tirsdag 30. oktober 2012

Klunger

eller " klonger" 
som eg seier,
er dekorativ og til glede
i mange månader

 frå tidleg på sommaren.

vakker...

velluktande...

framleis vakker...
 på seinsommaren når dei vakre blomstrane blir til
nyper "juper" i mi dialekt.
Dei er klar til hausting.

Der står dei framleis,
no med snøkåpe på,
til frosten set punktum.
Det vart ikkje laga syltetøy i år.
Må vedgå at eg var for lat til å ta
 " plukkarbeidet "
Men C-vitaminane hadde vore
gode å ha gjennom vinteren.
Kanskje neste år....

Takk for at du fylgde klungeren sin syklus
ilag med meg. 

Klem frå Anne-Mari
 

mandag 29. oktober 2012

Merksemd

Alle har behov for å bli sett,
få merksemd.
Det kan ein få på ulike måtar,
frå sine næraste, 
frå 
omgivnadane, 
eller vere så heldig å få 
det frå bloggvenner.

Denne fekk eg frå 
Hjerteleg takk !! 

 
Eg er svært glad for at så mange les
og skriv kommentarar på bloggen min .
Det gjer meg stolt og audmjuk.
 
" En sånn utmerkelse/award fordrer litt, man skal gjøre som følger:
1. Takke og linke til bloggeren man har fått awarden fra.
2.Gi utmerkelsen videre til fem blogger og gjøre  dem oppmerksom på det.
3.Kopiere post it lappen og sette den på bloggen.
Det skal sendes til kanskje en ny blogg eller en blogg som ikke har så mange følgere ennå ".

  Det er kjekt å få denne merksemda, men problemet er å sende den vidare.
 Eg likar alle dykk som fyl meg !
Difor er det vanskeleg å velge.
 Bestemmer meg for å sende til bloggar som har under 100 følgarar

 
Du avgjer sjøl om du vil sende gule-lappen vidare !
 
----------------------
 
Stor vart mi undring då eg fekk melding om at
bloggen min er nominert i 
denne:  
 

Eg veit lite om dette, men forstår at det skal
vere avstemming.
Hm, spennande kanskje ??
 

Til slutt vil eg ynskje alle ein god kveld og
ei fin veke vidare !

Klem frå Anne-Mari

  

søndag 28. oktober 2012

Graskar

Fekk låne dette artige bildet frå ei
 kjær slektning som
bur i Canada 

" Fun in the pumkin patch "

Dei brukar graskar i gode matrettar
i høve Thanksgiving (hausttakkefest)

Her kan du finne
og fleire Oppskrifter

Takk for at du stakk innom :)
Eg ynskjer god søndag til dykk alle !

Klem frå Anne-Mari

 
 

onsdag 24. oktober 2012

Glipe i skydekket

Onsdagstema denne veka er " glipe "


Å gå tur på Flø gir fine naturopplevingar.
Storbåra frå havet som bryt mot fjøresteinane er eit
fantastisk skue både i storm og i stille.
Denne dagen var det gråver og stille,
og med eitt opna det seg ei fin blå
glipe i skydekket.

Fleire bilder med glipe finn du
HER




- Posted using BlogPress from my iPad

mandag 22. oktober 2012

Gyllen

 er emnet i
 Mandagstema # 63
denne veka

Gras med gyllen glans lyser mot
regnet.


Inne ventar 
gylne godsaker på bordet.
Eplekake med krem og
hermetiserte pærer og plommer.
Vel bekomme !

Sjå fleire bidrag hos




lørdag 20. oktober 2012

Hagen i dag

Framleis kan eg glede meg over
fine blomster
Gentiana - Kinasøte
Desse gler eg meg til kvar haust.
Dei kjem til å
 blomstre lenge ♥

Bergknapp og Spirea

Hortensia
Den blå gamle, og den rosa som eg planta ut
frå krukke i fjor

Qeen Elisabeth er i blomst til langt utover hausten.
" Prestekragen " er òg av den villege sorten

Fredlaus og Peer Gynt
Men Gyvelen... er den ikkje klar over at det går
mot vinter  ?

Azaleaen har forstått det...

Alle dei fine kommentarane eg har fått
gleder mitt hjerte !
Tusen hjerteleg takk til alle som 
er innom bloggen min ! 

Klem frå Anne-Mari



 

torsdag 18. oktober 2012

onsdag 17. oktober 2012

Tomt

Manglar idèar til nye innlegg.
Hovudet er tomt !

Like tomt som boksa og kruset i zink.

Med ynskje om ei god natt til alle !
Anne-Mari 


mandag 15. oktober 2012

Vinterdag


Primstaven

I går, 14. oktober
var det Vinternatt eller Vinterdag.
Fyrste dagen på primstaven si vinterside
 
 Merket er ein vott (kan også vere vante eller tre utan lauv)
(ja, viss du lurer, me har to primstavar ;)
 
Wille frå Seljord skriv at vinternatt
"altid har en vante til Merke, at man da maae
begynde at væbne sig mot Kulden"

Her har siste dagane vore fine,
men det er "fall" 

 Den store hundreårgamle Asken let
blada falle.

Klatrehortensiaen
har starta sitt fall.

Eg ynskjer deg mange fine haustdagar vidare
og vonar snøen ventar ei stund til med å kome ned i
lavlandet.




lørdag 13. oktober 2012

Kirkenes - porten mot aust

 Symbolet på rådhusveggen viser
fiskaren, bonden og gruvearbeidaren.
Levevegane som var og er berebjelkane i
kommuna.
Kirkenes er hovudstaden i Barentsregionen,
ligg mellom to tidssoner
- Helsinki og Moskva.
Her blir det snakka 
norsk, samisk, finsk og russisk.
Gatenamn i Kirkenes på fem språk
norsk, samisk,
 ein variant av det kyrilliske alfabetet,
 russisk og latin
(føler meg ikkje 100 % sikker på at namna på
bildet er i den rekkefølga ;)

Dei fleste skilt i byen
er tospråklege.
 Det er lange avstandar til byar lenger sør.
Las på eit skilt at det er 1002 km til Narvik.
For oss som bur lenger sør er det
utruleg kor lange avstandar det er i Nord-Noreg.

Reisefylgjet vart frakta med buss til Bjørnevatn, utanfor Kirkenes.
Innanfor porten til Sør-Varanger gruver måtte alle 
ha verneutstyr.

Gruveområdet i Bjørnevatn er eit gigantisk dagbrot, og fjellet er ein
 sveitserost av gamle gruvegongar, jernbanespor og transportband.
 Lengst vekk i horisonten ser du over til gruvene i 
Nikkel, Russland.

 Det er store dimensjonar på køyretya,
eg vart lita her..

Den første av desse huene hekla eg i Kirkenes medan eg venta på mannen min
som var der på ein konferanse.
Oppskrifta på hue fann eg i
Britt`s Blogg 

Takk for at du var med til den spennande byen Kirkenes.
Eg ynskjer alle ein fin laurdagskveld ! 
Og takkar for alle gode ord og helsingar.
Klem frå Anne-Mari 



torsdag 11. oktober 2012

Tankeringen


Denne skulpturen er ein forstørra kopi av ein tregjenstand.
 Den vart funnen i grava til ein mann av høg rang, Eidehøvdingen datert 
475 - 500 e. Kr.
Gjenstanden i ettertid kalla TANKERINGEN, er ca. 20 cm lang,
skoren ut i eitt stykke tre og kan endrast til eit utal 
ulike geometriske figurar.
Det er funne berre to liknande gjenstandar i verda,
i Iran og i Afganinstan

 Den står på tusenårsstaden
midt i sentrum av Sandane.

Dette er mitt bidrag i 
Himmelsk # 106 
Sjå fleire bilder hos


onsdag 10. oktober 2012

Den gamle postvegen

mellom Bergen og Trondheim går gjennom dalen
der me har hytte, over Brekka og ned til Bjørkedalen.
Vegen er freda og godt halden ved like.
Spennande grusveg med små uoversiktlege bakketoppar
svingar og bakkar.
Den kortar litt på vegen så me køyrer den av og til
i sommarhalvåret.
Men mest blir den brukt som friluftsområde og utgongspunkt
til fleire fiskevatn omkring.
Om vinteren er den flott preparert langrennsløype.
26 mil frå Bergen

Langs med vegen ligg gamle setervollar. 


I dag har eg køyrt over Brekka.

Kanskje siste turen i år, snøen kryp nedetter fjella.



Brua i haustskrud


Ser du føre deg den vesle bakketoppen midt på bildet ?
Du ser absolutt ingenting av vegen når du kjem oppå,
held pusten og "listar" deg over...
Vegen var nok bygd for hest og kjerre og ikkje
for dagens transportmiddel.

Så fin grusveg er sjeldan å finne.
Her kan ein sette frå seg bilen og
gå fort eller jogge ein tur om ein vil.

Eg ser meg aldri mett på dei vakre fargane.


Takk for at du fylgde meg over Brekka :)

(bilda er tekne med iPaden og kvaliteten er deretter)

God onsdagskveld !

Klem frå Anne-Mari



- Posted using BlogPress from my iPad

tirsdag 9. oktober 2012

Sol ute, baking inne

Eg er nok litt snål for i dag når endeleg
sola skein ute vart eg inspirert til
matlaging inne.

 Fekk nokre epler av ei dame.
Desse måtte eg gjere noko med.

 Laga eplepai.
  Oppå ligg smør som gir ei
sprø overflate når den er steikt, 
NYDELEG !
Oppskrifta har eg funne hos

Brødskuffa var tom, og
mange munnar skal mettast no i haustferien.
Ein og ein halv pose
ferdigblanda mjøl til Grovbrød
er nok til to store brød.

Kjekt å ha ei svigerdotter som tok
seg av pizzabakinga.

Ferdig steikt
 
Paien smakar godt med vaniljeis eller
kremfløyte.

Namm..  ♥

No skal det seiast at to pizza var i overkant mykje
så det blir nok til lunsj i morgå.

Det vart tid til å nyte sola ute 
innimellom bakinga.
Dagen har vore god :)

Klem frå Anne-Mari
 


mandag 8. oktober 2012

Haust i marka

Ein liten tur i marka gir mange fine inntrykk.
Sjøl etter mykje regnver gir naturen
det beste av seg sjøl 


Soppen likar å ha det vått, 
ikkje rart den er fin no...

 Blåbær

Tytebær

Surgras

 Blokkebær

I dag er det nysnø langt ned i fjella rundt hytta.
Det er tid for å leite fram varme klede 
og gjere oss klar for vinter.
Men det er vel borneborna som
ventar sterkast på
vinter og snø..