Medan eg baka kanelsnurrar i går, kom eg på
å ta bilde av kaffiserviset eg kjøpte i St. Petersburg
på den turen eg skreiv om HER
Imperial Blue Cobalt Porcelain
Leita fram den gamle fine duken som har
si eiga historie.
For nokre år sidan var foreldra mine, mannen min og eg
til Canada på besøk hos slektningar.
Fem av syskena til mormor reiste dit og busette seg
der rundt århundreskiftet.
Mor mi hadde over tretti syskenbarn i Canada.
Me budde hos ei av dei, Alvhild.
Ein dag kom ho med denne duken og sa at
ho hadde tenkt at eg skulle få den.
Mormor hadde brodert den og sendt den
som bryllaupsgåve til foreldra hennar i 1920
Namnet til mormora mi var Anna Marie
Eg heiter etter henne og det var difor Alvhild ville
at eg skulle få dette arvestykket.
Det ligg mykje arbeid og flid i duken.
Eg syns den er nydeleg !
Fleire broderiteknikkar
Mor mi miste mor si den sommaren ho fylte 9 år.
Ho døydde av hjartesjukdom etter lang tid i sjukesenga.
Det var eit hardt slag for dei alle.
Barneflokken måtte tidleg
ta i eit tak.
Tante Agnes som nyleg fylte 92 år har fortalt meg at ho
som fjortenåring, og mor mi på ni,
måtte ordne huset før gravferda
til mora.
Dei låg på alle fire og skura
kjøkengolvet.
Ein onkel av mor mi som budde på garden
hadde fotoapparat.
Difor fins det mange bilder frå
mor sin barndom og oppvekst.
På dette bildet sit mor på arma til mor si.
Ei syster til kom seinare.
Syskena hadde eit godt forhold til kvarandre
heile livet.
Eg skreiv tidlegare eit lite innlegg om Åsen