mandag 2. april 2012

Snøv

Eg er så heldig å ha svigerforeldra mine
i nærleiken.
Dei er oppi åra no, men har eit
livsmot og hugs som me yngre berre kan
drøyme om
Dei har vore gifte i snart 66 år !!

Eit døme på svigermor sin gode hugs er då ho idag sa
at dei har vore ilag sidan
23. eller 24. mai 1944 !!

Judith er 84, og Hans er 90 år

Denne helga (palmehelga) har snøen lava ned her heime.
Har ofte høyrt at dei brukar forskjellege namn på snøen
så me tok med noko godt til kaffi og fekk
dei til å fortelje.

Her brukar eg dialektordet snøv som er vanleg her.

Fjautr - litt snøv i lufta, berre så vidt du ser fjoma

Mjellsnøv - tørr snøv (pudder), fyk ofte i skavlar

Slettekave - sludd

Blåstøde - snøv og vatn blanda, blåfarge på snøven

Kræmesnøv - kram snøv, fuktig, ikkje våt, god å lage snømann av

Klabbeføre - litt våt og fuktig snøv, legg seg tjukt under skia
som å gå på styltrer

Skaresnøv - knallhard snøv

Haglebarèling - haglbyge

Judith og Hans brukar mange gode ord og uttrykk
som absolutt skulle vore skreve ned.

Men forsørge meg trur eg dokke forstandige
kan nokre av dei

Helsing Anne-Mari







11 kommentarer:

  1. Forstandig og forstandig.. jeg greide klabbeføre! Flotte svigerforeldre! Heldige dem! Heldige du!
    Fin mandag til deg! Her er det ikke så mye som et snøfnugg i sikte, heldigvis ☼ Men litt kaldt da..
    Klem fra Inger

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, heldige meg :)..og du som er forstandig :)

      Her heime er både snø og kaldt... nokså utanom det vanlege.
      Artig den aprilspøkquisen din. Men eg greide ikkje den nei :)

      Slett
  2. hei Anne-Mari, kjekt å lese om gamle uttrykk, du må få dei til å komme med fleire, slikt er så kjekt, mange ord held på å gå i gløymeboka desverre. helsing Aud-Sølvi

    SvarSlett
  3. Heia :-)
    Kjende uttrykk for meg, utanom fjautr, den var nye for meg.
    Og som du seier: Nokon skulle ha teke vare på gamle ord og uttrykk, dei forsvinn frå språket vårt litt etter litt.
    Mvh Bente

    SvarSlett
  4. Det er så kjekt å sjå Judit og Hans so er so oppegående. Må snart stad og helse på dei. God påske på hytta.

    SvarSlett
  5. Så flotte eldre mennesker! Og for noen fine uttrykk.. kan jeg kopiere dem (ikke svigerforeldrene dine da, men uttrykkene) og legge inn under "Snø" på dialektbloggen min? Som kommentar?

    SvarSlett
  6. Klart du kan Elin.
    Tenkte faktisk på at kanskje du det, at du kan bruke desse uttrykka :)
    Velbekomme !

    SvarSlett
  7. Endå eit kjekt innlegg frå deg! :)
    Slettekave :)

    Såg veeeeeldig gode ut rundstykka dine!

    Takk for slike fine ord frå deg ♥ :)

    Ynskjer deg ei god påske! ♥

    Klem frå Astrid

    SvarSlett
  8. Ja det lava godt ned mandag kveld. Kjekt med snøv, ungane har kosa seg ute i dag, mens mor har brukt litt muskler og måka :-))

    Var nok eit par uttrykk eg ikkje kjende til.

    Blir heimepåske på meg og ungane i år,Rune har reist.
    Men det ligg no ann til skiturar her heime etter all snøen som kom:-))

    Ynskjer dokke ei fin påske!!

    Klem Gry

    SvarSlett
  9. Så artig eit innlegg!

    og ja no er vi bra nedesnøva :-)

    Fin Påske til deg og dine!

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)