Viser innlegg med etiketten Gjenbruk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gjenbruk. Vis alle innlegg

tirsdag 11. oktober 2016

Garasjesalg


I går var det Garasjesalg på
Haugen ikkje langt frå hytta.
Me skulle ikkje handle,
 berre ta eit tur og kike....
Ka du trur, me fann sjølvsagt mangt og mykje,
og enda opp med fleire
godbitar.
Korger i god kvalitet for
10 kr stykket,
klart me måtte ha dei !

Skål og  tre serveringssfat,
Karelia frå Arabia,

som ikkje ser ut til å vere brukte.
Papirlappane under er intakt.

Linduk på over 2 meter er
kjekt å ha..

Barneborna fekk kjøpe dokker som
ei jente hadde vakse frå og la ut for salg.

Me har fullt hus hytte og 
altfor mykje ting og tang frå før,
så me bør ikkje utsette oss for slike freistingar !
Men trur du me lærer ?





lørdag 9. juli 2016

Retro


I utstillingsvindauget til ein
gjenbruksbutikk såg eg
denne kjolen ein dag.
For meg som er blitt nokre år gammal var
det artig å sjå 1960-tals kjolen.
men den var eit par nr. for stor....

Lenger inn i butikken var dette antrekket
utstilt.
Fin bluse i bomull frå Rico Vero,
og festleg skjørt.
Artig halsband som passa.
Eg falt pladask, dette må eg ha...
Blusen prøvde eg, var redd den var for trang,
men den passa.
Skjørtet prøvde eg ikkje for eg fekk fortalt at det 
var omslagskjørt.

Vel heimattkoma var det
prøving før eg vaska plagga.
Skjørtet er ikkje omslagsskjørt og er for trangt i livet,
men kanskje eg får til å gjere noko med det.
Blusen er kjempefin og
kjem heilt sikkert til å bli brukt.
Halsbandet er ikkje heilt meg,
men det kvikka opp :)
Heile stasen kosta 149 kr.






mandag 8. juli 2013

Postkjellaren


Sist søndag tok me turen til Bjørke
og besøkte Alva i 
Postkjellaren.
Klikk deg inn på den fine
bloggen ho har:

 HER

Det var nydeleg ver den dagen,
 bilde frå Hjørundfjorden 
skal eg vise i eit innlegg
seinare.

Skiltet viser vegen til 
Alva sin barndomsheim.

Bildet tok eg av motivet på handleposane,
 i kjellaren er det mykje interessant
å sjå.

Målet med turen var å få sjå meir av
  det fine handarbeidet Alva
 viser i bloggen sin.

Ho lagar mange flotte ting ved gjenbruk
av stoff.
Og det er spennande å sjå alt ho får ut av
for eksempel gardiner og dynetrekk i retrostoff.

 Artige puter i ein gamal koffert.

Nostalgi.
Barnevogna ho sjølv låg i som barn.

 Som overskrifta seier, var det
her postkontoret var i mange år fram til midt på 1990 talet.
Her kan me få innblikk i historia.

 Her var også telefon/telegrafstasjonen til 
den vart automatisert.
For meg som har levd ei stund var det artig
å sjå fleire generasjonar telefonapparat.
Spennande historie som det er viktig
å ta vare på og vise til dei 
som veks opp i dag 
og har telefonen i lomma...

Eg handla litt til barnebarna.
Fin kjole til 6 åringen som skal begynne
på skule til hausten.

Ein søt overall med pusekattar på til veslejenta.
Den passar når ho blir 1 år.

 Ein fin pose med motiv
av eit gamalt naust på Bjørke.
Mannen til Alva har tatt bildet.

Eg kunne ha handla mykje meir, her var så
utruleg mykje fint.
Det vart ikkje tatt bilde av kaka til kaffien,
men den smakte fortreffeleg !

Eg anbefaler deg som har høve til det,
å ta ein søndagstur til Bjørke
i sommar.
Ein vakker plass mellom fjord og fjell
og med ein spennande
Postkjellar å besøke !

Takk for meg Alva !

Helsing Anne-Mari



søndag 9. desember 2012

2. søndag i advent

I år er dei fire 
adventslysa 
på ei hylle
Tekst for alle fire søndagane
er skrive på heimelaga papir.
Eg syns det er nydeleg 
og den kjem frå det
kreative
Gamlehuset (trykk her)

Utsalg i fjøset
 laurdag og søndag

Mange spennande ting å få kjøpe hos Tanja,
og tema er gjenbruk.
 


lørdag 3. november 2012

Gamlehuset II

Var ein liten tur innom arbeidsromet 
i Gamlehuset.
Hugsar du eg skreiv om skilta 
i Gamlehuset ?
Det innlegget kan du sjå
HER 

Det fyrste som fanga merksemda mi
denne dagen var desse

 Eg likar så godt emaljerte kjørel.

 Fin kjel, den ser nesten ut som den er ny..
  krusene er nok meir brukte

Tanja lagar ting med særpreg og omtanke.
Her er det ei gamal fotoramme
som har fått tekst

Eit  krus har fått ny
verdi

Godt plassert skilt,
bak døra er " aktivitetsrom " for
born og vaksne.
" Cyberworld "

Den gamle spegelen har fått
sin renessanse
(hm, ikkje lett å ta bilde av ein spegel..)

 
Du får vite meir om Gamlehuset
viss du klikkar deg inn på desse to stadane:
Gamlehuset er på Epla 
Facebooksida til Gamlehuset 

Ynskjer god novemberhelg til alle der ute !

Klem frå Anne-Mari 


fredag 2. mars 2012

Gamlehuset

Tanja, svigerdøtra mi, bur med
familien sin i gamlehuset til farmora
Huset er restaurert, 
heiltre furugolv slipt og mala, og vindauge
 som i gamle dagar
Mange skattar frå den tida er teke vare på og gir eit
flott inntrykk
For eit par år sidan starta Tanja å lage
heilt særeigne skilt
Klikk på bildet under så får du lese kva
filsofi som ligg bak


Har tidlegare vist skilt som eg
har fått av henne
her, her og her
Eg er svært takksam og kry













Gamlehuset har eiga nettside
Dei  flotte skilta er til sals, du finn dei der



Eg vonar du har hatt ei koseleg stund med
Gamlehuset
og ynskjer alle ein god fredagskveld ♥

Klem frå Anne-Mari