Tenkjer på så mangt etter turen til Ljådalsvatnet igår.
Kva syns du om dette ?
Slept ned frå månen... eller fly ?
Det andre hjulet låg eit stykke ifrå...
Ifall køyring må det ha vore litt av ein firhjulstrekkar
for å kome så langt inn i fjellet.
Du hugsa eg lurde på kva dette var..
På Kjølsdalssætra brukte ungdomane å samle seg
på ettersommaren når dyra var komne heim frå sæterbeite.
Då heldt dei fest og dans for å feire.
Det har vore dansetilstelningar nesten fram til no, med orkester og
deltakarar i hopetal, det kom meg for øyret at her har
vore samla bortimot 400 personar på fest !!
Det vart litt hustre med vind rundt øyrene så eg gledde meg til dette:
Har ikkje strikka på evigheiter pga skulderplager, no vil eg
kose meg og lage tøfler :)
Så godt å kjenne varmen frå omnen :)
Eg vert så glad når eg får kommentarar,
dokke er så kjekke !
Ynskjer alle ei god veke !
Klem frå Anne-Mari