Borneborna stortrivst i fjøra når dei
er på besøk hos farfar og farmor.
Difor kom idèen om at
Hans-Petter sin 8 årsdag kunne
feirast her med 14 klassekameratar.
I tillegg var familia hans her.
Fyrst var det mat !
Fotballsjokoladekake !
(fotball er hans store interesse :)
pølser med brød
kanelsnurrar
Klar for safari..
på leit etter krabber, kokkelurar, sjøstjerner.
sjøanemone, og anna rart..
Stort område skal saumfarast..
Litt av fangsten,
.. og altfor lave støvlar...
Ellers var det mange som nytta høvet til å
klatre på storesteinen og sjørøvarskuta, nokre prøvde også slenga
som hiver dei utfor ein skrent.
(manglar diverre bilder frå desse aktivitetane)
Vonar borna tenkjer attende på denne
kvelden med glede.
No er det skuleferie og nye opplevingar ventar.
Me vaksne kjende at dette var ein fin
måte å feire 8 årsdag på ♥
Takk for at du var med !