fredag 28. februar 2014

Vårlyng



Erica


er vakker,
 og gir mat for sansane våre.

Med bilda av vårlyngen ynskjer eg dykk alle ei 
God helg, den første i mars !
Eg takkar for alle fine kommentarane.
Set umåteleg pris på kvar og ein og les dei 
oppatt og oppatt

Klem frå Anne-Mari





onsdag 26. februar 2014

Morgonsol i februar



Gjennom opninga i gardina såg
eg at det lyste i gull på 
himmelen.
Det var berre å skunde seg ut av senga
og finne fram kamera.




Eg måtte berre dele dette :)

Det går mot ein fin februardag.
På radioen sa dei at det er tosifra temperaturgrader over heile fylket.
Kanskje det er våren ?

Nyt dagen !
Og takk for at du stakk innom meg ♥

Anne-Mari



mandag 24. februar 2014

Vintersol


Det er litt magisk når 
vintersola prøver å trenge gjennom
tett skog for å nå elva som ligg
frosen og lengtar etter å
få renne fritt.


--------------

I dag var det trekning av Gi bort her i bloggen.
Det vart gjort på gamlemåten med 
trekking av lappar med alle namna.
93 lodd totalt.

Nr. 21 Blåbærtua er vinnar av Hengepynt 
Nr. 39 Brudeblogg er vinnar av to Spisebrikker

Eg vil anbefale deg å besøke dei to 
spennande bloggane !

Stor takk til alle som deltok !
Og velkomne alle nye følgarar til bloggen !

Eg ynskjer alle som er innom
ei fin ny veke, den siste i vintermånadane :)

------- PS. På grunn av store mengder spam siste tida
ser eg meg nødt til å legge inn
avgrensing av kommentarer ei tid framover.
Vona du vil ta deg tid til å
kommentere hos meg likevel..

Anne-Mari





søndag 23. februar 2014

Spor


 Fototriss - tre bilder på ett tema er
 " Spår "denne gongen

For meg kan spor vere så mangt,

eit falleferdig hus som sannsynlegvis
ber på mange minner,

ein gamal lås som er tatt vare på
sjølv om ein ny er sikrare,

menneskeskapte spor som har
landa i fjøra.


Sjå fleire spor




torsdag 20. februar 2014

Vinterferien


så langt
har vore fin for små og store.
Av den planlagde maten eg la ut bilde 
av sist mandag
er det berre vafler som er laga,
men det vart det mange av,
og jammen fekk dei bein å gå på 
(til tolv personar ;)

Favorittmat når me er på hytta
 er blant anna
Taco.
(lite styla bilde, men...)

og
Pizza

Barnebarna har kosa seg i snøen
som endeleg kom

Snøhytte

Skitur

Kunne vore meir snø i løypene,
men det kjem nok meir.

I løpet av ei vinterferieveke blir det endringar i
flokken,
 " noen kommer, noen går " 
Det viktigaste er at alle som vil
kan få vere i lag med kvarandre, 
og at syskenbarna får kjenne på fellesskapen.

 er farfar og farmor 
glade og fornøgde.

I like

Eg minner om Gi bort her på bloggen
med trekning 24, februar.
Trykk
Her

og ta eit lodd då vel ;)


Anne-Mari







onsdag 19. februar 2014

Blåaste blått


er onsdagstema i dag.


Ein liten fjelltur sist veke i
kald vind,
 ikkje langt frå  der me bur.
Øya Runde midt i  bildet.

I går var det ein strålande dag her på hytta.
Lite snø, men me nyt
fine dagar med barn og barnebarn.
Det er minus 7 grader her i dag.

Ynskjer alle ein fin onsdag.






mandag 17. februar 2014

Heimelaga


godsaker må planleggast
 når flokken vår
er samla til vinterferie på hytta.
Blant anna står dette på ynskjelista:


I natt har det snøa her på Harpefossen.
Ski og anna utstyr skal fram,
me er klar for tur.




fredag 14. februar 2014

På moten 50 - 80 - tallet

av
Frøy Lode Wiig (red.)


sto på ynskjelista mi til bursdagen,
og eg var så heldig få den.

Eg var barn, ungdom og vart mor i 
den tidsepoken boka handlar om.
Det har blitt mange koselege stunder med 
humring og mimring 
over farne tider.

Nokre smakebitar:
klikk på bilda så blir dei større og
du får sjå betre ..


- den lille sorte ..


- hotpants og støvlettar med snøring ..


- populære merker .. 


 - madonna ..
- blondehanskar ..


- hol i øyrene, gjerne sjølvgjort ..


- det lille under ..

Ei fin bok som eg vil anbefale !

--------

Minner om at det er Gi bort 
her på bloggen med
trekning 24 februar.
Takk til alle som er med.
Det er framleis tid til å delta for 
den som vil.
Trykk Her
for å kome til innlegget.


Anne-Mari


tirsdag 11. februar 2014

Reint


rein og kvit snø
har me venta på lenge..

snøen som fall i fjor....


TirsdagsTema er:

ren



lørdag 8. februar 2014

Bokstavar i Gamlehuset


Fototriss denne veka er
BOKSTÄVER
enkeltvis eller sett saman i ord.
I

er bokstavane og orda sett 
saman med kreativ sans.




Det gamle trauet vart nok brukt 
 når ein sette garn.
No har Ivar Aasen sin song
"Mellom bakkar og berg"
fått plass i det.


Fleire innlegg om Gamlehuset kan du lese:
HER og HER og HER


Sjå fleire BOKSTÄVER 






torsdag 6. februar 2014

Guten og hunden


Eg likar å sjå på bildet av guten og hunden
på piknik i skogen.


Godt vennskap !




onsdag 5. februar 2014

Tova trekk til tennbrikettboks

.
var ei av julegåvene sist jul.


Eg synest den er kjempefin !


Eg er alltid glad når eg får handlaga ting.
Det er kanskje fordi eg ikkje er så
flink med handarbeid sjølv.


Eg minner om at du kan vinne i
Gi bort 
som du finn ved å klikke
HER


Det vart ein frisk tur ute i marka i dag, 
 nydeleg solskinn, men litt kald vind.
Slike dagar vil me ha fleire av !

Anne-Mari



mandag 3. februar 2014

Meir frå primstaven

Eg har vist fram og skrive om merketeikn frå 
primstaven fleire gongar.
Det er svigerfar Hans som har laga primstaven.

Dette er vintersida på primstaven.

I går skreiv eg eit innlegg om Kyndelsmesse 2. februar.

I dag vil eg vise nokre fleire merketeikn
(dei er ringa inn på bildet).


3. februar Blåsmesse, opprinneleg St. Blasius messe.
Markert med ein bøygd kvist.
Viss det bles hardt den dagen ville det bli vindfullt resten av året.
Sjøfolk og fiskarar måtte ikkje nemne dagen med namn.


5. februar Ågotmesse til minne om Sta. Agatha som
leid martyrdøden i år 251.
Unge jenter må ikkje børste håret denne dagen.
Markert med ei mus, også kalla "musedagen"
fordi ho skal ha bedd Gud om hjelp mot ein museinvasjon
og vart bønnhøyrd.


6. februar Dortemesse etter Dorothea frå Cæsarea
leid martyrdøden i år 304
Ho er hagedyrkarane sin skytshelgen.
På denne tida tok sjøfisket til.
Markert med ein kross på primstaven.

Det er faktisk litt spirar i hagen no.
Så det er tatt omsyn til hagedyrkarane ;)

Dette var siste historietime på ei stund.
Takk til alle som hadde innspel om 
Kyndelsmesse.

Minner med det same om :


Du er velkomen til å 
delta !

Ynskjer deg ein fin Blåsemesse-dag !

Anne-Mari




søndag 2. februar 2014

Kyndelsmesse 2. februar

Kyndelsmesse 2. februar var ein viktig merkedag i
katolsk og etterreformatisk tid.
Feira til minne om framstillinga av Jesusbarnet i tempelet i Jerusalem.
Framstillinga var ein jødisk tradisjon som vart utført
 førti dagar etter fødselen for gutar
og åtti dagar for jenter.

 Dette tilsvara den renselsesperioda
Maria måtte gjennom etter fødselen.
Hm, kva er forskjel på gut og jente i denne samanheng ?

I Noreg var Kyndelsmesse ein viktig festdag, og ein åt gjerne julemat.
Dagen vart avskaffa som heilagdag frå 1771.

På primstaven frå svigerfar Hans
er den markert med ein trekvist


På denne tida kunne det vere hardt ver,
Kyndelsmess-rykkjen (knuten).
Her kjem truleg samanblandinga med Knut på
Tjuandedag jul 13. januar.
Det var ulik tolkning rundt om i landet,
og på Sunnmøre sa dei at det var slutten på julehøgtida.
" Kjøndelsmess-Knut jaga jula ut "
er eit uttrykk eg hugsar frå min barndom.

Det er mykje spennande å lese om
Kyndelsmesse på internett.
Dette er berre litt av det.

Her på våre kantar er det akkurat no
mykje vind, tildels storm,
og nedbøren som kjem er regn.
7-8 plussgrader.
Vinteren har ikkje teke tak enno.


Ynskjer deg ein fin februar !

Anne-Mari


lørdag 1. februar 2014

Gi bort




Det er på tide å gi ei merksemd til
lesarane av bloggen min.
Sidan starten av august 2011 har det
vore over hundre tusen sidevisningar
og det må feirast.

Eg er stolt og glad over alle dei 
kjekke folka der ute som brukar av tida si til
å vitje bloggen min !
Og alle som skriv så fine kommentarar !

Eg vil gjerne gi eit par gåver
til lesarane mine.
Og har valt ut ting som eg likar å bruke sjølv.


To spisebrikker, vendbar,
( Madame design )



Hengepynt,
 Mona Hjerte i antikk sølv
( Black Design )