lørdag 14. april 2012

14. april - Sommardag


Sommarsida på primstaven startar i dag.
Merket er eit lauvtre og 
markerar inngongen til sommarhalvåret

 Frys vatnet sommardagen blir det uår,
snøar det skal det bli 9 snødagar til sommaren 
verkeleg kjem ;
Er det varmt den dagen blir det ein varm sommar ☼

Mange stadar i landet var det sådag.
I sør-Noreg var det flyttedag for tenarane.


Gamle skikkar og overtru seier at:
Idag måtte ein ikkje arbeide med noko som gjekk rundt
for då ville kyr og sau svirre rundt utan å 
kunne beite skikkeleg.


Eg for min del ser fram til sommar
med sol og markblomster ☼


Måtte det vere varmt over heile landet i dag.
 Her er det blå himmel og
strålande morgonsol ♥
men kaldt...


Helsing Anne-Mari



10 kommentarer:

  1. Snø her, men sola skin igjennom. No må det snart snu!

    SvarSlett
  2. Herlig! Sol her også, så dette lover bra!
    Jeg skal prøve og ikke svirre rundt og rundt ;)
    Vårklem fra Inger

    SvarSlett
  3. Då satsar vi på dette stemmer..Sola skin i allefall! :)

    Nydelege bilder Anne-Mari..Har ikkje vore tid til blogg i det siste, så eg har meg ei runde no.. :)

    Markblomster ♥

    Ynskjer deg ei fin helg :)

    Klem ♥

    SvarSlett
  4. Morsomt med gamle merkedager. Her i Bergen er det gløtt av sol, så vi får håpe det betyr at våren kommer nå!
    Jeg har et innlegg om flyttedagen på bloggen min i dag :)

    SvarSlett
  5. Ja hadde det ikkje vore for den bitande kalde nordavinden, hadde det nok vore ein strålande dag :-)

    Sola skin i allefall, så får vi håpe det er nok til å bli ein varm sommar.

    God helg!

    Klem Gry

    SvarSlett
  6. Eg har reist gjennom fleire årstider i dag - frå sol og kald vind heime - til snø i Stryn - til kvitveis og hestehov i veikantane på Hamar :) Satsar på ein fin sommar heime, for det har vi virkelig fortjent, har ikkje vore vekkskjemd med det dei siste to sommarane ;)

    Ha ei strålande helg!

    Klem

    SvarSlett
  7. Flott innlegg! :-)

    Håper du har hatt en strålende første-sommer-dag.

    Lørdagsklem

    SvarSlett
  8. Ja det vêret, det blir vi aldri klok på..... Hos oss pøsregna det i dag, men det skein opp og blei til skyfri himmel utpå ettermiddagen og tilværelsen i hagen blei upåklagelig....

    Måtte søndagen bli god.

    SvarSlett
  9. tjo hooo ...
    skulle så gjerne til havet ditt også, men trur ikkje det er er mitt hav ...
    som er uti bud - og med hustavika rett ved ..

    monikasmil

    SvarSlett
  10. Kjekt med slike merkedagar!
    No treng vi VÅR!!

    God helg :-)

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)