Viser innlegg med etiketten Blått. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Blått. Vis alle innlegg

onsdag 2. oktober 2019

Blanda


Denne veke er ordet i Sanna si utfordring
Blanda

I dag gjer eg det enkelt og tek
bilde av fruktfatet vårt.

Forskjellege frukter
blanda.
Me var så heldige å få epler og
pærer frå venner sine hager.
Resten er kjøpt i nærbutikken.
Frukt smakar godt.






fredag 23. august 2019

Blåtimen



Eg tek oftast bilde av solnedganger med 
kraftige gule-raude-oransje fargar.
Men i går kveld let eg meg fascinere av det spesielle lyset


Den blå time er
når det verken er fullt dagslys
eller heilt mørkt.
Himmelen har ein annan blåfarge
enn om dagen.


Eg ynskjer alle som stikk innom
god helg.
Helsing Anne-Mari






lørdag 20. oktober 2018

Fargar i hagen

Etter alt regnet denne hausten er eg forundra over 
at det er planter som framleis i dag, 19. oktober, 
viser seg fram med vakre blomster i hagen.

Summerwind 
skuffa ikkje, den har
blomstra rikt i månadsvis.

Kinasøte
er ein av favorittane.
Den gir meg stor glede :)

Blå hagehortensia er ei gammal og trufast plante i hagen.
Litt bleik "om nebbet" no, men
fin likevel.


God helg til deg der ute !






lørdag 4. august 2018

Blå



Då eg fylte 40 år
(for leenge sidan) 
fekk eg desse figurane i keramikk 
frå arbeidskameratar.


Eg er svært glad i den
vesle familien.

Svensk keramik frå
JIE Gantofta
Elsi Bourelius Flower Girl Figurine.

Sjå meir frå kunstnaren


Hos Sanna er ordet Blå i
utfordringa denne veke.






søndag 29. juli 2018

Ei lita hand

På ein liten tur til Hasundhornet
var det mangt å undrast over.


Modne molter som likna på gull.
Gode på smak var dei også.

Blåklokke som nesten kan opnast heilt...
I min barndom høyrde eg at om ein 
greide å vri inn ut på ei blåklokke utan at den revna
kunne ein ynskje seg noko....
Eg greide det aldri :)










tirsdag 24. juli 2018

Eit stort ynskje



Eg kjenner på at mitt og
resten av familien sitt store ynskje er at
mor til to av barneborna våre 
må bli frisk att.

Det er vanskeleg å finne rette orda som kan
gi uttrykk for det me kjenner på.
 Eg har fått lov til å bruke dette 
fine diktet som er skrive av

Kristin Straume Audestad



sjuk

ordet som får 
pulsen til å rasa
medan tårene sprett
og framtida raknar

kroppen invadert
av eit vondarta
framandlegeme
som tek kontrollen

du synk og synk
før du kjenner ei hand
som knip trygt og hardt
og ser opp på auge med håp

ikkje slik du tenkte
tilbringa dagane framover
men det blir ikkje for alltid
for denne kampen klarar du!

og etterpå kjem vissa
om at livet er dyrebart
du nyt kvar dag og drope
i takksemd for det andre ordet

frisk



Du finn mange fine dikt frå denne forfattaren på Instagram: 
berrekristin










søndag 4. februar 2018

Silhuett


" Blå var dagen,
bjørki ute
risa rim på
himlens rute "

Olav H. Hauge



Januarbilde 
frå Furuhogane
Harpefossen.






tirsdag 31. oktober 2017

Kinasøte


Dei blå vakre blomane er til
inspirasjon og oppmuntring i våte og kalde
oktoberdagar.

Dei lyste mot meg før helga

I dag  ser dei pjuskete ut,
men eg veit at så snart sola titta fram vil
dei opne seg og lyse mot meg.

Hausten har for alvor lagt grep om naturen,
og i morgon skriv me 
november.
Det er knapt 8 veke til jul.





fredag 18. august 2017

Storhjelm eller Prakthjelm ?


Ona og Husøya er 
bunde saman med ei bru.
På Husøya ligg gravplassen


Ved den gamle kyrkjegardsmuren sto det 
fleire grupper av denne
 planten


Eg er usikker på om det er 
Prakthjelm eller Storhjelm,
fine er dei i alle fall.



Tidlegare innlegg om Ona 






onsdag 5. juli 2017

Blåbær


Utruleg, men sant,
eg plukka første blåbæra i marka i går kveld


og bæra var søte og gode

Etter ein kald og heller våt sommar hittil
er dette overraskande.

Naturen er fantastisk.







mandag 15. mai 2017

Blå



er ordet denne veke
hos Gemsweeklyphotochallenge

I dag skal skal du få ein titt
 på samlinga vår med
blå keramikk av kunstnaren
Leif Heiberg Myrdam

I love it ♥









fredag 21. april 2017

Blått

 er det mange som lika.
Om våren synest eg det blå er
ekstra vakkert

blått elvevatn ....


Scilla på ei gammal grav


vårblomster
i alle fasongar


den daglege utsikta mi
som med sine varierande fargar
 aldri sluttar å 
tiltrekkje meg

God helg,
gjerne i lag med blå blomster. 





mandag 17. april 2017

Rund


er ordet denne veka 
hos Gemsweeklyphotochallenge.

Eg plukka litt kvitveis
i det nydelege turveret i dag.

Dei passa godt i den
 runde blå vasen
på kjøkenbordet med den
fargerike duken. 



Vel overstått påske !
Takk for alle koselege kommentarar.
Eg har dessverre ikkje hatt høve til å
besøke alle mine bloggvennar
siste veka, men kjem etterkvart.

Helsing Anne-Mari









fredag 29. april 2016

Vårkjærminne


med sin nydelege blå og spede
utsjånad,
er til stor glede om våren.


Omphalodes verna


God fredag !




lørdag 31. oktober 2015

31 oktober



Temperaturmålaren vise 
17 grader i dag !

I fare for å gjenta meg sjølv legg eg ut 
bilde av Kinasøte ein gong til
denne månaden.
her


I dag opnar dei seg utan at sola skin på dei.

Today, they open themselves without sunshine,
17 degrees in the air makes the trick

Kinasøte er av mine største gleder
i hagen.


Takk for fine haustdagar i oktober !






lørdag 17. oktober 2015

Kinasøte


Gentiana sina-ornata

Dei vakre blomstrane veks
som eit teppe seint om hausten.
Eg ventar på den 
og den skuffar meg ikkje.

Blå som himmelen
 opnar den seg mot sola.

Som eit kaleidoskop
i botnen av den djupe klokka :)

Bie på jakt etter godsaker. 

Kinasøte er fin både utanpå og inni.

Link til:

Today`s Flowers
FloralFridayFotos