsteinvik.

Som du ser er det stor skilnad på snømengda heime
og på hytta, berre ein og ein halv time
mellom.

Fleire fototriss
her




tirsdag 22. juli 2014

Tova gryteunderlag

Varmt 

Mitt varme bidrag er
gryteunderlaga eg strikka etter ei 
oppskrift eg fann i eit gamalt blad,
(finn ikkje att oppskrifta )


No tok eg dei fram og gjorde dei ferdig,
Dei er strikka i Eskimo garn

og tova.

Skal bruke det på hytta.

Du kan sjå fleire varme  bidrag
Her

Det er fantastisk solrike og varme dagar no. 
Kanskje finaste sommaren me har hatt
på svært lenge her på Sunnmøre.

Nyt sommaren kvar du enn er !

Anne-Mari