Viser innlegg med etiketten Primstav. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Primstav. Vis alle innlegg

søndag 24. februar 2019

Primstaven og vårblomane

I Sanna si utfordring i veke 9
er ordet Vis,
(way, wise)
Då tenkje eg å vise blomane i hagen
akkurat no,
og at primstaven kanskje kan forklare
den varme lufta som påvirkar blomane.. 

Eg har skrive om Primstaven fleire gongar her i bloggen.
(du kan søke i feltet til høgre om du
er interessert)
Svigerfar Hans har laga to Primstavar til oss,
 ein til hytta og ein heime.




22. februar - Persok
St Peter kasta denne dagen ein varm stein på isen
slik at den skulle begynne å tine og vinteren skulle sleppe taket.
Merket på primstaven er ein stein.

Kanskje det er varmen frå steinen 
til St Peter
som får vårblomstrane i hagen til å opne seg
i desse dagar :)
way, wise





Det må også seiast at temperaturen har vore 
opp i mot 15 grader siste veka...
Ikkje rart både blomster og mennesker 
får vårfornemmelsar.






lørdag 14. oktober 2017

Flyttedag

I dag fann eg fram eit innlegg frå 2015
og publisera på nytt.

Eg snur Primstaven til 
vintersida i dag
14. oktober.
Symbolet er ein vott.

Primstaven laga svigerfar
til me flytta inn i hytta.

Denne dagen blir kalla 
Vinterdagen fordi den markera starten på
vinterhalvåret.

14. oktober var flyttedag om hausten,
ei ordning som var praktisert fram til første verdskrig.
Den andre flyttedagen var om våren 14. april.
Utanom desse dagane var det ikkje lov for hushjelper og
gardsarbeidarar å flytte, eller skaffe seg nytt arbeid.

Som veret er vinterdag skal vinteren bli....

Godt ver i dag skal gi fin vinter, og snøen kjem seint.
Kaldt ver i dag er teikn på at det blir mykje snø.

Grønskjær på himmelen er teikn på at det snart blir frost.

Då eg sto opp i dag var det 5 grader ute, 
regn, men gløtt av sol.
Godt å vere inne 
med fyr i omnen.

Så får tida vise korleis vinteren blir :)

Ynskjer deg ein fin vinterdag !





mandag 21. mars 2016

Vårjevndøgn


kjem rundt 21. mars,
det døgnet då
natt og dag er like lange
over alt på jorda.
Den dagen blir ofte kalla
starten på våren.
Me lærte på skulen at 1. påskedag er:
 Første søndag
etter første fullmåne etter 
vårjevndøgn.
På primstaven er symbolet for dagen
 hakking i åkeren for å få snøen til å smelte,
påminning om at våronna nærma seg. 
Vintersida på primstaven er 
snart til ende.

Vårteikn er det vel
fleire av, men eg nemner to av dei:
Me bur attmed sjøen og 
både ser og høyre
 Tjelden 
med sin karaktereristiske og høgmælte låt.
Bilde lånt frå nettet
Banett.no


Krokusen kjempar seg fram mellom
greinene til den kraftige
klatrehortensiaen.

MacroMontag





tirsdag 2. februar 2016

Kyndelsmesse


 På primstaven frå svigerfar Hans er
 Kyndelsmesse
 markert med ein trekvist


Kyndelsmesse 2. februar var ein viktig merkedag i
katolsk og etterreformatisk tid.
Feira til minne om framstillinga av Jesusbarnet i tempelet i Jerusalem.
Framstillinga var ein jødisk tradisjon som vart utført
 førti dagar etter fødselen for gutar
og åtti dagar for jenter.

 Dette tilsvara den renselsesperioda
Maria måtte gjennom etter fødselen.
Hm, kva er forskjel på gut og jente i denne samanheng ?

I Noreg var Kyndelsmesse ein viktig festdag, og ein åt gjerne julemat.
Dagen vart avskaffa som heilagdag frå 1771.

På denne tida kunne det vere hardt ver, kalla
Kyndelsmess-rykkjen (knuten).
Her kjem truleg samanblandinga med Knut på
Tjuandedag jul 13. januar.
Det var ulik tolkning rundt om i landet,
og på Sunnmøre sa dei at det var slutten på julehøgtida.
" Kjøndelsmess-Knut jaga jula ut "
er eit uttrykk eg hugsar frå min barndom.

Ein kan finne mykje å lese om
Kyndelsmesse på internett.

Her er litt om dagane som kjem:

3. februar Blåsmesse, opprinneleg St. Blasius messe.
Markert med ein bøygd kvist.
Viss det bles hardt den dagen ville det bli vindfullt resten av året.
Sjøfolk og fiskarar måtte ikkje nemne dagen med namn.

5. februar Ågotmesse til minne om Sta. Agatha som
leid martyrdøden i år 251.
Unge jenter må ikkje børste håret denne dagen.
Markert med ei mus, også kalla "musedagen"
fordi ho skal ha bedd Gud om hjelp mot ein museinvasjon
og vart bønnhøyrd.

6. februar Dortemesse etter Dorothea frå Cæsarea
leid martyrdøden i år 304
Ho er hagedyrkarane sin skytshelgen.
På denne tida tok sjøfisket til.
Markert med ein kross på primstaven.

Det er lite å sjå av spirar i hagen no
så eg viser bilde av ein
Primula
som står i stova.

I dag vakna me til klar himmel og 2 grader
etter ein gårsdag der
det storma og regnet hølja ned og fjerna
mykje av snøen som kom i helga.

Ynskjer deg ein fin dag !



onsdag 13. januar 2016

Tjuande dag jul


På primstaven som svigerfar Hans har laga
kan me fylgje med dei gamle
teikna for korleis dei 
delte inn året i 
gamal tid.
Den har ei vinterside og ei sommarside.

Dette er vintersida av primstaven
som går frå 14. oktober til
25. mars

Symbolet på primstaven viser at i dag 13. januar
er det midtvinter-
20. dag jul.
Symbolet har eg markert med ein svart firkant rundt.

På internett fann eg denne omtalen:
" Denne datoen markerte slutten på julefeiringen. 
Da feide man julen ut av huset med sopelime. 
Man begynte inne i stuen og endte ved døren.
 Det var også lov å gjenta dette hos naboene hvis de var for trege med å få julen ut av huset. 
Det hele ble avsluttet med at man festet og danset hele natten.
I dag pleier folk å ta vekk julepynten og få ut juletreet hvis de ikke allerede har gjort det. Vanligvis er det ikke så mange nåler igjen på treet heller etter tyve juledager "

 I Aschehoug og Gyldendals Store norske leksikon står det:
" Tjuendedagen, 13 januar, er etter norsk folkeleg tradisjon
den siste dag i jula.
" Tjugandedags-Knut jagar jula ut "
Enkelte heldt Tjuandedagen for å vere Gamle Nyttårsdag,
i samsvar med at Trettandedagen var 
Gamle Juledag "

Jammen bra at julepynten vår var tidleg vekkrydda. 
Tenk om naboane hadde komt med sopelimen ;)


Håpe dei ikkje kjem og kastar ut 
siste restane av Amaryllisen.
Eg ynskjer deg ein fin
20. dag jul !



onsdag 6. januar 2016

Trettande dag jul

merka på primstaven med
tre kross.



" Hellige tre kongers dag
ein kirkelig festdag som feires 6. januar
 Dagen skal minne om 
mennene fra Østerland som kom til Betlehem. 
I bibelen kalles de kun for de “vise”.


Gamle juledag 
Mange steder ble dagen kalt Gamle juledag og ble feiret som den virkelige juledagen. 
Man spiste julemat og hadde trearmede lysestaker på bordet (helligtrekongers lys).
 Man drakk også en skål for et godt år.
På kvelden måtte folk holde seg i hus – da begynte nemlig Åsgårsreia sitt tilbaketog.
 Det man drømte denne natten ville skje i virkeligheten.
Trettendedagen var også en viktig merkedag for været.
 Dersom det var fint og klart vær på trettendedagen 
ga det et godt og grøderikt år sa man.
 Været denne dagen ville vare i 13 dager.
 Nå begynte også den kaldeste delen av vinteren.
Dagen ble også av noen kalt Avfaredag.
 Det var fordi juleturingen nå var over og alle gjester skulle reise hjem.
 Noen brukte også tyvendejuledag til reisedag.
Primstavens tegn for denne dagen er en klokke, tre kors, tre kroner eller tre menn "

Med denne tulipanbuketten ynskjer eg deg
ein fin trettande dag jul.





tirsdag 14. april 2015

Sommardag på Primstaven

I dag 14 april er symbolet på
Primstaven 
eit lauvtre som skal symbolisere
første sommardagen.
Inngangen på sommarhalvåret.

Primstaven var brukt som ei almanakk,
den er evigvarande,
 har ein strek for kvar dag uavhengig av 
om det er kvardag eller helgedag.
Heilagdagar- og enkelte natur- og landbruksmerkedagar
er markerte med symbol.


Svigerfar har laga primstaven. 
Den er i tre, og har to sider,
 ei vinterside som gjeld frå 14. oktober til 13. april.
Og ei sommarside frå 14. april til 13. oktober.

Sommardagen var
I mange bygder i Sør-Noreg rekna som
halvhelg. Nokre stadar var det arbeidsforbod den dagen.
Det var faredag eller flyttedag for tenestefolk på
Sommardag.
14. oktober var neste flyttedag.
Eg har snakka med folk som hugsa dette,
og dei synest det var ei grei ordning.
Då fekk dei skifte arbeidsgjevar.

Det er eindel spådomar når det gjeld veret.
Er det frost den dagen vil det bli uår.
Snøar det, vil det bli 9 snødagar til før
sommaren kjem.
Og er det varmt på Sommardagen vil det
bli ein varm sommar.


Her hos oss har det vore vekslande regnbyger og
solgløtt i dag, så eg vel å tru at
det skal bli ein fin
sommar :)

Naturen arbeidar med sitt og
viser fram fine veksta.

Plommetreet som seinare vil få
knøttsmå frukt.

Kvitveisa 
som dukka litt unna regnet i dag.


Eg har skrive om Sommardagen før:
2012, 2013 og 2014

Godt sommarhalvår !!



tirsdag 14. oktober 2014

Vinterdag

14 okober er første dag i vinterhalvåret,
etter primstaven som er ein gamal kalendar der
dagane er markert med eit hakk i ein trestav.
Primstaven har to sider og 14. oktober
skal ein snu staven frå sommarsida
som starta 14. april.

Svigerfar Hans har laga to primstavar til oss,
ein på hytta, og ein heime.

Merket på primstaven er ein vott,
nokre meinar det er ein pavehanske.
Andre merke som kan bli brukt er ei pavehue
eller eit nake lauvtre.


Som veret er vinterdag skal vinteren bli....

Godt ver i dag skal gi fin vinter, og snøen kjem seint.
Kaldt ver i dag er teikn på at det blir mykje snø.
Grønskjær på himmelen er teikn på at det snart blir frost.

Før i tida var det normalt at vinterdagen var flyttedag
for tenestefolk.
14. oktober og 14. april var einaste dagane det var lov
til å skifte arbeidsplass.
Dette var vanleg til midten av 1900 talet.


Det er grunn til å ta seg ein tur ut i det fri i dag.
Om du trur på gamle segn, får du ein peikepinn på kor 
dei neste månadane vil bli,

Det skal blir herleg med snø og skiføre,
men ikkje slett enno....

Ha ein fin vinterdag !

Anne-Mari



mandag 14. april 2014

Primstaven - Sommardag


Primstaven var brukt som ei almanakk, 
den er evigvarande,
 har ein strek for kvar dag uavhengig av 
om det er kvardag eller helgedag.
Heilagdagar- og enkelte natur- og landbruksmerkedagar
er markerte med symbol.

Svigerfar har laga primstaven. 
Den er i tre, og har to sider,
 ei vinterside som gjeld frå 14. oktober til 13. april.
Og ei sommarside frå 14. april til 13. oktober.


Denne er pynta med årstalet me flytte inn i hytta vår, Roa.

14. april er Sommardagen som er markert med eit lauvtre.
I mange bygder i Sør-Noreg  var den rekna som
halvhelg. Nokre stadar var det arbeidsforbod den dagen.
Det var faredag eller flyttedag for tenestefolk på
Sommardag.
14. oktober var neste flyttedag.
Det er eindel spådomar når det gjeld veret.
Er det frost den dagen vil det bli uår.
Snøar det, vil det bli 9 snødagar til før
sommaren kjem.
Og er det varmt på Sommardagen vil det
bli ein varm sommar.

Som de ser på bilda over var veret her på Harpefossen
regn og sludd  i går då eg skreiv innlegget.
I dag var det snø når eg vakna.


Tida får vise, om det blir som spådomen seier.

Om du vil kan du lese Sommardag-innlegget
mitt frå i fjor:
Her


God påske til deg og dine !

Helsing Anne-Mari




mandag 3. februar 2014

Meir frå primstaven

Eg har vist fram og skrive om merketeikn frå 
primstaven fleire gongar.
Det er svigerfar Hans som har laga primstaven.

Dette er vintersida på primstaven.

I går skreiv eg eit innlegg om Kyndelsmesse 2. februar.

I dag vil eg vise nokre fleire merketeikn
(dei er ringa inn på bildet).


3. februar Blåsmesse, opprinneleg St. Blasius messe.
Markert med ein bøygd kvist.
Viss det bles hardt den dagen ville det bli vindfullt resten av året.
Sjøfolk og fiskarar måtte ikkje nemne dagen med namn.


5. februar Ågotmesse til minne om Sta. Agatha som
leid martyrdøden i år 251.
Unge jenter må ikkje børste håret denne dagen.
Markert med ei mus, også kalla "musedagen"
fordi ho skal ha bedd Gud om hjelp mot ein museinvasjon
og vart bønnhøyrd.


6. februar Dortemesse etter Dorothea frå Cæsarea
leid martyrdøden i år 304
Ho er hagedyrkarane sin skytshelgen.
På denne tida tok sjøfisket til.
Markert med ein kross på primstaven.

Det er faktisk litt spirar i hagen no.
Så det er tatt omsyn til hagedyrkarane ;)

Dette var siste historietime på ei stund.
Takk til alle som hadde innspel om 
Kyndelsmesse.

Minner med det same om :


Du er velkomen til å 
delta !

Ynskjer deg ein fin Blåsemesse-dag !

Anne-Mari




søndag 2. februar 2014

Kyndelsmesse 2. februar

Kyndelsmesse 2. februar var ein viktig merkedag i
katolsk og etterreformatisk tid.
Feira til minne om framstillinga av Jesusbarnet i tempelet i Jerusalem.
Framstillinga var ein jødisk tradisjon som vart utført
 førti dagar etter fødselen for gutar
og åtti dagar for jenter.

 Dette tilsvara den renselsesperioda
Maria måtte gjennom etter fødselen.
Hm, kva er forskjel på gut og jente i denne samanheng ?

I Noreg var Kyndelsmesse ein viktig festdag, og ein åt gjerne julemat.
Dagen vart avskaffa som heilagdag frå 1771.

På primstaven frå svigerfar Hans
er den markert med ein trekvist


På denne tida kunne det vere hardt ver,
Kyndelsmess-rykkjen (knuten).
Her kjem truleg samanblandinga med Knut på
Tjuandedag jul 13. januar.
Det var ulik tolkning rundt om i landet,
og på Sunnmøre sa dei at det var slutten på julehøgtida.
" Kjøndelsmess-Knut jaga jula ut "
er eit uttrykk eg hugsar frå min barndom.

Det er mykje spennande å lese om
Kyndelsmesse på internett.
Dette er berre litt av det.

Her på våre kantar er det akkurat no
mykje vind, tildels storm,
og nedbøren som kjem er regn.
7-8 plussgrader.
Vinteren har ikkje teke tak enno.


Ynskjer deg ein fin februar !

Anne-Mari


mandag 13. januar 2014

13. januar - tjuande dag jul


Symbol på primstaven viser at i dag
er det midtvinter-
tjuande dag jul.


Symbolet er merka med svart firkant.


På internett fann eg denne omtalen:
" Denne datoen markerte slutten på julefeiringen. Da feide man julen ut av huset med sopelime. Man begynte inne i stuen og endte ved døren. Det var også lov å gjenta dette hos naboene hvis de var for trege med å få julen ut av huset. Det hele ble avsluttet med at man festet og danset hele natten.
I dag pleier folk å ta vekk julepynten og få ut juletreet denne dagen hvis de ikke allerede har gjort det. Vanligvis er det ikke så mange nåler igjen på treet heller etter tyve juledager "

 I Aschehoug og Gyldendals Store norske leksikon står det:
" Tjuendedagen, 13 januar, er etter norsk folkeleg tradisjon
den siste dag i jula.
" Tjugandedags-Knut jagar jula ut "
Enkelte heldt Tjuandedagen for å vere Gamle Nyttårsdag,
i samsvar med at Trettandedagen var 
Gamle Juledag "

Jammen bra at julepynten vår var tidleg vekkrydda. 
Tenk om naboane hadde komt med sopelimen ;)

Skal tru om dei hadde sopa vekk dei små
Maileg-nissane mine ?

Ynskjer deg ein fin tjuandedag jul !

Anne-Mari