Viser innlegg med etiketten I like. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten I like. Vis alle innlegg

torsdag 5. januar 2017

Det nye året 2017


Då er nyeåret i gong,
idèane til blogginnlegg står 
ikkje akkurat i kø,
men forhåpentlegvis vil eg kome på glid etterkvart.
I dag satsar eg på blomster og vêret.
Siste veka har det vore både
regn, storm, mange varmegrader,
og snø.
I dag er det kuldegrader.
Med andre ord, det er ikkje kjedeleg.

Utfor døra står denne
Julerose - Helleborus 

Litt sliten av vêret,
men den "står an av"...

Hortensiaen står i ei lita krukke ute framleis.
Slike planter er fine 
i alle stadier.

Slik er det med mennesket også,
alle aldrar har sin sjarm :)












torsdag 13. oktober 2016

Glimt frå hagen


Me er velsigna med nydelege haustdagar,
sol og klar himmel om dagen,
kaldt og rim om natta.

I hagen står dei trufaste plantene
Blå hagehortensia
har blomstra i mange veker.

Kinasøte er kjærkome blikkfang 
denne tida.
Eg nyt den lysande blåfargen.

Sedum, den fine haustplanta er
godt likt av insekta.

Rim på marka er
eit vanleg syn i oktober.

Den fine hausten gjer ventetida på 
 sommar, sol og varme 
kortare.
Og takk for det.







torsdag 9. juni 2016

Eg lika


å sjå på det 
gamle huset i Eidsgata
på Nordfjordeid

Her er ein sjarmerande butikk
med forskjelleg,
som utstyr og stoff til lappeteknikk,
 fine interiørting og
masse meir.







torsdag 26. mai 2016

Nytt skip


er levert frå
Kleven Verft i Ulsteinvik

Edda Freya
150 m langt og
svært avansert konstruksjonsskip
er levert til 
Østensjø Rederi


Eg er stolt over Kleven verft,
som ligg 1 km frå her eg bur.
Verftet er ein stor arbeidsplass
 og grunnpilar i 
kommuna vår.

Eg tillet meg å låne eit bilde
frå Wikipedia av
verftet
På bildet viser heimstaden min
øverst i høgre kant av bildet.









torsdag 19. mai 2016

Sæterliv i Aldalen

Sel = seterhus med soverom, kjøken og 
mjølkerom 

Mor mi var frå Hjartåbygda i Volda kommune.
Ho var fødd i 1925
Garden Åsen ligg midt i bygda.
I tillegg til dyrehald hadde
dei einaste telefonapparatet i bygda
som gjorde at ho og syskena
gjekk med telefonbod til
folk på gardane rundt og langt inn
i Austefjorden.
Sæterdrift var ein viktig del av jordbruket.
Det var lite beite for dyra vår og haust,
men på sætra i Aldalen vart det
tidleg grønt. 
Frå tidleg i juni flytta dei buskapen dit og dei
var der vanlegvis i 12 veker.
Mor mi fortalde at dei var 9 jenter med
ansvar for kvart sitt sel og dyr.
 Ho begynte å sætre det året ho gjekk for presten
som 14 åring.
Då hadde ho ansvaret for kyr som ho henta 
frå marka om kvelden og  mjølka dei.
Mjølka vart frakta til bygda 
med handkjerre, ei strabasiøs ferd
i ulendte råser.
Der var ikkje elektrisitet så ho fyrte i omnen,
varma vatn for å vaske mjølkespannene,
så til elva for å skylje dei.
Ho fortalte om kor mørkeredd ho var når
ho sto ved elva.
Det var fortalt ei spøkelsehistorie om ei jente
for lenge sidan, ho hadde
fått eit barn i løynd, og grave det ned
på andre sida av vatnet.
Om kveldane høyrde dei skrik derifrå....
Ho fortalde at ho brukte å synge høgt medan ho var
ved elva for å overdøyve lyden.
I ettertid fekk ho vite at skrika kom frå ein fugl
som ho kalla Mekregauk.

Dei 9 jentene sat oftast i lag laurdagskveldane,
og det kom gjerne besøk frå bygda.

Mor mi fortalde at sætrelivet var travelt,
men ho likte det.
"Det var med på å forme oss, og 
gjere oss sjølvstendige "

På dette bildet står mor mi
nr 2 frå venstre.
Systra hennar, tante Agnes er fem år
eldre og sit på vogna med
hatt og paraply.
Ho såg dei kanskje vel avgarde,
etter å ha sætra i mange år,
og no overlet ansvaret til systra. 

Her står mor mi nr 3 frå høgre.


Selet i Aldalen 
 er halde godt ved like av syskenbarnet mitt.

I min barndom var me på søndagsturar
til Aldalen,
hadde med niste og kosa oss 
i mange timar medan mamma fortalde
 interessant frå ungdomstida si.









onsdag 11. mai 2016

Kulltreff


Som eg skreiv 
skulle eg ha kullingar på besøk
Åtte damer (ni med meg) i sin beste alder,
no er alle pensjonista og kan 
sjå tilbake på
eit langt yrkesliv
som sjukepleiarar.
Praten går frå første minutt,
me har mykje å snakke om,
alltid !

Eg hadde gjort alt klart før dei
kom med ferja over fjorden og
biltur hit ut på øyane.
Serviettar bestemte kva blomster
eg skulle ha på bordet,
greiner av plommetreet
hadde nesten same
blomstrane

Eg serverte ei gryte med blant anna
torsk og laks
med ris og heimelaga
focaccia til.

Som alltid når me er samla flyg
timane fort avgarde,
dei skulle rekke ferje og
måtte bryte opp
lenge før me hadde prata ferdig :)

Takk for ein kjekk kveld i lag.

Ps.
Eg skreiv eit innlegg om kulltreffet
som me hadde i
 Dubrovnik september 2013










torsdag 5. mai 2016

Narcisser


er utsprotne i hagen no.


Eg hadde berre iPhonen å 
ta bilde med 
så gjesten på blomen
fekk ikkje godt nok bilde av seg...









torsdag 31. mars 2016

Vårblomar


På tur i den fine 
vårdagen 
openberra det seg
nydelege skattar 
vegkanten


Hestehov




Kusymre


Det er den draumen

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa 
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge








torsdag 10. mars 2016

Solnedgang 10. mars


Etter ein strålande marsdag med
opp til 10 varmegrader 
var solnedgangen 
denne:


After a great day it was this sunset
 at my home place.







torsdag 25. februar 2016

Snøhole


Det har snøa tett heilt sidan søndag,
så det har blitt lite uteaktivitetar.
I går og i dag har me prøvt
oss i slalombakken,
men det går ikkje lang tid 
før det ikkje er kjekt lenger.
I går kveld var veret såpass at 
barnebarna vart freista til å bygge 
snøhole  i den
svære brøytekanten
utfor hytta.
Dei to minste bygde på si hole
rett utfor hytteglaset og
var lette å sjå.
Farmor er ikkje så glad i snøholebygging,
det er slett ikkje ufarleg,
men eg forstår at barna har det kjekt.
Dei to eldste laga ei skikkeleg hole og 
etter at dei var ferdig 
sette dei ut levande lys.
Det høyre med til historia at i dag 
er hola sterkt redusert 
på grunn av all snøen.

Dei hadde det kjekt medan dei heldt på
og ingen ting er betre 
enn glade barnebarn.





torsdag 11. februar 2016

Blåbærlyng


I juleferien på hytta 
plukka eg ein 
bukett  blåbærlyng 
på ein snøfri flekk i marka,
og sette i vase inne.
Første helga i januar då me kom til hytta
var det knoppar på lyngen

Neste gong var det gått tre veker,
då såg den slik ut.

Etter seks veker 
i hyttestova har buketten tørka litt inn,
men er det ikkje 
starten på eit bær eg ser  ??


I like




torsdag 21. januar 2016

Evighetsprosjektet


er i bevegelse.
Eg lika at eg har begynt å 
hekle saman ruter i lappeteppet.
Eg lika dei fine tulipanane 
og lyset frå den kvite vinteren utanfor.
Og så lika eg at i dag skal eg til
Volda på Hjartetrim.






torsdag 7. januar 2016

Trening


Hilde-Marie og eg
har trena i lag to dagar i veka sidan 1998.
På kveldstid medan me var yrkesaktive.
Frå kl. 10 og utover etter at me vart pensjoninstar
Det har blitt nokre ufrivillege pausar innimellom
av ulike årsaker, men
me har aldri mista lysta og gleda ved
å trene.
Eg set stor pris på å ha faste avtalar,
då er det ikkje så lett
å sluntre unna som når ein skal
trene åleine.
Måndag 4. januar starta me på att med friskt mot
etter pause siste tre-fire mnd.
og minkande formkurve.
(for min del iallfall)

Først gjekk me 1,5 time 
 på fjellvegen i 
4-5 minusgrader og sol.

Sola titta fram mellom fjella før ho
gøymde seg bak Løsethornet.

Det var stilt, berre ein bil å sjå.
Og fly på veg mot aust,
 over Hammarstøylvatnet og 
Sunnmørsalper.

Etterpå køyrde me til
Aktivsentret i Ulsteinvik sentrum,
der me bruka å trene styrke omlag ein time.

Dei neste tre månadane blir det litt endring
 då eg skal vere med på
 hjartetrimmen ved Volda sjukehus
tirsdagar og torsdagar.

Eg vona at forma skal bli i betre utover våren,
enn den er no. 






torsdag 17. desember 2015

Andrè 45 år


Det er på ungane ein forstår at ein begynner
å bli opp i åra ...
Eldsteguten Andrè er 
45 år i dag.
Kjekk kar ! 
Psykiatrisk sjukepleiar,
gift med Renathe og har jentene
Celina Marie, Leah Sofie og Ella Victoria.
Han vart født på Volda Sjukehus 17. desember 1970.
På den tida var det ikkje noko som heitte fødselspermisjon 
så eg gjekk rett frå medisinsk avdeling, der eg
jobba som sjukepleiar,
og bort på fødeavdelinga.
Det er ei lygn å seie at han kom fort......
men eg skal spare dokke for detaljar :)
Ei veke etter, på sjølvaste julaftan, kom me
heim til leiligheit på loftet hos foreldra og syskena mine.
Den flottaste og beste julegåva
for alle den jula.


Gratulere med dagen Andrè !

Klem frå mamma





torsdag 10. desember 2015

Lammerull






Er tradisjon å lage til jul.
Utbeina side med kotelettrand frå lam blir krydra og salta og
putta i nettingstrømpe.
Etterpå ligg den i lettsaltlake 5 døgn (eg trur den rosa fargen kjem av det)
Så heng den ca ei veke på loftet for å bokne (lett speking).
No er den kokt, pressa og klar til bruk.
Etter smaksprøve blir den raskt putta i frysaren
til me tek den opp og nyt den på frukostborda i jula.

I like



Posted using BlogPress from my iP

torsdag 3. desember 2015

Figgjo Vulcanus


Eg var så heldig å få denne 

fine Figgjo Vulcanis,
eldfaste skål med lokk

av svigerinne Siv-Marit som hadde
kjøpt den i Danmark.

Eg likar  den godt
og vart kjempeglad for å få den.


I like