fredag 28. november 2014

Snart adventstid

og ute er sommarplantene forvirra
og fyl ikkje tradisjonen
for årstidene.
I går var eg på besøk hos svigermor Judith
i eldrebustaden.
Me var på handlerunde først og
 koseleg kaffidrøs etterpå.


Utfor vindauget lyser frodige
geraniumar på altanen


Judith tel mange nye knoppa

på geraniumane i altankassa.
Om ikkje frosten kjem så blir det 
fin pynt til jul :)
Blomsterkassene vart hengt opp
rundt 20 mai så dei har spreida glede svært lenge !

God helg !

Anne-Mari




tirsdag 25. november 2014

Barnehagevottar og Pixihue


Det går mot vinter og eg let meg freiste
av MarJE i bloggen
til å strikke noko varmt til 
barnebarnet Ella Victoria 2 år

Klar for tur i sol og kulde....

Gode varme barnehagevottar 
strikka i Drops Merino Extra Fine

Pixihue 
strikka i Drops Baby Merino
dobbel tråd str. 4 år

Hua sat perfekt rundt ansiktet då den
var ferdig.
Men så vaska eg den før bruk
(las ein eller annan plass at det MÅ ein gjere)

Eg angra på det....
Den sit ikkje like godt rundt ansiktet lenger,
men eg vona den er god og varm
for ei lita jente når dei  
er ute i barnehagen.

Takk for tipsa MarJE.

Anne-Mari



fredag 21. november 2014

Människoskapelser - i Budapest

Eg veit ikkje noko om denne bygninga i Budapest,
men det var flott å sjå mot inngangen.

Golvet og inngangspartiet

Taket







torsdag 20. november 2014

Bakst til jul


Startskotet gjekk.
Eg har baka litt på hytta i dag.
Kan like godt gjere det her,
det er her me skal feire jul, i år som åra før.
Og nytt fryseskap er kjøpt inn.

Aniskringle, 
eller "klengre" som er dialektordet her.
Oppskrifta eg brukte er bolledeig frå

Trines Matblogg
som alltid er vellukka.


Krydderkake
etter oppskrift frå bloggen til

Fru Tunheim

Denne kaka har eg laga siste åra,
den blir betre til lenger den står så det passar 
fint å lage den så tidleg.


Fasongane står nok ikkje i ei
sveineprøve,
men eg brukar å seie at det er smaken som tel,
ikkje utsjånaden.

Vel smakt !

I like

Anne-Mari




onsdag 19. november 2014

Kveldsbod




Det er så lett og glad ein kveld.
Han kjem med løynde bod,
at nokon tenkjer på deg.
Du blir så varm og god.

Så blå som himlen er i kveld !
Så stilt kring berg og bø,
at alt i sinnet ser seg sjølv
som i ein spegelsjø.

Kvar kjem vel denne gleda frå
som stig i deg så still,
at du må audmjuk takke for
at du får vere til.

Tru gode tankar når til deg
frå ein annan stad ?
For noko må det vera, som
gjer deg så hjarteglad


Jan-Magnus Bruheim



Takk for at du stakk innom :)

Anne-Mari




søndag 16. november 2014

På marken

er tema i 
Fototriss denne veka.
-----

Det er mange flotte bygningar og bruer
 å sjå i Budapest.
Men eg vart opptatt av å sjå på
dei fine kumlokka på
bakken.

Av dei eg tok bilde av ser dette
ut til å vere det eldste.


Skilnaden på desse er
årstalet.

fredag 14. november 2014

Menneskeskapt


I området bak 
Synagogen i Budapest
står eit vakkert 
Holocaust-minnesmerke
Eit minnesmerke i form av eit
piletre
 der kvart blad
er ei lita plate med
namna til jødane
som vart drepne under 2. verdskrig.


tirsdag 11. november 2014

Utsikt frå Donau


Båttur på Donau om kvelden
viser dei flotte bygningane i Budapest
bada i lys.

Budaslottet frå 1500-talet



Parlamentet i Budapest

Å sjå alle dei praktfulle bygningane og bruene
var eit vakkert skue.

Eg kan ikkje fri meg frå å tenkje på at i
mange av byane i Europa tek
dei godt vare på dei
gamle bygningane sine og brukar
mykje ressursar på å vise dei fram.
Berre straumutgiftene må vere store.
Medan me her i Noreg
hadde ein langvarig og oppheta diskusjon for nokre år sidan
då Slottet i Oslo skulle renoverast.
Det skulle ikkje brukast pengar på det.
Me har vel berre Nidarosdomen og Slottet 
som kan måle seg med bygga
dei har i andre byar.

Eg vil anbefale båttur med middag  på Donau
neste gong du er i Budapest.

Anne-Mari




fredag 7. november 2014

Dajmiskake


 Oppskrifta står skrive i den 
gamle oppskriftboka 
som eg har hatt sidan 1970
Boka er sliten i alle kantar og lause blad, 
men den har mange gode og velbrukte
 oppskrifter på sidene sine.

Denne veka er det tikronerstilbod på
kremfløyte på Spar (nærbutikken min)
Husmorgenet kopla seg inn og
eg tenkte raskt at eg skulle nytte høvet
til å lage eit par Dajmkaker.

Som tenkt så gjort.
Her er to kaker klar til frysing.
" Kjekt å ha og ty til "

Oppskrift på Iskake - Dajmkake

100 gr mandlar ( eg sløyfar det pga allergi)
Pisk 3 eggekvitar og 2,5 dl sukker
Klipp bakepapir til botnen av ei 26 cm form og smør godt.
Steike på svak varme - 125 gr 2 til 2,5 time

Pisk 3 eggeplomar og 1 dl sukker
Dersom egga er små kan du ha i eit heilt egg i tillegg.

Pisk stiv 6 dl kremfløyte

1 dl kald sterk kaffi
Hakk 2 stk doble Dajm (ta av litt til pynt)

Kaffien og Dajm blandar du i eggedosisen,
ha i kremfløyten til slutt.

Etter at kakebotnen er kald har du på "isen"
og set forma til frysing.


Vel bekomme !



God helg  frå Anne-Mari




torsdag 6. november 2014

Eg likar

utsikta frå Flø
mot Kvalsvika og Runde
i Herøy

ein sein ettermiddag med
sol og regn om einannan.






onsdag 5. november 2014

Onsdagstema


i dag 
Tema: I min stil.

Å ta vare på gamle tradisjonar
til jul
som å lage lammerull,
er  
i min stil.






mandag 3. november 2014

Oktoberdag ved Løsetvatnet

November er her,
men eg vil minnast ein fjelltur i oktober.

I vekslande regn og solskin 
er det herleg å gå rundt
Løsetvatnet.
Fjellgarden Løset er mannen min sitt
 barndomsrike, så han er ikkje vanskeleg
å få med på den omlag 1 times trimturen 
i terrenget rundt vatnet.


Prøvde å ta eit panoramabilde....
Det syne iallfall at det var skikkeleg
vått i marka.


Sola skapte eit spennande lys der
 skuggen frå fjella ikkje nådde.


Det soldekte området minner om
sydlegare strøk.


Det bles kraftig.




Vakre haustfargar !!

Ynskjer deg ein fin november !

Anne-Mari