Eg er komen til eit punkt der eg for alvor
vurderar å avslutte
blogginga.
I 2011 hadde eg stort behov for
å finne noko meiningsfylt å drive med.
Eg hadde gått gjennom nokre år
med redusert helse,
måtte innsjå at livet mitt vidare var endra.
Eg kunne ikkje gå
tilbake til jobben eg likte så godt.
I snart 40 år hadde eg
brukt sjukepleieutdanninga mi
i forskjellege jobbar.
Siste halvdel som lærar i
vidaregåande skule.
I snart 40 år hadde eg
brukt sjukepleieutdanninga mi
i forskjellege jobbar.
Siste halvdel som lærar i
vidaregåande skule.
No var uføretrygd ein realitet og
det var vondt å tenkje på.
Svigerdatter Renathe tipsa meg om at
eg som var så flittig med fotoapparatet kanskje
kunne ha glede av å blogge...
Slik starta det.
Det har vore ei spennande reise,
mange nye personar har
eg blitt kjent med.
Nokre av desse har allereie tatt pause frå
blogginga,
men heldigvis har me kontakt med
kvarandre på Instagram.
Det er tidkrevjande å finne nye ting å
blogge om.
Kva skal eg bruke tida mi til no ?
Akkurat det trur eg ikkje
blir noko problem.
Eg kan gå meir turar,
gå meir på besøk,
lese meir.
Eg har mange bøker liggande
klare for lesing.
Men, det er truleg at eg får
abstinens
og blogger litt innimellom..
Og, eg kjem til å stikke innom bloggen din
av og til :)
blogge om.
Kva skal eg bruke tida mi til no ?
Akkurat det trur eg ikkje
blir noko problem.
Eg kan gå meir turar,
gå meir på besøk,
lese meir.
Eg har mange bøker liggande
klare for lesing.
Men, det er truleg at eg får
abstinens
og blogger litt innimellom..
Og, eg kjem til å stikke innom bloggen din
av og til :)
I desse åra har eg lagt ut nær 1400 innlegg,
og hatt over ein halv million visningar
av bloggen.
Eg er audmjuk og takksam
over all merksemda.
Tusen takk !
Eg vil ynskje dykk alle
Godt Nytt År
av bloggen.
Eg er audmjuk og takksam
over all merksemda.
Tusen takk !
Eg vil ynskje dykk alle
Godt Nytt År