lørdag 7. april 2012

Ei bok eg har lese

Har alltid likt godt å lese bøker.
For nokre år sidan vart livet snudd litt opp-ned.
Etter det likar ikkje haudet mitt for lange bolkar med
lesing. Difor prøver eg å unngå altfor spanande bøker
som eg ikkje kan legge frå meg.

Greier ikkje gjennomføre det i praksis for eg
blir fort fengd av gode bøker.

Slik som denne:
Boka handlar om Jack og Mabel som har ei stor sorg i livet,
deira einaste barn var dødfødt.
Dei flyttar til Alaska for å starte på nytt på 1920 talet.
Livet her byr på mykje slit og ekteskapet skrantar.
Ein kveld lagar dei ei snøjente som dei pyntar med
høy til hår og med skjerf og vottar.
Dagen etter er snøjenta vekk, men dei
ser ei jente i skogkanten som har på
same skjerfet og vottane.
Kan ho vere verkeleg ? Eller er det berre innbilning ?
Dei får etterkvart kontakt med henne. Ho kallar
seg Faina, er eit barn av skogen og overlever
på uforklarleg vis.
Historia til jenta lignar på eit russisk eventyr som
Mabel hugsar frå sin barndom.
Livet til ekteparet endrar seg for alltid.

Tipset om denne boka fann eg i bloggen til
Første sidene i boka var litt tunge, men
etterkvart vart den så fengjande at det var vanskeleg å
legge den frå seg.
I dagane før Osloturen måtte den leggast vekk så eg
 skulle få glede av turen.
Vel heimkoma kom eg i mål med ei nydeleg og
spanande reise i Alaskas villmark.

Denne boka anbefalar eg !


5 kommentarer:

  1. Takk for anbefaling! Alltid på utkikk etter gode bøker. :-)

    SvarSlett
  2. Hm..spennende anbefaling. Den er notert :-)

    SvarSlett
  3. Takk for anbefaling fra meg også :)
    Påskeaftenklem fra Inger

    SvarSlett
  4. Denne såg spennande ut..
    Las To piker i blått for eit par vekaer sidan, ei av Coop sine Påskekrimbøker (kr.69) Veldig spennande! Har same tendens som deg, klare ikje legge frå meg..
    Oss bor vel ikkje så veldig nær kvarandre. Er i allefall ei ferge mellom oss ;-)

    God Påske!

    SvarSlett
  5. Hei Anne-Mari;)
    Alltid like koselig å titte innom bloggen din;)
    Bokanbefalingen skal jeg ta med meg! Nydelig påskeinnlegg under og et flott innlegg med ord/uttrykk for ulike snøtyper. Det er alltid moro og ikke minst viktig å ta vare på gamle ord og uttrykk;)
    Vi pakket sammen i går og satte kursen hjemover. Vi har hatt en lang uke med over 1 meter nysnø og elendig skiføre(tungt å gå). Så etter siste værmelding i går pakket vi og kjørte hjem til full vinter. Og vi bor nesten i strandkanten utenfor Trondheim;))
    Skal kose meg med påskeegg og sysaker i dag;))
    Så koselig at pulsvarmerne er i bruk;) Vurderer å lage en ny Give away snart. Må bare finne på noe til gave;)

    Ønsker deg en fin søndag;)
    Klem fra Ann-M.

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)