Med 16 grader og sol har det vore ein
nydeleg vårdag.
Leah Sofie, 7 år, er hos
besteforeldra etter skuletid av og til
og i dag vart me einige om å gå tur i
terrenget her i nærleiken.
Farfar kallar slike turar for ekspedisjon.
Han går ofte slike turar med barnebarna
og no er det ho som er her mest.
Då lokkar han med å finne spor etter hjort, fuglereir
og andre hemmelegheiter.
Farmor fekk også fylgje i dag.
Terrenget er varierande og nokså ulendt så
det er fin trening å gå her.
Farmor låg rett ut mellom tuene...
Oij, sjå kva me oppdaga..
Egget til ein Svartbak/stormåse !
Skal tru om han har hatt fleire
egg i reiret, eller
kanskje ikkje ferdig å verpe ?
Eg trur det er vanleg med tre-fire egg.
Me må vere forsiktige og ikkje kome for
nær så han blir redd og ikkje
kjem att og fortsette
ruginga.
Leah Sofie synest det var fantastisk å sjå eit ekte egg.
På skulen i dag hadde dei sett bilde av slike.
Støvlar fulle av rusk frå lyng og eine er som
det skal vere når ein er på slike turar.
Men "herlighet " kor det ser ut her !
I denne fjøra samlar det seg alltid mykje avfall som kjem drivande i sjøen.
Leah Sofie er forundra over alt rotet nokon har slengt frå seg.
Tidlegare i dag har ho og klassa vore ute og plukke rusk
langs vegen for å gjere det fint til 17. mai.
Ho vurderte om ho skulle
begynne å rydde her også..
men det blir for mykje for ei lita jente å greie så
det får berre ligge.
Snart heime.
Det trengs kvild og nyting av den friske
sjølufta.
Andre ting me hadde sett på turen var desse
fine blomane på lerketrea,
og blåbærlyngen som blomstra.
Det blir kanskje godt blåbærår i år ?
Takk for at du var med oss på tur :)
Anne-Mari