Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg

onsdag 23. oktober 2019

Boge



Båge 
er ordet i utfordringa til Sanna
denne veke.

På norsk seier me boge (nynorsk) eller bue (bokmål)

Eg slit med svimmelheit for tiden.
Har til og med hatt eit
sjukehusopphold nokre dagar.
Det er ikkje funne noko årsak så langt, 
men håpe det snart går over.
Eg har ikkje Krystallsyke 
der problemet ligg i bogegangane i det indre øyre.

"Vestibularis-kvartetten"
Henta frå internett.
På bildet er mange bogar og svimle folk.

Bilder til oppgåva er frå inventaret i heimen.
Opninga til romet der me har bøker
og bilder er forma som ein boge.
Skiltet over er laga av svigerfar
med bokstavane til mannen min.
Bilda av besteforeldra våre
har bogeforma rammer

Like ved står vitrineskapet med øverste kant 
forma som boge.
Drikkehornet som far min har laga er
har også form av boge

Tusen takk for gode helsingar
i forrige innlegg <3




fredag 14. desember 2018

Kantet


Kantig
er ordet i utfordringa til 
Sanna denne veke.

I biblioteket er det utstilt
peparkakehus
med mange rette hjørner.

Den fine engelen fekk eg i bursdagsgåve
frå to av tantejentene mine.
Litt kantet i forma.
Hekla duk med mange vinkler.


Prøvesmaking av lefse og søst.
Både lefsa og duken har
rette hjørner.







lørdag 12. mai 2018

Hotellet i Gdansk



2. til 6. mai var mannen min og eg i Gdansk,
hadde fast tilhald i Hotel Puro Stare Maesto.


Eit nytt og fint hotell som ligg eit steinkast frå gamlebyen.


Herlege blikkfang ga eit flott førsteinntrykk
medan me venta på å sjekke inn.




Delikat rom og bad.




Bilde frå spisesalen.
Frukosten var fantastisk !! 


Ventebenk utanfor spisesalen..


Koselege sittegrupper både her og der.



 Eg likte godt dei fine fargane dei
brukte i interiøret.




Litt av kunsten i resepsjonen.



Her likte me oss godt.












torsdag 26. april 2018

Nye puter


Eg er så begeistra for dei fine tinga
syr.
Ho er lærar i barneskulen og 
inspirerer elevar til å
sy mange fine ting.
På fritida syr ho mykje fint som ho sel.
Denne gongen var eg ute etter
nye puter som eg tenkje å ha
i sofaen på hytta.

Eg lika godt desse fargane.
Stoffet har ho kjøpt i Amsterdam der ho er
fast kunde i ein stoffbutikk.


Slik er baksida på dei to putene.
Palmebladstoffet er lekkert.


Fleire måtar å dandere putene på.

 Dei to putene skal eg ta med
til hyttesofaen.


 Eg synest også dette stoffet er nydeleg 
med lauv i forskjellege fargar.
Denne puta vil eg ha heime.
 Palmene på baksida 
i ein annan farge enn dei andre to.

Eg kjøpte forkle også,
men har ikkje tatt bilde av det så
det må bli i eit anna innlegg.

Her finn du tidlegare innlegg om arbeid frå Lappelina










mandag 19. juni 2017

Sol


Det er tid for 
Gemsweeklyphotochallenge veke 25 og ordet er
 SOL



Slik kan junikvelden ende
etter styrtregn og vind
tidlegare i kveld


og sola speglar seg gjennom regndropar i 
Vitrineskapet i stova.

Det er to-tre dagar til sola snur
og det er lyst som dagen ute.

God natt !




Sjå fleire solbilde HER






torsdag 15. juni 2017

Naustet

Som eg skreiv i forrige innlegg
 HER
var det relativt vått ¨
å traske i Oslo`s gater.
Hos
hadde eg lest om ei byvandring der ho hadde
funne fleire spennande stadar
 i Oslo,
blant anna Naustet. 
Det var lett å finne så dit gjekk turen.

Lite folk på Langkaia vis a vis Operaen denne kvelden,
men her er truleg eit yrande liv på
fine sommardagar.

Inne i Naustet er det eit
retro miljø,

kjende fargar og interiør frå ei
svunnen tid

- 60, og -70 tals interiør
er plukka fram 
og fått sin renessanse.

Det er lett å bli litt nostalgisk
når ein ser seg rundt.

Litt om Naustet henta frå nettet

Ta deg ein tur neste gong du er i Oslo ;)







tirsdag 7. mars 2017

Klokker


Siffror- tal
er ordet denne veka

På veggane rundt om i huset vårt har me tre
klokker
Den gamle stoveklokka etter
oldeforeldra mine
med naturlege tal

 Den utskorne klokka med
romertal
som svigerfar Hans har laga

 og den utskorne klokka,
som far min Karl har laga
også med romertal 

Som du ser, det er ikkje vanskeleg å
følge med tida her i huset :)










torsdag 16. februar 2017

Oransje


Akkurat i dag 
var dette det eg hadde trong for,
oransje virka oppkvikkande
på meg.


Dei nydelege oransje vasane sto utstilt
i blomsterbutikken eg bruka
å handle i.
No plukka eg fram bilda frå 
telefonen.

Eg har alltid likt oransje og kjenner 
dragning mot klede og gjenstandar i den fargen.
I boka 
er mykje spennande å lese om alle fargar.
Blant mange andre eigenskapar
 står det at 
oransje er livsgledens farge.






mandag 25. april 2016

Gobelinstoff


Eg kjøpte ei stor
Hotellpute, 70 x 100 cm,
i eit Coop-tilbod for ei stund sidan.
Visste ikkje heilt kva eg skulle bruke den til,
men så kom på at eg har hatt eit
Gobelinstoff liggande i årevis.
Det var ein rest eg kjøpte fordi eg likte det så godt.
Har tatt det fram fleire gongar og
lurt på kva eg skulle sy av det,
og i dag fann eg ut at
 det hadde akkurat rette storleiken .

Puta passa fint i sofakråa,
 stor og god å ha
 i ryggen.

Stødig og godt stoff.
Gobelin er vel ei form for 
billedvev ?








onsdag 24. juni 2015

Avslutning på jonsokkvelden

Dagen var grå og vinden kald.
Barnebarnet Hans-Petter 
feira 11 års dagen sin
 med familien.
Grilling og kos utandørs sette 
krav til god påkledning.
Ull frå inst til ytst
var nødvendig.
Men avslutninga på dagen vart
ei vakker oppleving.
Litt før kl 23.30 vart det ei opning 
i skydekket i horisonten.
Sola gløda i ti minutt før
den gjekk ned i havet
kl 23.40
 Eg vart så fasinert over speglinga i 
vitrineskapet.
Legg merke til kor lyst det var ute då
det snart var midnatt.






søndag 12. april 2015

Little Kolibri Orchid

Det er noko fortryllande vakkert over
denne orkidèen.
Den er så kløktig konstruert for å
lokke til seg kolibri og
insekt i regnskogen
der den eigentleg høyre heime...

Mannen min fekk denne etter eit oppdrag
for fleire veker sidan.
Som du ser likar den seg godt i ei tørr stove også :)
Her står den og skin ved sida av 
 gamalt porselen.


Ynskjer deg ei fin ny vårveke.



søndag 15. februar 2015

Sikre teikn på vår


" Vend ansiktet mot solen, så ser du ikke
skyggene "

Helen Keller

-----

Her eg bur er sola vekk 6 veker før- og 6 veker 
etter solsnu.
Difor er det stor glede når ho kjem.

Dei første vårteikna er


- snøklokker i ly for nordavinden ved
den gamle avflassa siloveggen.


- og at sola kjem inn i stova.

God søndag.

Anne-Mari






onsdag 21. januar 2015

Onsdagstema - fritt tolka


Tema: Kringskuret.


Eg er ikkje sikker på kva ordet Kringskuret kan bety,
men Birgitta skriv at tema kan tolkast fritt.....
 Her er mitt bidrag.

Sjå korleis andre har tolka tema


søndag 14. desember 2014

3. adventshelga


Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede.
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede.
Så tenner vi tre lys i kveld for lengsel, håp og glede.


Og på hytta er dei små
Mailegkaninene hengt opp til julepynt.



Eg ynskjer deg ein fin tredje søndag i advent.

Anne-Mari



torsdag 23. oktober 2014

Likar

Eg likar godt fargane i puta eg kjøpte av


Ho fann dette retroliknande stoffet på ei reise
 i utlandet.

Eg synest puta passa perfekt i stova på hytta.
Den passa til det gamle teppet på veggen,
 det eine av to forheng
som hang mellom dei små stovene i huset
på Løset, der mannen min vart født.
Han arva det.
Det er vove av heimespunnen- og plantefarga tråd
som var vanleg på den tida.


I like