lørdag 26. november 2011

Advent

Klar til å tenne lys første søndag i advent
I år plukka eg frå naturen rundt huset 

Litt krydder gir god lukt i stova

Lyslykta kan eg tenne dagen før


Ute har naturen misforstått, denne skulle ikkje
blomstre ved adventstider, men fargen er der
 God adventstid !

Klem frå Anne-Mari





torsdag 24. november 2011

Uver

Vermeldarane spår sterk storm til natta.
Samstundes er det ekstremt høg vasstand.

Desse bilda er frå forrige gong.

Vermeldarane ber folk om å tjore fast lause
gjenstandar kring husa og sikre båtane.
Uveret "Berit" kjem ....


Likar betre å kvile auga på dette:
Kjenner meg tryggare då.

Nei, eg vil kose meg innandørs med den nye lyslykta mi.
Og så håper eg taket ikkje fyk til himmels...

God kveld til alle !

Klem frå Anne-Mari




lørdag 19. november 2011

Oransje

            I desse dagar har dei fleste begynt å tenkje på advent og jul.
Det har eg òg.
Men må fortsette litt etter siste bildet i forrige innlegg ;)
                               Dei som har kjent meg lenge hugsar at oransje var
                                                     favorittfargen.                      
                         Har 6 par av desse koppane, dei har vore  lenge i skapet no,
                                              men er i grunnen fine J

                        Vekta (som eg gløymde å vise i innlegget om bismaren) og kjøkenmaskina,
                           innkjøpt i ”oransjetida” vert brukt når julemòren skal lagast J

Syns framleis oransjefargen friskar opp.

                                      For nokre år sidan var eg på eit kurs
                                                     for sjukepleiarar.                             
                                Innleiaren hadde eit oransje sjal rundt halsen.
                             Ho fortalde om kor denne fargen kan påverke oss,
                                        at den kan endre sinnsstemninga,
                                         ja til og med auke livskvaliteten.
                           Etter ein stor operasjon var ein pasient nedfor,
                            fekk ikkje i seg mat og hadde dårleg framgong.
                        Sjukepleiaren greip inn, gjekk med oransje sjal, pynta
                              matbrettet med oransje serviettar og blomster.
                               Det vart påstått at dette snudde pasienten sin situasjon,
                                                    og dama kom seg J


Eg har undersøkt litt om fargar,
om oransje står det at fargen :
gir kraft, healing, kreativitet, vitalitet,
tankefullhet, forandring.
Den virkar opplivande, oppmuntrande,
gjer deg glad.
Den får fart på energien din og på
livet ditt.
Lettar deg for å ta livet for alvorleg.

Må vedgå at eg ofte brukar oransje sjal,
kanskje når eg treng det mest ?
Eg har forresten ei oransje kåpe òg, som
eg særleg brukar om våren og ofte får
positive kommentarar til ;)

Gode ynskjer om ei fin helg
frå Anne-Mari






tirsdag 15. november 2011

Kråke mm

Oppdaga ein ny eigenskap hos kråka


Ho les avis !!
Likte ikkje at eg tok bilde så ho tok med avisa og flaug avgarde,


og idag las eg i lokalavisa om ei kvit kråke !!

bilde av ei anna enn den som var i lokalavisa


Knipsa på eit hotellbad
Klart det, ikkje for alle nei..

Men her er noko for frøken og frue
Herleg.

Takkar hjerteleg for alle kommentarar,
og til alle som kikar innom.
Ps. eg har problem med Blogger for tida, er det
andre som slit med det same ?
Set pris på tips som kan hjelpe :)

God tysdagskveld !

Klem frå Anne-Mari





tirsdag 8. november 2011

Sånn er det berre..

etterkvart lang røynsle med MR

http://www.youtube.com/watch?v=lb_-JR0O8Ew&feature=related

ikkje hoste
ikkje nyse
helst ikkje svelge

dobbelt sett hørselvern

50 minutt



godt å kome heim og nyte resten av dagen 

Fin tysdagskveld !

Klem frå Anne-Mari





mandag 7. november 2011

Bruktfunn.

stor dag i bruktbutikk ..
original skål i stettvase av sølv !!
heldig for meg at nokon gir det frå seg :)

fløytemugge og sukkerskål

  lysestakar


 maken skål som den eg knuste :(
Fatet med skål var bryllaupsgåve for lenge sidan..
.. no vil eg servere hermetiske plommer i den :)

litt nytt og litt brukt

løpar og liftgardin er sydd hos http://www.lailatekstil.no/

Nyt måndagskvelden :)

Varm klem frå Anne-Mari