torsdag 28. februar 2013

Solnedgang


I evighetens perspektiv er 
øyeblikket som et liv.

PIET HEIN


Februar er snart omme
med sitt fantastiske ver og
storarta solnedgangar.
Eg er full av forventning til
vårmånaden mars :)

Bildet tok eg forrige laurdagskveld.
Utsikt frå indre Dimna mot Eggesbønes.
Det er mitt bidrag i
 

mandag 25. februar 2013

Ein stor dag

Det vesle barnebarnet vårt vart 
døypt i går.
Farfaren meinar dette diktet av
Helge Stangnes
passar godt å lese i den samanheng.
Forfattaren kjem frå den
nordlege delen av landet,
frå same landsdel som mor
til dåpsbarnet kjem i frå.

Frø i vind

Som kvite dun mot haustblå fjell
flyg frø i vind.
Vårherre veit korhen dem fell
og feste finn.

Som frø i vind flyg kverdags-ord
ifrå mi stø.
Vårherre veit om her fins jord
førr mine frø.

Dåpskaka.

Ljoset er ei gåve frå Ulstein kyrkjelyd.
Kransekake høyre til ved
store anledningar. 

Foreldra og storesystrene hadde laga
 " bordkort " med form som små sko.
Bordet var òg pynta med
nydelege blomsterdekorasjonar
og artige detaljar.

Ein fin dag har fått sin plass i
livets minnebok.

Eg ynskjer deg ei god veke
med fine dagar.

Anne-Mari




 

lørdag 23. februar 2013

Ljospunkt


" Klag ikke under stjernene
over mangel på
lyse punkter
i ditt liv "

Henrik Wergeland



Eg ynskjer deg ein fin kveld og ein
 strålande søndag !

Anne-Mari


torsdag 21. februar 2013

Himmelsk # 125




 Hornindalsvatnet

er ein innsjø i Eid og Hornindal kommunar i 
Sogn og Fjordane.
Med sin maksimale djupne på 514 m
er den Europas djupaste innsjø.
Vakker både sommar og vinter.

 
Du kan sjå fleire himmelske bilde
 HER

 


onsdag 20. februar 2013

Bjørnekam eller Sisselrot ?



Eg var i utgangspunktet på jakt i arkivet mitt etter
bilde av grøne eller svarte blomster for å 
kunne delta i konkurransen til

  Eg fann dette bildet, men
forstår at dette er ei bladplante
utan blomster... og det blir ikkje godteke i
konkurransen.

Derfor brukar eg bildet til eit 
" lengt til sommar "
innlegg

Eg veit ikkje sikkert kva planta til høgre heiter,
men at det er ei plante i Bregne-familien, 
Me kallar den Bjørnekam 
eller Sisselrot.
Kanskje nokon veit det rette namnet ?

Det gamle Kvennahuset er godt vedlikeholdt.
 Det var i slike dei mol kornet sitt
i gamle dagar.

Bekken kom sildrande så lystig,
ikkje fossande, men den
ga meg minner
om denne songen 
 me song då
eg var lita.
Den er skrive av
 Anders Vassbotn:

Du vesle bekk
som fossar kjekk
igjennom li og lund,
kvi hasta så ?
Nei, stogga nå
og leik med meg 
ei stund.

Eg har kje tid,
sa bekken blid 
og lett i bakken 
sprang.
Eg mykje må
få gjort endå,
og vegen min 
er lang.

Til dalen glad
eg må avstad
og setja hjul i gang.
Dei blomar små
eg vatna må 
til trivnad dagen 
lang.

Og lamma små-
dei skundar på 
og lengtar etter meg.
Eg snøgt må gå
og hasta på,
så dei kan leska 
seg.

Min ven, far vel !
Ver heil og sæl.
Eg går til verket glad.
Min veg er lang,
i lette sprang
eg skunda må 
avstad.

På skituren i går såg eg at alle 
elvar og bekkar var dekte med is.
Men eg høyrde lyden
av vatnet som gjer jobben sin
under isen.

Eg ynskjer deg ein fin onsdag. 

Anne-Mari

mandag 18. februar 2013

X - faktor Gul


utfordrar oss til å sjå etter bilde av blomster i arkivet
og sende inn til 
X-faktor blomsterutgaven 2013
 Dei fire første rundene er omme,
Rosa, Kvite, Raud/Oransje og Blå.
I denne runda er det 
Gule blomster
som er tema.

Peer Gynt

Denn rosa var ny for oss i fjor.
Den er så nydeleg,
ja nesten som eit under.
 Med si skjønnheit kan den godt bere same namn 
som utmerkinga 
Peer Gynt-statuetten 
som blir delt ut til personar og institusjonar
som har markert seg på ein positiv måte på det 
samfunnsnyttige plan,
og som har gjort Noreg kjent i utlandet.
Prisen er oppattkalla etter hovudpersonen i 
Henrik Ibsens dramatiske dikt
Peer Gynt frå 1867
 I 2012 fekk Marit Bjørgen og
Jens Stoltenberg prisen.

Du kan sjå fleire 
Gule bidrag


lørdag 16. februar 2013

Babyklokkestreng

Nynorskordboka:
Klokkestreng er
- streng til å dra i for å få ei klokke til å ringje..
- hange i klokkestrengen passe tida, ha det travelt...

- brodert tyremse som minner om klokkestreng, brukt til pynt på veggen.



Eg har brodert klokkestreng til veslejenta.
Må innrømme at
det var ikkje snargjort...
Både syn og finmotorikk er svekka...
Bittesmå sting, mykje teljing og oppatt-aking.
Og her er resultatet.

 Er den ikkje fin ?

Eg har brodert 18 slike klokkestrengar..
Tidlegare har eg laga til 
dei yngste tanteborna og mange av
 grandtanteborna når dei skulle døypast.
Det måtte eg slutte med då
helsa bestemte noko anna.
Dei to siste er det borneborna
som har fått.

Takk til alle som ser innom bloggen min.
Teljeapparatet viser ufattelege
 førtiein tusen besøk. 
Eg kjenner meg stolt og audmjuk.

Ynskjer deg ei strålande helg !

Helsing Anne-Mari

 

fredag 15. februar 2013

X - faktor Blå



utfordrar oss til å finne bilde av blomster i arkivet vårt
og sende inn til 
X-faktor blomsterutgaven 2013
 Dei tre første rundene er omme,
Rosa, Kvite og Raud/Oransje.
I denne runda er det 
Blå blomster
ho spør etter.
 
Kinasøte
(Gentiana sino-ornata)
sino-ornata betyr "kinesisk vakker" 
Med sine koboltblå klokker som vender mot himmelen er 
Kinasøte ei plante som blir lagt merke til. 
Den blomstar i tette teppe frå september til november.
Kinasøte er ein av favorittane mine 
i hagen 
 
Sjå fleire fine Blå blomster
 
HER 
 
 
 

torsdag 14. februar 2013

X-faktor - Raud og Oransje


utfordrar oss til å finne bilde av blomster i arkivet vårt.
og sende inn til 
X-faktor blomsterutgaven 2013
 Dei to første rundene er omme,
Rosa og Kvite.
I denne runda er det blomster i Raud og Oransje
ho spør etter.

 Eldkvede
(Chaenomeles japonica)

Når dei nakne greiene på eldkveda sprett ut i blomst,
veit du at våren er undervegs ♥   

Sjå alle fine bidraga
HER  

 

onsdag 13. februar 2013

Benny Motzfeldt

Benny Anette Berg Motzfeldt
1909 - 1995
har sett sitt merke på den fine skåla me 
fekk i bryllaupsgåve.

Den er ca 14 cm i tverrmål.

Kanskje ser du merket
BM-70
(same året som me fekk den).

I ettertid skjøna eg at 
skåla er verdifull,
kunstnarleg, 
men i tillegg gleda av å
 ha fått den av kullingar
frå sjukepleieskulen i Molde.

Eg har lese om Benny Motzfeldt på
internett.
Store Norske Leksikon har dette å seie:
Hennar mangfoldige og frodige glaskunst innleia i 
slutten av 1960 åra ei ny æra i norsk glashistorie.
Ho var den første i Noreg til å bruke glas som medium
for fri kunstnerisk utfalding.
I heile si karriere var ho nysgjerrig og leiken i 
sitt søk etter nye uttrykk i glaset,
og ho sprengde dei faste normene 
glasframstillinga tradisjonelt hadde i Noreg
 Ho starta glaskunstnarkarriera i 1955 på
Christiania Glassmagasin.
Ho teikna og designa glasgjenstandar som
vart laga på Hadeland Glassverk.
Den første suksessen hadde ho med
Isfuglar i 1960. 

I 1967 starta ho på Randsfjord Glassverk
Der samarbeidde ho tett med glasblåsarane i hytta.
Ho var til stades og styrte prosessen.
Teikna gjerne forma direkte med kritt på hyttegolvet
eller klipte den ut i papir.
På få år skapte Motzfeldt Randsfjord Glassverk
om til det leiande glasverket innan kunstglas i Noreg.

I 1970 starta ho som kunstnarisk leiar
ved Glasshytta i Gamlebyen i Fredrikstad.
Her bygde ho vidare på kunnskapane sine frå
Randsfjord Glassverk.
Nye teknikkar og ny dekor vart utprøvt.
Her jobba ho til  ho døydde 86 år gamal.
 Noko av det ho har laga. 
Osteklokka er ettertrakta og vanskeleg å få tak i. 
Den vart produsert frå 1955 til 1960.
(Bilda er henta frå internett).

Benny Motzfeldt fekk fleire prisar:
 Souvenirprisen (1964) for serien Isfugler
    Jacobprisen (1969)[4]
    Oslo bys kunstnerpris (1979)
    St. Olavs Orden, ridder av 1. klasse (1985)
    Prins Eugen-medaljen (Sverige, 1985)
    Anders Jahres kulturpris sammen med Halldis Moren Vesaas 1992
Takk for at du tok deg tid til å lese historia om
Benny Motzfeldt.
 Kanskje har du ei skål, ein vase, ein fugl eller noko anna med
merket BM ?
Kanskje har du osteklokka ??
Ynskjer deg ein fin onsdagskveld.
Anne-Mari

 

mandag 11. februar 2013

Kvardag

Ei ny veke med kvardagar er i gong.
Måndagstreningsøkta er unnagjort.
No har eg resten av dagen
 til å gjere andre
kjekke ting.
Helga var
vellukka.


Takk og takk ♥
Takk og takk ♥ 

Mmm....
 
 Mmm...
Oppskrifta på vafler er frå mormor Inger.
Du finn den 
HER 


Eg ynskjer alle ei god ny veke !

Anne-Mari

fredag 8. februar 2013

Hyasint

eller Svibel 
Hyacinthus orientalis
 
Denne sviblen står på hytta,
åleine, heile vekene.
Eg skreiv om den 
13-dag-jul
Sidan har den fått nokre dropar vatn nesten
kvar helg i januar.
Forrige helg viste den framleis si prakt.
Og no med ny høg blomsterstilk,

og i tillegg
ny blomstring rett ut frå løken.

Eg har aldri sett maken.
Det tyder på at sviblar treng lite stell..

Men det er ikkje berre sviblar som 
greier seg sjøl.
Klikk på 
Ginsengplanta 
Hugsar du  ?
Den eg kjøpte til jula 2011 ?
Du ser den på øvste bildet, over eit år gamal...

 Eg vil ynskje dei nye fylgjarane hjarteleg velkomne.
Og takke alle som stikk innom,
og takke for alt det fine dokke skriv :)
Eg blir både rørt og glad.

Vonar alle får ei strålande helg !
Helsing  Anne-Mari



torsdag 7. februar 2013

Lysbrett

Sjå innom den flotte bloggen
til Maia

Ho har 
(Månedens utfordring: Lysbrett)

Eg tek utfordringa og viser mitt
brett.
 Fatet fann eg på loppemarknad,
vasen og lysestaken er fattigmannsølv.
Men skåla er spesiell.
Den er bryllaupsgåve frå kullingar
då me gifta oss i 1970.
Skåla har Benny Motzfeldt sitt namnetrekk.
(trur eg vil lage eit eige innlegg om kunstnaren 
Benny Motzfeldt seinare) 

Sjå fleire lysbrett
HER

Framleis god veke til deg som er
innom !

Anne-Mari 



 

onsdag 6. februar 2013

" Ostepanne "

Ein rett som
 er enkel å lage og smakar godt.
I vår familie har me laga "ostepanne" i mange tiår.
Fort gjort å lage når me får besøk.
Men, oftast til oss sjølve som kveldsmat.
Eller som middagserstatning ein dag det er travelt, då
har eg i meir grønsaker og  evt restar av poteter.
Små og store likar det.
Viss eg spør borneborna om kva
me skal lage får eg gjerne "ostepanne" som svar. 

Denne kvelden var me mange så her er tilfong til ein stor porsjon.

Til 3-4 porsjonar må du ha
4 egg tilsett 1/2 ts salt og 4 ss vatn eller mjølk
250 gr reven ost
1 boks bogskinke, eller anna skinke, pølse ...
2-3 ss snitta purreløk
2 ss smør til steiking

Visp egg, salt, vatn lett saman.
Når smøret i panna er gyllent har du eggeblandinga i
panna og strør osten, skinka og purren over.
Legg lokk på panna og la det stå i 
5-6 min over svak varme.
 
 Eg gløymde å ta bilde ved servering så
dette er restane til frukost neste morgen 
(den er meir "fluffy" når den er nylaga).


Eg vonar du har ein fin dag der ute :)

Her er litt snø, og eg gler meg over at sola er koma så høgt at eg 
får den inn i stova.

Slik var utsikta mi klokka ti.

Anne-Mari  

mandag 4. februar 2013

Kald årstid

er utfordringa frå Helene
til   
Mandagstema # 74


Ei viktig oppgåve,
vinter som sommar :)


Sjå fleire bidrag 



Eg ynskjer deg ei god ny veke !

Anne-Mari 

søndag 3. februar 2013

" Vann til elefantene "


Ei fengande bok som var vanskeleg å legge frå seg.
" Vann til elefantene " er ei spennande historie med
livet i eit sirkus som bakteppe.
23 år gamle Jacob Jankowski er klar for eksamen i veterinærstudia
då foreldra brått døyr i ei ulykke.
Pengelens i USA si depresjonstid kjem han tilfeldig
inn i Benzini-brødrene sitt berykta sirkus.
Ei ny verd opnar seg for han.
Ei verd der den festlege fasaden skjuler
fattigdom, nød og ulykke.
Ei verd der Jacob får møte Marlena, ei av stjernene som
han blir forelska i, og Rosie, ein elefant som ikkje 
let seg trene.
 Kjærleikshistoria er grei nok,
men skildringa av
sirkuset, personane og dyra er
fantastisk.
Både forfattar og omsettar har gjort eit
framifrå arbeid med å finne ut
av livet i sirkus på 1920-30 talet.

 
Eg ynskjer deg ein god søndag !

Anne-Mari