Viser innlegg med etiketten Bunad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bunad. Vis alle innlegg

fredag 18. mai 2018

Bunad


Har fått spørsmål om kva bunad eg har.
Eg har ikkje nyare bilde enn frå konfirmasjonen til Celina Marie
i september 2017.
Konfirmanten og farmor har lik bunad.
Her i lag med farfar og
oldemor Judith.
Det er forresten Judith som har brodert 
bunaden min.

Sunnmørsbunad kalla me den, men den heiter eigentleg
Ørskogbunad eller Märthabunad.

Sjå innlegget eg skreiv om dei
forskjellege sunnmørsbunadane
HER

Eldstesonen Andrè og svigerdotter Renathe
med eldstejenta si mellom seg.
Renathe har Lofotbunad.






lørdag 18. mai 2013

Bunaden


Bunaden som Celina Marie brukte 17 mai

er den mor mi Marie, altså oldemora, broderte og sydde sjølv
under krigen, då ho var i 18-19 års alderen.
Ho hadde hjelp til å spinne og veve ullstoffet,
og brukte plantefargar til farging av alt
garnet.
Mor mi kalla Sunnmørsbunaden for Märthabunaden,
 fordi Kronprinsesse Märha fekk ein slik i bryllaupsgåve i 1929.

Den gamle bunaden til mor mi er i bra stand.
Den er ikkje så lang som bunadane i dag difor er den er blitt 
brukt av born, borneborn og no oldeborn.


Detaljar

 Gullsmed Stamnæs i Ålesund laga den gamle sølja.
Eg har alltid høyrt at det er den som er den originale sølja som
høyrer til Sunnmørsbunaden.
I dag er det større søljer med lauv som blir brukt.

Bunaden min er frå 1981.
Tilfanget fekk eg av mor mi, og 
svigermor broderte den.
Eit plagg eg er glad i og kan bruke ved mange
ulike anledningar.

17 mai i år var ein varm og fin dag,
så det var ikkje nødvendig å ha bunad for å halde
varmen, men bunad 17 mai er tradisjon.

Det ser ut til at det blir ei varm og solrik pinsehelg.

Eg ynskjer alle mine lesarar ei 
God pinse !

Helsing Anne-Mari