torsdag 29. mars 2012

Bokstavkode

Takk til Solveigsiside som gjorde meg
merksam på at det er vanskeleg å
kommentere hos meg pga
handikapline :(

Amatør som eg er har eg ikkje forstått kvifor
mange seier det er umuleg å kommentere hos meg :(
Og så har eg hatt den irriterande handikaplina !!

Kontakta sjølsagt rådgjevaren min,lisjeastrid, som stadfesta den nye
mistanken. Du har kode for å få skrive kommentarar !!!

"Hærlighet, seie eg bærre"
Kan ikkje anna enn bøye meg i støvet.

Lett var det å fjerne òg :)

Tusen hjerteleg takk til alle dokke som
har kommentert hos meg tross alt ♥

 Prøv igjen folkens !


Og eg ynskjer dei nye følgarane hjerteleg velkomne ♥

Ha ei fin torsdag !


helsing Anne-Mari



tirsdag 27. mars 2012

Osloturen

Ei minnerik helg er over
Tre systre ilag frå fredag til søndag 
hender ikkje ofte :)

Hotell sentralt, like ved Karl Johan
var utgongspunkt
Diverre vart det lite fotografering :(
Praten gjekk utstoppeleg, ikkje tid
til å avbryte ;))

Shopping ??
Paleet første stopp
Lekre støvlar,
men unødvendig denne helga :)
Anne-Mari, Perly, Vigdis
fredag kveld.

Kvinnekonferansen var på Oslo
kongressenter laurdag kl 11 til 16
arr. Norske Kvinners Sanitetsforening

Elizabeth Gummesson med innlegget
Du er god nok !
Ho heldt på å døy etter å ha oversett signala
frå kroppen i sitt jag etter å vere perfekt.
No er ho ein av Sveriges mest etterspurde
foredragshaldar
"ta hand om kvar dag, ingen har fått lovnad på dagen i morgå"
"eg, er den personen eg har livslang relasjon til og
omgås kvart våkne minutt"
Les bloggen hennar her:
blogg.tara.se/elizabethgummesson
Ho har skreve boka:
Du er god nok
her
Yngvar Andersen
snakka om å
vere fornøgd med seg sjøl,
seie "eg gler meg til bikinisesongen"
Ei heldig dame i salen vann premien
5 timar med han som personleg trenar :)

Neste hovudtema var:
Kvinner som slår tilbake
Anne Grethe Solberg med innlegget
Yes I can
Ho vart skoten av sin eksmann og
måtte amputere ei arm, og fekk store
skadar i ei hofte.
Ho har stått på og driv med både maratonløp
og kajakkpadling !!

Der var fleire innlegg om trakasering av kvinner.
Ein konferanse med alvor og latter
Lisa Tønne standup,
Hanne Krogh var programleiar
 på ein engasjerande måte.

Til slutt fekk me eit sitat av Madeleine Allbright:
" det finns ein eigen plass i Helvete for kvinner som
ikkje hjelper andre kvinner "

Ute skein sola,
systrene shoppa litt...

Eit glas vin utandørs ved Operaen

Aker brygge søndag formiddag i
strålande ver

Bussturen til og frå Gardermoen
var interessant.
Mykje å sjå og undre seg over
Her var alle markar brune og såg daude ut,
men vegskråningane var fulle av utsprotne
hestehov !
Eg likar meg i Oslo, er lett å be
når det lagar seg tur dit.
Med mannen som vekependlar og husvære i Oslo
i 15 år vart det mange turar dit.

Takk til Vigdis og Perly ♥

Helsing Anne-Mari

onsdag 21. mars 2012

Påfyll & pause

 Oslotur

Norske Kvinners Sanitetsforening arrangerer
årets kvinnehelsedagar over to dagar.
Laurdag er det
 open publikumsdag med tema kvinnehelse og kvinneliv

- Streben etter det perfekte ! Hva er prisen vi betaler ?
- Kvinner som slår tilbake


http://www.sanitetskvinnene.no/
Her kan du finne programmet.

Spennande tema og førelesarar.

Dei to systrene mine og eg er klar :)

Å gjere noko ilag gir påfyll og pause ♥

Gler oss.


mandag 19. mars 2012

Innesysler

Etter den fine laurdagen kom
søndag med høgst varierande ver,
ja slik at Benjamin snart 12, og farmor
valde å vere inne ;)

På TV var det skiskyting
Spennande

Tarjei Bøe hadde ikkje dagen,
men gull til Emil Hegle Svendsen i
Khanty-Mansijsk
Seinare på dagen gjekk
Tora Berger til sølvmedalje

Spele "idiot" med farmor er ingen "spøk"
kjekt ♥

Wordfeud fengjer, kanskje
 farmor er mest hekta ;)

Får mange nye tips om bruk av
dagens dippeduttar.
Dei lærer nok raskare dei unge....


Etter desse helgane med borneborna sit
eg igjen i stor takksemd.
 Gode stunder for eit farmorhjarte


Livet er fantastisk ♥

God ny veke !

Helsing Anne-Mari


søndag 18. mars 2012

I fjørå

Ingenting er så kjekt som å vade
i fjøre sjø
Hans-Petter snart 8 leitar etter så mangt
krabber,ulike typer skjel,
flate steinar til å kaste

 prøve å
kaste flyndre, eller smutt
(kjært barn har mange barn)

(har prøvd å fjerne lyden på videosnutten, men
får det ikkje til.
Skru av lyden så du slepp å høyre kor eg tyt)

 ein kastar ein passe stor flat stein slik at den sprett
opp i fleire hopp på vatnet
Verdensrekorden er 51 sprett med eitt steinkast !!

Dagen før var det ekspedisjon ilag med farfar
og Bessie
Samle fjøler til hyttebygging..

Inne hos farmor ventar jobb
men kjekt å lage cornflakestoppar
Namm...

Eit par herlege dagar ilag er til ende
No skal han i bursdagsselskap og
andre gjeremål.
Gler oss til neste gong ♥

God kveld til alle.

Helsing Anne-Mari


onsdag 14. mars 2012

Brødpose

Fyrst av alt må det seiast at eg er ingen
handarbeids-ræser.
Har lyst til å gjere mange ting, men har
lite trott, og forsterka med ei
hissig skulder, blir det lite :(

Men i dag kom det over meg, kanskje fordi 
 Anne M i rosehagen
sende meg litt sygnist ♥

Brødpose !

Har hatt stoff liggande ei stund
(den som er meir nøyen enn meg vil gremme seg over
at stripene ikkje er tilpassa, men pytt pytt...)

-------

Til slutt eit bilde av krokus
som eg tok den dagen det
var sol i forrige veke :)

God onsdag !

Helsing Anne-Mari


mandag 12. mars 2012

Snøklokke

I dag vil eg heidre snøklokka med
ei forteljing som eg fann på nettet.
(etter Dan Lindblom)

Det var en dag tidlig i fortellingen om jorden. Alle ting hadde fått farge.
Bladene var grønne, himmelen blå, reven var rød og alle de vakre blomstene strålte
med sine farger i sollyset. Bare en var blank og fargeløs. Det var snøen.
Den måtte vandre fra blomst til blomst og spørre så fint han kunne om han ikke
kunne få litt farge av den.

Først gikk den til Blåklokken
- Kjære, vakre blåklokke, kunne du gi meg litt av blåfargen din ?
Blåklokken grøsset og snudde klokkene sine vekk fra den kalde snøen.
- Nei, tenk. Den vil jeg ha for meg selv !

Så gikk den til smørblomsten
- Kjære skinnende smørblomst, kunne du gi meg litt av din gullgule farge ?
Smørblomsten likte ikke den kalde snøen og lukket blomstene sine.
- Nei, tenk den er min og bare min. Ha deg vekk !

Nå var snøen så trist og lei at han måtte sette seg ned. Der fikk han øye på
en vakker liten blomst. Det var en snøklokke.
- nå er det bare deg igjen å spørre. Jeg har ingen farge fått.
Ville du gi meg litt av din hvite farge ?
Snøklokken syntes synd på snøen.
- Ja, det vil jeg, svarte hun, like mild som en vårbris.

Snøklokken skrapte forsiktig av en liten bit hvit farge. Da fargen traff snøen
bredte den seg ut og snart stod han i den vakreste hvite kappe en kunne tenke seg.

Som takk lar snøen snøklokken være den første blomsten som gleder oss om våren.
Selv om snøen legger sitt slør over den blir den ikke skadet slik andre blomster blir.

Hvis man ser nøye etter  vil man oppdage at i midten av snøklokken mangler
det fremdeles en liten bit med hvitfarge.

Personleg syns eg snøklokka
er vakker ♥
Takk for alle fine kommentarane.
Glede !
God måndagskveld :)
Helsing Anne-Mari

søndag 11. mars 2012

Søndagstur

Mange kjekke innesyslar denne helga
billed-lotto
småbilar
PC-spel
lese bøker
steikje vafler
brennsnut
risengrynsgraut ♥
.....

Men då veret vart so pass tok me
sjangsen på ein tur ut

lånte Bessie

ikkje lett for ei lita jente på 4 
å leie ein sterk hund

storesyster på  9
er sterkare 

Stor undring over naturen
som går sin gong sjøl i ruskeveret som
har vore i det siste 
Kusymre i blomst ♥

Ein koseleg tur utan regn :)

Meir innesyslar :)

Ei god helg er over ♥

God ny veke !

helsing Anne-Mari






fredag 9. mars 2012

Regn, regn, vind,
ein ufyseleg dag
Vatnet ligg på markane
blir det frost så er
store skeisebaner klar til bruk :)

Etter turar ut for å hente
borneborn på skule og i barnehage
var det godt å kome inn i gangen og
nyte vårblomster på
dynamittkassa

Ser fram til ei koseleg helg ilag med
to kjekke jenter ♥

risengrynsgraut
tomatsuppe med makaroni og pølser
Nrk super
PC-spel
leike med dei gamle bilane
greit å vere inne,
 men
vonar det blir høve til litt
uteaktivitet i morgå

det fins ikkje dårleg ver,
berre dårleg klede.....

Ynskjer god fredagskveld !

Helsing Anne-Mari

tirsdag 6. mars 2012

Glede

Først av alt
Tusen hjarteleg takk til Astrid
som laga ny vår-header til meg ♥
Du kan sjå den fine bloggen hennar her

Like mange tusen takk til alle dokke som
gir meg så fine kommentarar på innlegga mine
Eg set umåteleg pris på det ♥

For ei tid sidan fekk eg eit
godt tips
Prøv produkta hos Oliviers :)

Flytande handsåpe med olivenolje og
eterisk olje frå sitrus

Lotion med olivenolje og
olivenbladekstrakt

Har brukt desse i 3-4 mnd og
kjenner stor forskjel på hendene :)
Ei glede å bruke ♥
Oliviers har mange spanande produkt
ikkje minst innan matvarer
ta ein titt her






Herleg romduft
frå Kremmerhuset
gir ei kjensle av glede når ein kjem inn i romet ♥

Ynskjer alle ein fin vårleg dag !

Klem frå Anne-Mari

fredag 2. mars 2012

Gamlehuset

Tanja, svigerdøtra mi, bur med
familien sin i gamlehuset til farmora
Huset er restaurert, 
heiltre furugolv slipt og mala, og vindauge
 som i gamle dagar
Mange skattar frå den tida er teke vare på og gir eit
flott inntrykk
For eit par år sidan starta Tanja å lage
heilt særeigne skilt
Klikk på bildet under så får du lese kva
filsofi som ligg bak


Har tidlegare vist skilt som eg
har fått av henne
her, her og her
Eg er svært takksam og kry













Gamlehuset har eiga nettside
Dei  flotte skilta er til sals, du finn dei der



Eg vonar du har hatt ei koseleg stund med
Gamlehuset
og ynskjer alle ein god fredagskveld ♥

Klem frå Anne-Mari