Ganske nær huset står ei gamal furu.
Den er slett ikkje fin, men den er
støttekontakt til ei
praktfull klatrehortensia.
Eg trur furua må vere snart 10 meter høg.
Hortensiaen kryp oppetter
år for år, veks ut over furugreinene
og nærmar seg toppen.
Sommar med
eit vell av blomster,
og dei er nydelege.
No har hausten sett sitt preg.
På bildet til Stig Hole viser
klatrehortensiaen på furua midt i bildet.
Stor gamal ask til venstre.
Furua får nok stå nokre år til
om ikkje stormane tek den og velte
den over huset...
Eg er iallfall glad for at klatrehortensiaen
er på den,
og ikkje inntil husveggen.
For då hadde den vel kome inn i huset.
Du kan sjå fleire bidrag om
Ynskjer deg ein fin fredag !
Anne-Mari