onsdag 13. februar 2013

Benny Motzfeldt

Benny Anette Berg Motzfeldt
1909 - 1995
har sett sitt merke på den fine skåla me 
fekk i bryllaupsgåve.

Den er ca 14 cm i tverrmål.

Kanskje ser du merket
BM-70
(same året som me fekk den).

I ettertid skjøna eg at 
skåla er verdifull,
kunstnarleg, 
men i tillegg gleda av å
 ha fått den av kullingar
frå sjukepleieskulen i Molde.

Eg har lese om Benny Motzfeldt på
internett.
Store Norske Leksikon har dette å seie:
Hennar mangfoldige og frodige glaskunst innleia i 
slutten av 1960 åra ei ny æra i norsk glashistorie.
Ho var den første i Noreg til å bruke glas som medium
for fri kunstnerisk utfalding.
I heile si karriere var ho nysgjerrig og leiken i 
sitt søk etter nye uttrykk i glaset,
og ho sprengde dei faste normene 
glasframstillinga tradisjonelt hadde i Noreg
 Ho starta glaskunstnarkarriera i 1955 på
Christiania Glassmagasin.
Ho teikna og designa glasgjenstandar som
vart laga på Hadeland Glassverk.
Den første suksessen hadde ho med
Isfuglar i 1960. 

I 1967 starta ho på Randsfjord Glassverk
Der samarbeidde ho tett med glasblåsarane i hytta.
Ho var til stades og styrte prosessen.
Teikna gjerne forma direkte med kritt på hyttegolvet
eller klipte den ut i papir.
På få år skapte Motzfeldt Randsfjord Glassverk
om til det leiande glasverket innan kunstglas i Noreg.

I 1970 starta ho som kunstnarisk leiar
ved Glasshytta i Gamlebyen i Fredrikstad.
Her bygde ho vidare på kunnskapane sine frå
Randsfjord Glassverk.
Nye teknikkar og ny dekor vart utprøvt.
Her jobba ho til  ho døydde 86 år gamal.
 Noko av det ho har laga. 
Osteklokka er ettertrakta og vanskeleg å få tak i. 
Den vart produsert frå 1955 til 1960.
(Bilda er henta frå internett).

Benny Motzfeldt fekk fleire prisar:
 Souvenirprisen (1964) for serien Isfugler
    Jacobprisen (1969)[4]
    Oslo bys kunstnerpris (1979)
    St. Olavs Orden, ridder av 1. klasse (1985)
    Prins Eugen-medaljen (Sverige, 1985)
    Anders Jahres kulturpris sammen med Halldis Moren Vesaas 1992
Takk for at du tok deg tid til å lese historia om
Benny Motzfeldt.
 Kanskje har du ei skål, ein vase, ein fugl eller noko anna med
merket BM ?
Kanskje har du osteklokka ??
Ynskjer deg ein fin onsdagskveld.
Anne-Mari

 

8 kommentarer:

  1. Å så artig å se at du har ting lagd av henne! Husker godt at hennes produkter var populære her, men den gang var man ikke så interessert i sånne ting... Jeg har en vase som jeg tror er lagd av henne, den ble kjøpt som feilvare på Glasshytta. Skjeiv i halsen. Men den er ikke signert, så da er jeg ikke sikker. Måtte finne den fram nå - den sto laaaangt inne i et skap!
    Ha en fin onsdagskveld og klem fra Inger :)

    SvarSlett
  2. Hei!
    Har ein av dei blå fuglane :)
    Kanskje du kunne fortelje litt om dei blå maleria dine også?
    Skulle så gjerne hatt eit bilete av E.M. Flø.... Eitt blått eitt ! ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei anonym.
      Kor heldig du er som har ein av dei fine fuglane. Eg kunne godt tenkt meg ein slik.
      Me har mange maleri av den kunstnaren ja, har ikkje skrive om så mange i bloggen.
      Eg likar òg godt dei med den nydelege blåfargen.
      Ta kontakt med meg på e-post så kan eg formidle kontakt. amo.kaldhol@tussa.com

      Slett
  3. Kjempefin skål! Artig å lese om kunstneren bak "skatten".

    Ha en fin kveld!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  4. For ein kunstnar! Nydeleg skål! Det er ikkje alltid ein veit om alle sine verdifulle ting, men du veit no å sette pris på den fin gåva;) Så koseleg minne;)

    SvarSlett
  5. Den skåla må du passe godt på...verdifull og fin som den er.
    Ei flink kunstnardame som har lage mykje fint ditta.
    Koselig minne både frå bryllaupet og få studieveninene.
    Den raude blomen som eg viste heiter Daglilje på norsk.
    Visst du vil skal du få deg ei rot av den. Den eksploderte i vekst når eg flytta å delte den. Så berre på ein sesong vart det store mengde.
    Ha ei god natt, klem frå MarJE.

    SvarSlett
  6. Så nydelig skål og så fin blåfarge den har, hun kunne faget sitt der er det ingen tvil.
    God torsdag fra Marit.

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)