Viser innlegg med etiketten Mandagstema. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mandagstema. Vis alle innlegg

mandag 2. juni 2014

Junilandskap

er 

Bilde frå turen i fjellet der me har hytte 
viser landskapet tidleg i juni.
Ikkje så grønt i marka her oppe,
og snø i fjella på andre sida av
Nordfjorden.

På veg ned att ser det annleis ut
Her ligg den fine vårfjøsen i le
for den verste vinden,
og det er med ein gong litt 
frodigare.
Sunnmørsfjell i bakgrunnen.

Nyt dei første junidagane !

Anne-Mari

Klikk på linken i starten av innlegget.


mandag 26. mai 2014

Juni i mai

Eg har ei kjensle av at alt spirer tidlegare i år,
både i hage og eng.

Pinselilje
Narcissus poeticus
 er ein av dei som har stått i blomst i 
fleire dagar allereie.

Den gamle gyvelen
Cytisus scoparius
står i full flor.

Ein ting er sikkert, det er mykje
å glede seg over.

Mandagstema #119



mandag 19. mai 2014

" Tidens tann "


For nokre dagar sidan var me ein tur rundt øya.
Der let eg meg sjarmere av denne gamle
løda, prega av tidens tann.


" Tidens tann " kan du sjå meir av

Her i Mandagstema #118







mandag 5. mai 2014

Mai - mandagstema



Rhododendron
som blomstrar tidleg er til stor glede.
Dette året var den i full blomst
når mai kom.

Samling av mai-bilde
finn du 
her




mandag 28. april 2014

Blomstrande tre - Mandagstema

Det gamle plommetreet kjem trufast,
 kvar vår
med vakre blomster.


Samlinga av blomstrande tre kan du sjå


Takk for alle fine besøk og kommentarar.
Eg set umåteleg pris på alle :)

Nyt dei siste dagane av april.

Anne-Mari



tirsdag 15. april 2014

God påske

er Mandagstema denne veka.


Ta ei appelsin då vel .....


Fleire God påske innlegg finn du 
her





mandag 3. mars 2014

Mandagstema - Fastelavn


Hos oss vart det ikkje baka bollar,
og fastelavensriset sto igjen heime.
Men feite saker å bite i
vart det,

då gode venner vitja oss på hytta.









mandag 24. februar 2014

Vintersol


Det er litt magisk når 
vintersola prøver å trenge gjennom
tett skog for å nå elva som ligg
frosen og lengtar etter å
få renne fritt.


--------------

I dag var det trekning av Gi bort her i bloggen.
Det vart gjort på gamlemåten med 
trekking av lappar med alle namna.
93 lodd totalt.

Nr. 21 Blåbærtua er vinnar av Hengepynt 
Nr. 39 Brudeblogg er vinnar av to Spisebrikker

Eg vil anbefale deg å besøke dei to 
spennande bloggane !

Stor takk til alle som deltok !
Og velkomne alle nye følgarar til bloggen !

Eg ynskjer alle som er innom
ei fin ny veke, den siste i vintermånadane :)

------- PS. På grunn av store mengder spam siste tida
ser eg meg nødt til å legge inn
avgrensing av kommentarer ei tid framover.
Vona du vil ta deg tid til å
kommentere hos meg likevel..

Anne-Mari





mandag 17. februar 2014

Heimelaga


godsaker må planleggast
 når flokken vår
er samla til vinterferie på hytta.
Blant anna står dette på ynskjelista:


I natt har det snøa her på Harpefossen.
Ski og anna utstyr skal fram,
me er klar for tur.




søndag 19. januar 2014

Vinterdekke


er Mandagstema #103 
hos Helene


Førebels er det dette 
vinterdekket me kan vise til her på
 Sunnmørskysten.


Sjå samling av bilde:



Ynskjer deg ei fin ny veke !

Anne-Mari




søndag 10. november 2013

November

er 

Det er framleis fargar i naturen
sjølv om kalendaren viser
10. november i dag.
 
Snøen er komen lenger 
ned i fjella, så me kan vente
vinteren når som helst.


Fleire novemberbilde kan du sjå
HER 




tirsdag 22. oktober 2013

Hagen 22. oktober

Ei lita runde i hagen viser at
det framleis er noko
fint å sjå på.

 Ein sein sort plommer.

Djuper som absolutt burde vore plukka
og laga noko godt av.
Framleis blomstrar det...

Restane av blomsterstand på
Klatrehortensiaen.

 Spirea.

Queen Elisabeth.

Azalea som trur det er
ny sesong.

Du finn fleire bilde hos

Etter nydelege haustdagar kom regnet 
i dag.

Eg ynskjer fire nye følgarar 
hjarteleg velkomne !

Ha ein fin tysdag !

Anne-Mari

 

mandag 7. oktober 2013

Volda kyrkje


er eit 
landemerke 
når ein ser Volda 
både frå nær og lang avstand.

 bilde lånt frå Wikipedia

Dei fire syskena mine og eg har eit særskilt
forhold til Volda kyrkje.

  Mor vår,
Marie Elfrida Aasen 
f.13. juli 1925,
stod konfirmant i denne kyrkja.
Ho vaks opp i Hjartåbygda
lenger inn i Voldafjorden.

 Foreldra våre 
Marie og Karl Breivik
vart 
vigde i denne kyrkja 10 august 1947.

Me tykkjer dei var eit vakkert par
♥
Dei busette seg i Ulstein der dei tok
over småbruket der far min vaks opp.
( der eg har heimen min framleis)

Ho lengta innatt til fjorden og dei høge
fjella, ho tykte her var for ope mot havet.
Men etter at syster mi og eg var i
  4-6 års alderen og sat i fjøresteinane og song
julesongar medan me såg opp i stoveglaset der juletreet glitra, 
slutta ho å lengte heimatt.
I ettertid sa ho at då innsåg ho at 
det var her ho hadde heimen sin.
Til sin døyande dag undra ho seg over dei fine fargane 
når sola gjekk ned i havet,
og vart aldri lei av å nyte dei.

Eit døme på forholdet mor mi hadde
til Volda kyrkje er

bildet ho broderte og hadde på
veggen i stova. 


Innlegget knyter eg til




søndag 29. september 2013

Tal

  Fototriss del 232: Siffror

  = tal

 - tre bilde på eitt tema


Tal på kjøkenbenken.

 Talet 602N på Jøtulomnen.

Lovleg maksimalfart på vegen.

 

Sjå  kva tal andre har

HER 

  Og link til 

Mandagstema #94 HER


 

søndag 22. september 2013

Farvel sommar

er Mandagstema #93

Det er mange ting ein kan sakne når 
sommaren er over.
Varme dagar, blomster, måltid under
open himmel, bading i sjøen osb.
 (og så bortetter)
Løvetanna er ikkje den eg vil
sakne mest,
men jammen syns eg den er vakker.


Og kanskje enda vakrare i utgangen av 
si levetid.


Den har si sjarm,
ikkje sant ?


Ei fin vise om
 Løvetann og skvallerkål
Tekst: Arnt Birkedal / Musikk: Carl Øyvind Apeland

sunge av

Du finn fleire sommarfarvel hos Helene 

HER 


No ser eg fram til ein fin haust med 
alt den har å by på :)

Eg ynskjer deg ei fin ny veke !

Anne-Mari



mandag 2. september 2013

Mandagstema #90

er
NATURENS GAVER / NATURE'S GIFTS

Eg tok ein tur rundt tunet og
fann plommer på eit
eldgamalt tre.

 Plommene er skarpe på smak,
eg trur mor mi brukte å
tørke dei i steikeomnen
og bruke dei som
svisker. 

Du kan sjå fleire bilde av
 naturens gåver




God tysdag !

Anne-Mari


 

mandag 10. juni 2013

Skilt / Signs

er Mandagstema # 87
hos Helene i

På Frøya såg me dette fine skiltet 
attmed vegen.

Du kan sjå fleire skilt
HER 



Ynskjer deg fine sommardagar !

Anne-Mari


 

tirsdag 4. juni 2013

Mandagstema # 86

hos Helene denne veka er
VELKOMMEN JUNI / WELCOME JUNE !

Eg ser fram til å få fylle den gamle og velbrukte
mjølkespanna 
med staselege Lupiner.
Fleire bidrag finn du 


Ha ein fin junidag !
Anne-Mari